Volda Sogelag

Volda Sogelag (frå 2004: Stiftinga Volda Sogelag) er eit sogelag i Volda kommuneSunnmøre. Sogelaget, som vart skipa i 1911, eig Volda bygdetun på Haueleite og Garvarbuda på Nedre Rotset. I 2003 inngjekk sogelaget ei avtale om drift av museet og blei frå 1. januar 2004 ei avdeling i Stiftinga Sunnmøre Museum.

Konsert på Volda bygdetun, som sogelaget eig.
Foto: Heidi Thöni Sletten (2007)

Historie

Laget vart etablert 3. september 1911 på kommunehuset i Volda ifølgje styreprotokollen. Fire saker var framme på møtet: vedtekter, val, kjøp av ei sengjabud frå Eide i Austefjorden og tomt for å sette opp denne på.

Fyrste leiaren i laget var Maurits Aarflot. I styret elles sat lærar S. M. Dahle, lærar J. Velsvik, skulestyrar Kaarstad og prost Barstad.

Hovudoppgåva for laget frå starten var med utgangspunkt i sengjabuda å etablere og bygge opp eit bygdetun for Volda. Dette er framleis den eine hovudoppgåva til sogelaget, ved sidan av å gje ut årsskriftet Voldaminne.

Etter ein periode med liten aktivitet vart sogelaget «nyskipa» i 1977. Haualeite vart opna som museum i 1978. Frå 1. januar 1979 kunne ein for første gong tilsette ein fagperson ved museet. Etter ei konsolidering av musea i Noreg vart Volda bygdetun ei avdeling av Stiftinga Sunnmøre Museum i 2004. Volda sogelag vart då Stiftinga Volda Sogelag, og er både eit tradisjonelt sogelag og eigar av Volda bygdetun og Garverimuseet. Styret har ansvar for begge deler.

I 2019 hadde sogelaget 230 medlemmer. Det har vore opp- og nedturar gjennom åra. Rundt år 2000 var medlemstalet over 400.

Leiarar

  • Maurits Aarflot 1911-1913
  • Olav Riste 1913-1946
  • Rasmus M. Aarflot 1946-1948
  • Sigurd Heltne 1958-1962
  • Rasmus R. Aarflot 1962-1976
  • Johannes Kvestad 1976-1979
  • Sverre Bjørdal 1979-1985
  • Eivind Indresøvde 1985-1991
  • Magne Reite 1991-1997
  • Norleif Bjørneset 1997-1999
  • Gunnar Andenes 1999-2001
  • Rasmus R. Aarflot 2001-2004
  • Helga Synnevåg Løvoll 2004-2006
  • Lars Barstad 2006-2016
  • Eivind Indresøvde 2016-2019

I perioden 1979-2000 hadde bygdetunet eige styre, og desse var leiarar:

  • Johannes Kvestad 1979-1980
  • Leiv Halkjelsvik 1980-1997
  • Thor Sivert Heggedal 1997-2000

Publikasjonar

  • Høidal, Eldar: Øyralandets fealslag og utviklingstrekk i landbruksnæringa i Volda 1800-1965, utg. 1988.
  • Voldaminne, 1917–

Kjelder

  • Kvestad, Johannes 1977: Volda Sogelag. Voldaminne s. 63-64.
  • Opplysningar frå sogelaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer