Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. mai 2009 kl. 06:40 av Halvard (samtale | bidrag) (kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Volda kommune
1519 Volda komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1519
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Volda
Areal 22.28  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 22.28  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform nynorsk
Nettside Nettside
Liste over ordførarar

Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Volda kommune grensar mot Ørsta, Vanylven og Hareid i Møre og Romsdal. I sør mot Hornindal og Eid kommune i Sogn og Fjordane.

Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Dei større bygdene er Austefjorden, Folkestad, Dravlaus, Lauvstad, Tåsen og Dalsbygda . Kommunen har fire kyrkje, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.

Europaveg 39 går gjennom kommunen, i sør frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, nordover på vestsida av fjorden til Folkestad, vidare med ferje til kommunesenteret Volda. så mot nordaust over til Ørsta kommune. Volda og Ørsta deler Ørsta/Volda lufthamn som ligg på Hovden.

Det skrevne ord

Kommunevåpnet til Volda har ein pennspiss som symbol og saman med nabokommunen Ørsta har området lange tradisjonar med språk og det skrevne ord. Ivar Aasen kom frå Ørsta. Lokalavisa Avisa Møre, er Noregs eldste lokalavis (1810). På Ekset, låg noregs første trykkeri på landsbygda, Aarflots prenteverk, som vart oppstarta i 1808. Eit museum i Aarflotgarden inneheld gamle maskiner frå prenteverket. Haugen bok er ein av dei største bokhandlarane i Noreg.

Kommunehistorikk

Volda vart etablert som Volda formannskapsdistrikt i 1837. 1. august 1883 vart vart kommunen delt og den austlegaste delen, Ørsta blei etablert som eigen kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 3 485 innbyggjarar, mens Ørsta hadde 2 070 innbyggjarar. 1. januar, året etter, vart garden Ytrestølen i Ørsta med 13 innbyggjarar ført tilbake til Volda.

1. juli 1924 vart Dalsfjord kommune skilt ut som eigen kommune, den hadde då 960 innbyggarar. Volda kommune hadde etter oppdelinga 4 715 innbyggjarar. Men 1. januar 1964 vart Dalsfjord kommune igjen ein del av Volda kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 6 056 innbyggjarar og Dalsfjord 1 151, slik at den nye Volda kommune total hadde eit innbyggjartal på 7 207.

Nokre personar frå Volda

Ekserne lenkjer