Volda lærarskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. feb. 2014 kl. 13:59 av Kallrustad (samtale | bidrag) (artikkelstart, byggjer på Arnfinn K.s artikkel om Skulestaden Volda)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Volda lærarskule vart grunnlagt i 1895 under namnet «Voldens Privatseminarium». Lærarskulen vart etablert av Aage Stabell og – først og fremst – Henrik Kaarstad. Den var altså privateigd, og gjekk inn i ein meir omfattande tradisjon av kristelege privatseminar, som frå kring 1890 vart oppretta som motvekt mot påverknad frå dei frilyndte, grundtvigianarane.

Frå 1908 vart Kaarstad eineeigar fram til staten tok over skulen i 1924. Namnet Volda lærarskule vart då teke i bruk. Kaarstad heldt fram som rektor til han døydde i 1927, og deretter tok Erling Kristvik over. Han sette djupe spor etter seg som reformpedagog, etter krigen som professor ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim. I 1923 var lærarskulen i Volda den største i Skandinavia med over 400 elevar.

Lærarskulane vart omgjort med ny lov om allmennlærarutdanning i 1973, og vart da «pedagogiske høgskular». Volda tok ikkje i bruk lærarhøgskulenamnet før i 1980, da Noregs lærarhøgskule gjekk inn i Universitetet i Trondheim. I 1994 vart Volda lærarhøgskule ein del av Høgskulen i Volda.

Lærarutdanninga har vore ein viktig del av Skulestaden Volda, ei nemning som blir brukt om tettstaden Volda som eit tyngdepunkt innan høgare utdanning utanom dei større byane i Noreg.

Personar med lærarutdanning frå Volda

Navn Eksamen Yrkeskarriere Samfunnsvirke



Kjelde

Vidare lesnad

  • Bergem, Peder (red.)Forkynning. Fellesskap. Forsking. Volda lærarskule 1895-1995, 1995.