Volda lærarskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Volda lærarskule vart grunnlagt i 1895 under namnet «Voldens Privatseminarium». Lærarskulen vart etablert av Aage Stabell og – først og fremst – Henrik Kaarstad. Den var altså privateigd, og gjekk inn i ein meir omfattande tradisjon av kristelege privatseminar, som frå kring 1890 vart oppretta som motvekt mot påverknad frå dei frilyndte, grundtvigianarane.

Frå 1908 vart Kaarstad eineeigar fram til staten tok over skulen i 1924. Namnet Volda lærarskule vart då teke i bruk. Kaarstad heldt fram som rektor til han døydde i 1927, og deretter tok Erling Kristvik over. Han sette djupe spor etter seg som reformpedagog, etter krigen som professor ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim. I 1923 var lærarskulen i Volda den største i Skandinavia med over 400 elevar.

Lærarskulane vart omgjort med ny lov om allmennlærarutdanning i 1973, og vart da «pedagogiske høgskular». Volda tok ikkje i bruk lærarhøgskulenamnet før i 1980, da Noregs lærarhøgskule gjekk inn i Universitetet i Trondheim. I 1994 vart Volda lærarhøgskule ein del av Høgskulen i Volda.

Lærarutdanninga har vore ein viktig del av Skulestaden Volda, ei nemning som blir brukt om tettstaden Volda som eit tyngdepunkt innan høgare utdanning utanom dei større byane i Noreg.

Tilsette

Personar med lærarutdanning frå Volda

Namn Eksamen Yrkeskarriere Samfunnsvirke
Lovise Heggen (1893-1975) 1914 Lærar i Arendal, heimbygda Valldalen og tre år i Narvik. I 1930 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo med hovudfag i norsk og sidefaga historie og engelsk og vart så lektor ved Volda lærarskule (til 1957). Ap-politikar i Volda, sterkt religiøs, m.a. medlem av Oxfordrørsla.
Peder Kjeldstadli (1879-1974) 1904 Etter ymse vikariat var han lærar ved Disserud skole i Feiring 1909-17, Bjørnsgård skole i Østre Toten 1917-22, lærar og klokkar ved Hoffsvangen skole/Hoff kirke Ø. Toten 1922-46. Tok initiativ til ungdomslags- og sparebank i Feiring, skolestyreformann i Østre Toten.
Amund Mork (1884-1964) 1908 Lærar ved framhaldsskulen i Oppstryn 1908, frå 1909 lærar i Erdal i Stryn. Aktiv ungdomslagsmann, mellom anna styremedlem i Firda ungdomslag. Skreiv Nordfjordsangen.
Ivar A. Røed (1900-1976) 1922 Lærar i Honningsvåg 1922, Rødbøl skole i Hedrum 1923-28. Nanset skole i same kommune 1928-?. Formann i Hedrum Lærerlag, sette i gang organisert utmelding av Norges Lærerlag. Komponist, kordirigent, organist, forfattar, kunstmålar.
Henrik Straumsheim (1893-1975) 1913 Lærar i Sykkylven (1914-15 og 1919-28), Drangedal (1915-16), Skodje (1916-17) og Møre Folkehøgskole (1928 og ut yrkeslivet, dei siste åra som rektor). Ungdomslagsleiar og lyrikar.
Elling K. Tjønneland (1881-1960) 1903 Lærar i Skjåk (Øygard og Gjeilo krinsar) frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. Fråhalds- og målmann, aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Antinazist under andre verdskrigen.
Anders Todal (1884-1963) 1912 Lærar ved framhaldsskulen i Lom 1912-13, Nordmøre Folkehøgskule 1913-20, framhaldsskulen i Sunndal 1920-22, overlærar ved Tromsø lærarskule 1923-25, overlærar ved lærarskulen i Nesna 1925-29, styrar på Nordmøre Folkehøgskule 1929-32, overlærar ved lærarskulen i Volda 1932-34. Lokalhistorikar, statsarkivar i Trondheim 1934-54
Ole Andreassen Aakre (1897-?) 1928 Lærar ved framhaldsskulen i Hovin i Telemark 1928-29 og ved framhaldsskulen i Spydeberg i Østfold 1929-30, Aukra folkehøgskule 1930, lærar og kyrkjesongar i Hyllestad i Ytre Sogn 1931-32, tilsett i same stilling i Sande på Sunnmøre hausten 1932. Organist, songkorleiar og formann i helse- og fråhaldslag.
Maria Bertina Aaland (1895-?) 1918 Lærarinne i Breim 1918, Espevær folkeskule på Bømlo 1921. Frå 1922 var ho lærarinne ved Dale folkeskule, Vik i Sogn.
Anna Aalvik (1896-1987) 1923 Lærarinne ved Heggdal, Hadland og Stapnes skular 1923-28. Frå 1929 tilsett ved Mong skule i Eigersund.
Sigrid Aalvik (1895-?) 1921 Lærarinne ved Vest-Agder flyttande fylkesskule frå 1921.
Asbjørn Olai Aamot (1901-74) 1925 Vikar på ymse stader i fire år, før han i 1931 vart tilsett som lærar i Eikefjord i noverande Flora kommune.
Ole Aarbergsbotten (1893-1974) 1921 Gymnastikkinspektør i Sogn og Fjordane 1919-23, lærar i Gaular frå 1921.
Henrik Olaus Aardalsbakke (1879-1956) 1903 Lærar i Davik frå 1903. Venstre-politikar og bankrevisor.
Peder Severin Aarebru (1905-86) 1926 Huslærar i Luster til 1929, deretter lærar i Årdal. I 1953 vart han styrar ved Farnes skule.

Kjelde

Vidare lesnad

  • Bergem, Peder (red.): Forkynning. Fellesskap. Forsking. Volda lærarskule 1895-1995, 1995.