Volda orkester

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. jun. 2012 kl. 04:57 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Volda orkester''' vart stifta i Volda 12. oktober 1934 etter eit par års førebuingsarbeid av ei sjølvoppnemnd skipingsnemnd. Orkesteret fekk vedtekter i 11 punkt, der det mell...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Volda orkester vart stifta i Volda 12. oktober 1934 etter eit par års førebuingsarbeid av ei sjølvoppnemnd skipingsnemnd. Orkesteret fekk vedtekter i 11 punkt, der det mellom anna er eit punkt der styret «hev høve til å gjere vedtak om missnøgje med eit eller fleire av orkesteret sine medlemer. I så fall går vedkomande ut av orkesteret 7 dagar etter hn får melding om vedtaket».

Det vart opna for passivt medlemskap (støttemedlemskap) i orkesteret.

Det første styret bestok av Johan Nerbøvik, formann, Per Enge, John Steinsvik og Oddvin Øvrelid som styremedlemer og Olav Hjelle som notemeister. På første styremøte vart Sivert H. Geitvik vald til dirigent, Oddvin Øvrelid til 1. kapellmeister og Per Enge til 2. kapellmeister.

Orkesteret bestod av utøvarar på fele, bratsj, cello, kontrabass, fløyte, klarinett, obo, fagott, trompet og basun. Økonomien gav ikkje høve til ordinært slagverk (pauker, cymballer og trommer), men den lokale smeden Norvald Dahl laga eit stort og eit lite triangel og fem klokker i eit stativ.

Orkesteret bestod frå starten av ca 30 musikarar som hadde øvingar ein kveld i veka. Fyrste konserten for ålmenta ser ut til å ha vore 10. mai 1936 i Voldskyrkja saman med Volda ungdomskor.

Volda orkester var i ordinær drift i åra 1935-38. I 1939 vart det problem med besetninga, og med andre verdskrigen var det slutt. «Etter krigen kom det ei anna tid for musikklivet i Volda» skreiv Jon Røys Halkjelsvik i Voldaminne. M.a vart Volda konsertlag skipa.

Kjelde