Vossestrand

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2020 kl. 10:59 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Voss kommune» til «[[Kategori:Voss herad»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vossestrand, lokalt kalla Stronde, er ei bygd i Voss kommune i Hordaland. Bygda ligg omkring det dalføret som går frå den eigentlege Vossebygda til Nærøyfjorden i Sogn.

Vossestrand prestegjeld vart oppretta i 1865, da det vart utskilt frå Voss prestegjeld. Berre tre år seinare vart Vossestrand kommune oppretta. I 1964 vart Vossestrand igjen ein del av Voss kommune. Nokre område gjekk til Evanger kommune, og desse er seinare innlemma i Voss.

Stronde er ei gammal nemning på sokna Oppheim og Vinje, fyrst nemnd i 1398. Vossestrand vart laga som namn da prestegjeldet vart danna i 1865.