Vottar

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Vott»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulike sortar ullvottar, TustnaNordmøre.
Foto: Olve Utne

Vottar (nynorsk) eller votter (bokmål) er poseliknande klesplagg som blir trekt over hendene for å halde dei varme i kaldt vêr. Spedbarnsvottar har oftast enkel poseform, medan vanlige vottar tradisjonelt oftast har separat tommel. Det finst òg variantar med separat peikefinger, som er praktisk for den som skal bruke gevær; og fingervottar som har separate rom til alle fingrane. Fingervottane blir ofte kalla vantar (bokmål vanter). Vottane er oftast strikka av ullgarn, og dei er ofte tova for å isolere betre og vera meir vindtette. Det finst ulike typar vottar for ulik bruk, inkludert sjøvottar (bladvottar) og skivottar. Kjente vottevariantar inkluderer ellers selbuvottar frå Selbu i Sør-Trøndelag, skaitevottar frå Arjeplog/Jokkmokk i Norrbottens län, lovikkavottar frå Lovikka i Pajala kommun i Norrbottens län og austsamiske vottar.

I tillegg til strikka vottar finst det blant anna vovne og hekla vottar. Skinnvottar finst òg; i Skandinavia har nok dei særlig vore bruka blant samar. I nyare tid har fleirlagsvottar med vind- og/eller vasstett ytterlag og isolerande fôr komne i handelen. Ofte er desse av nylon — såkalla polvottar.

Sjøvottar

Blavotta eller sjyvotta frå Tustna strikka av Hallgjerd Utne.
Foto: Olve Utne

Sjøvottar (dial. sjøvotta (Trøndelag), sjyvotta (Nordre Nordmøre, Ytre Namdalen, Nord-Noreg) eller bladvottar er store, flate og romslige ullvottar med spiss tupp. Ulla held til ein viss grad på varmen endatil når ho er våt. Sjøvottane er helst godt tova for å halde betre på varmen — både gjennom at dei er meir vindtette og gjennom at vassgjennomstrømminga er låg.

Selbuvottar

Skaitevottar

Skaitevottane er sterke og varme arbeidsvottar som vart utforma og strikka av pitesamiske Maria Andersdotter [Märak] (f. 1875 i Álesgiehtje (Västerfjäll) i Arjeplogs kommun, d. 1956). Ho vart gift med Janne Larsson, og dei busette seg i Skaite ved Peuraure i Jokkmokks kommun. Dei bygde seg ein gard ved den gamle vårplassen der og fikk åtte born. Dei dreiv med sauer og turisme, og Maria, som no vart kalla Skaite-Maria, dreiv blant anna og strikka vottar av ulla frå eigne sauer. Vottane hennar var strikka av tjukt garn på tynne pinnar, slik at dei vart relativt tjukke og vindtette. Dei var småmønstra med mønster av enkle geometriske former. Vottane hadde dusksnor på yttersida av handledda,slik at dei kunne bindast ihop og hengast til tørk.[1]

Lovikkavottar

Kautokeinovottar

Austsamiske vottar

Fotnotar

  1. Larsson, Solveig: «Skaite-Maria»
    «Skaite-Marias vante» - mønster ved Erika Pavval Falck