Vrådal Skogeigarlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. jun. 2018 kl. 11:16 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Vrådal Skogeigarlag blei skipa i 1911. På same tid blei dei oppretta ei rekke andre skogeigarlag i Kviteseid kommune. Ådne G. Naper var fyrste leiar i laget. Då laget skulle skipast var det for få skogeigarar til stades til at styret vart fulltalig. Då gav Kjetil Torjusson Gravir (1846-1928) ei gran på rot til Håkon Sætrang (1879-1964), og slik kunne han også kalle seg for skogeigar og veljast inn i styret slik at det vart fulltallig.

I enkelte periodar har skogeigarlaget i Vrådal lege nede, og då har det heitt Vrådal Skogeierbruk. I nyare tid vart ikkje vassvegen like viktig for tømmertransporten, og fleire skogeigarlag slo seg saman. I 2001 slo Vrådal Skogeigarlag seg saman med Kviteseid Skogeigarlag.

Arkiv

Arkivet etter Vrådal skogeigarlag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Oppføring på arkivportalen.
  • Vevstad, Andreas (red.), Skogen i Telemark, Skien : Fylkesmannen i Telemark, Landbruksavdelinga, 2000