Vrådal Skogeigarlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Vrådal Skogeigarlag vart skipa på Strand 13. oktober 1911. Aadne Naper vart fyrste formann og saman med kasserar John Vrå, nestformann Andreas Steane, samt varamennene Ketil Gravir, Thor Sandvik og John Bjåland utgjorde dei det fyrste styret i laget.

På same tid blei dei oppretta ei rekke andre skogeigarlag i Kviteseid kommune.

Då laget skulle skipast var det for få skogeigarar til stades til at styret vart fulltalig. Då gav Kjetil Torjusson Gravir (1846-1928) ei gran på rot til Håkon Sætrang (1879-1964), og slik kunne han også kalle seg for skogeigar og veljast inn i styret slik at det vart fulltallig.

I enkelte periodar har skogeigarlaget i Vrådal lege nede, og då har det heitt Vrådal Skogeierbruk. I nyare tid vart ikkje vassvegen like viktig for tømmertransporten, og fleire skogeigarlag slo seg saman.

29. mars 2001 vart laget slått saman med skogeigarlaget i Kviteseid og fekk namnet Kviteseid Skogeigarlag. Samanslåingsavtala vart signera av dei to formennene i laga, Ketil Øy og Magne Skarprud.

Arkiv

Arkivet etter Vrådal skogeigarlag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Galleri

Kjelder

  • Oppføring på arkivportalen.
  • Vevstad, Andreas (red.), Skogen i Telemark, Skien : Fylkesmannen i Telemark, Landbruksavdelinga, 2000