Walter Scott Dahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. feb. 2017 kl. 13:52 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging)
Hopp til navigering Hopp til søk

Walter Scott Dahl (fødd 21. februar 1839 i Melhus, død 4. september 1906 i Bergen) var advokat, sorenskrivar, stortingsmann og statsråd for Venstre. Han var aktor i riksrettssaka mot regjeringen Selmer 1883-1884.

Han var son av daverande residerande kapellan i Melhus Nils Nilssøn Dahl og hustru Christopha Kirstine Rønneberg. Faren var bondeson, og vart seinare sokneprest og stortingsmann. Mora kom frå ein kjøpmannsfamilie i Ålesund. Walter Scott Dahl var gift med Beret Rebekka Stokkeland, dotter av gardbrukar C.R.Stokkeland og Marie Scherffenberg i Vestnes.

Walter Scoott Dahl vart student i 1855 og tok juridisk embetseksamen i 1859. Han fekk stilling som sorenskrivarfullmektig på Nordmøre 1861. I 1864 flytta han til Christiania og verka som overrettssakførar og manuduktør der. I 1866 vart han høgsterettsadvokat. Same året flytta han til Vestnes i Romsdalen. Der vart han ein sentral person i lokalt styre og stell, mellom anna som ordførar 1870-1884 på to år nær, og det var på denne tida han for alvor vart engasjert i politikken på nasjonalt plan som stortingsmann og seinare statsråd. Si juridiske karriere heldt han fram med som sorenskrivar i Nord-Gudbrandsdal 1885-1888 og som lagmann i Gulating frå 1889.

Som stortingsmann representerte Dahl Romsdals amt 1874–1879, etter å ha vore varamann i den føregåande perioden (1871-1873). Han var igjen vararepresentant 1883–1885. I perioden 1886-1888 representerte han Kristians amt på Stortinget. Han var statsråd og sjef for Indredepartementet i Johan Sverdrups regjering frå 5. mars til 31. juli 1888, og justisminister frå 15. september 1888 til regjeringa gjekk av 13. juli 1889.

Kjelder og litteratur

  • Lindstøl, Tallak: artikkel om Walter Scott Dhl i Stortinget og statsraadet 1814-1914, 1. bind, Kristiania 1914.
  • Artikkel om Walter Scott Dahl på Wikipedia.