Walter Scott Dahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. mai 2017 kl. 21:32 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Walter Scott Dahl
Foto: Ukjent. Oslo Museum

Walter Scott Dahl (fødd 21. februar 1839 i Melhus, død 4. september 1906 i Bergen) var advokat, sorenskrivar, stortingsmann og statsråd for Venstre. Han var aktor i riksrettssaka mot ministeriet Selmer 1883-1884.

Bakgrunn og familie

Han var son av daverande residerande kapellan i Melhus Nils Nilssøn Dahl (1806-1854) og hustru Christopha Kirstine Rønneberg. Faren var bondeson, og vart seinare sokneprest og stortingsmann. Mora kom frå ein kjøpmannsfamilie i Ålesund. Walter hadde tre yngre sysken som levde opp: Nicoline (1841-1898) gift Harbitz, forfattar, Konrad (1843-1931), prest og forfattar og Ulrikke (1846-1923). Walter Scott Dahl var gift med Beret Rebekka Stokkeland, dotter av gardbrukar C.R.Stokkeland og Marie Scherffenberg i Vestnes. Dei to fekk ikkje born sjølve, men hadde ei pleiedotter.

Utdanning og yrkeskarriere

Da faren døydde i 1854 kom Walter Scott i huset til sokneprest Jørgen Meier Heffermehl i Gloppen, der han fekk undervisning som førde han fram til examen artium året etter. Han tok så juridisk embetseksamen i 1859. Dahl fekk stilling som sorenskrivarfullmektig på Nordmøre 1861. I 1864 flytta han til Christiania og verka som overrettssakførar og manuduktør der. I 1866 vart han høgsterettsadvokat. Same året flytta han til Vestnes i Romsdalen, der han budde på garden Remmem og opna sakførarpraksis. Nokre år seinare kjøpte han eit bruk av garden Stokkeland der mora hans og den ugifte systera Ulrikke flytta inn og budde livet ut. I Vestnes vart Dahl ein sentral person i lokalt styre og stell, mellom anna som ordførar 1870-1884 på to år nær. Det var også på denne tida at han for alvor vart engasjert i politikken på nasjonalt plan som stortingsmann og seinare statsråd. Si juridiske karriere heldt han fram med som sorenskrivar i Nord-Gudbrandsdal (Vågå) 1885-1888 og som lagmann i Gulating (Bergen) frå 1889.

Politikaren

Som stortingsmann representerte Dahl Romsdals amt 1874–1879, etter å ha vore varamann i den føregåande perioden (1871-1873). Han var igjen vararepresentant 1883–1885. I perioden 1886-1888 representerte han Kristians amt på Stortinget. Han var statsråd og sjef for Indredepartementet i Johan Sverdrups regjering frå 5. mars til 31. juli 1888, og justisminister frå 15. september 1888 til regjeringa gjekk av 13. juli 1889.

Kjelder og litteratur

  • Halvorsen, J.B. (red.): Norsk forfatter-lexicon 1814-1880 bd. 2, Kristiania 1888.
  • Lindstøl, Tallak: artikkel om Walter Scott Dhl i Stortinget og statsraadet 1814-1914, 1. bind, Kristiania 1914.
  • Artikkel om Walter Scott Dahl på Wikipedia.
  • Sørås, Odd: «Ulrikke Dahl - forfattaren på Stokkeland» i Romsdal sogelag årsskrift 1994.