Wighusvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Wighusvegen ved Nordagutu i Midt-Telemark kommune går sørover som framhald av Landtjønnvegen sør for Landtjønn til snuplass noko sør for Dalsvatn. Herifrå går ein traktorveg ut til Valebøvegen ved Mjågetjønn like ved kommunegrensa mot Skien. Han er 3 446 meter lang og går gjennom skog.

Vegen har namn etter stulen Vihus som er nr. 185 og ligg på austsida av Dalsvatn like attmed vegen.

Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette denne og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel frå grunneigarane. Vegane blei skilta i 2001–2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.39504° N 9.35851° Ø