Wollert Johan Lyder Frich

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Wollert Johan Lyder Frich (fødd 1. januar 1843 i Bergen, død 10. juni 1929 i Fana) var son av bakarmeister David Frich og Christiane Benedicte f. Jordan. Han vart student i 1863 og tok teologisk embetseksamen 3. juni 1871. Han gifte seg i Bergen 26. mai 1872 med Charlotta Louise Christiane Stoltz (1849-1943).

Frich var prest (”Lutheran Minister”) i Halfway Creek i Wisconsin, USA, frå 1872. I 1882 flytte han og familien attende til Noreg. Etter å ha vikariert i ledige sokneprestembete i to år, vart han 23. februar 1884 utnemnd til sokneprest i Jostedalen. Han kom til Jostedalen med kona og seks born 15. mai 1884. Det vart Frich som innvigde det nye skulehuset på Bjørk 9. januar 1886, den fyrste skulehuset i Jostedalen. Det fungerte òg som kommunehus. Frich sytte òg for å få dyrka opp ei myr ved Prestegarden, finansiert gjennom lån i Opplysningsvesenets fond.

Frich og huslyden forlet Jostedalen 24. september 1890 etter at han vart utnemnd til sokneprest i Børsa i Sør-Trøndelag 31. mai same året. Kring 1913 flytte dei så til Bergen som pensjonistar og budde på Nesttun i Fana til dei døydde, Wollert i 1943 og Charlotta i 1943. Dei fekk i alt åtte born.

Kjelder og litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster, s. 34b-35a. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 339-40. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 225.


Forgjengar:
 Anton Hansen 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Theodor Julius Børresen