Xylografi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Døme på xylografi.

Xylografi er ein illustrasjonsteknikk som voks fram sist på 1700-talet. Tidlegare vart trykksaker illustrert med tresnitt, men desse gav dårleg kvalitet, og med opplysningstida voks behovet for å kunne trykke bilde sterkt. Ved tresnitt vart bilde skore i lengdeveden på treklossane. Denne er ujamn og med blaute og harde delar om kvarandre, og gjorde det vanskeleg å skjere finare detaljar.

For å få betre høve til å trykke illustrasjonar vart det derfor i England i 1775 utlyst ein konkurranse, der Thomas Bewick la fram ein ny teknikk som kom til å revolusjonere trykking av bilde. Den gjekk ut på at ein i staden for å skjere i lengdeveden på treet skulle stikke i endeveden. Dette vart først kalla trestikk, seinare xylografi. Endestykket vart finslipt og illustrasjonen som skulle trykkast vart gjerne teikna eller trykt på veden før xylografen starta arbeidet sitt. Xylografiet hadde harde platar som kunne gje illustrasjonane meir detaljar og tåle større opplag.

Frå midten av 1800-talet begynte xylografane å ta i bruk fotografi som grunnlag for arbeida sine. Det var våtplateteknologien som gjorde dette muleg: emulsjonen vart lagt rett på treklossen og så vart bildet eksponert. Dermed fekk ein eit fotografisk bilde på treklossen og kunne skjere det rett ut.

Hovudproblemet for teknikken var likevel at den tok tid. Med stadig raskare krav til formidling av nyhende, også i form av bilde, gjekk det for seint å overføre bilde via xylografi til det trykte mediet. I 1881 vart ein ny teknikk for å trykke fotografi utan å gå vegen om utskjeringa - autotypiet - lansert. Frå kring 1900 vart den teke i bruk også i avisene i samband med framveksten av nyheitsfotografiet. I løpet av eit par tiår forsvann dermed xylografiteknikken.

Litteratur

  • Larsen, Peter og Lien, Sigrid 2007: Norsk fotohistorie. Frå daguerreotypi til digitalisering. Det Norsk Samlaget
  • Olsen, Kåre 1985a: Norsk xylografi – en historie som nesten ble glemt. I Norsk Fotohistorisk Årbok 1985/86: 57–60.
  • Olsen, Kåre 1985b: Fotografi, xylografi og den illustrerte presse. I Norsk Fotohistorisk Årbok 1985/86: 61–79.