lokalhistoriewiki.no:Hovedside/Ukas artikkel 2016-43

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
C. Mølbach. Ukjent kunstnar.

Christen Mølbach (fødd 8. november 1766 i Kristiansand, død i Egersund 7. juli 1834) var kjøpmann og skipsreiar i ladestaden Egersund, dansk og nederlandsk visekonsul, eidsvollsmann og stortingsrepresentant. Han var blant dei leiande og mest velståande i det egersundske borgarskapet dei fyrste tiåra av 1800-talet, med base i det staselege herskapshuset Nesgård, ein eigedom som hadde følgt med ekteskapet. Mølbach kom til Egersund som sorenskrivarfullmektig. Kva slag utdanning han hadde, framgår ikkje av gjennomgåtte kjelder. Det blir påpeikt i Egersund byhistoriske leksikon at Mølbach hadde eit utgangspunkt i danningsborgarskapet. Han hadde reist mykje, og hadde kanskje juridisk utdanning. Danningsbakgrunnen og hans praktiske verksemd som kjøpmann på den internasjonale marknaden gav han god innsikt i europeisk politikk og maktforhold i tida.Les mer...