Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2018-15

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordlandsfembøringen Grytir på veg til KYSTENs landstemne i Bodø i 2006.
Foto: Arne-Terje Sæther

Nordlandsbåt er fellesnamnet for dei tradisjonelle opne ro- og seglbåtane i Nord-Norge — frå Ytter-Namdalen og nordover til grensa mot Russland. Nordlandsbåten er, som dei fleste andre tradisjonelle båtane langs kysten, spissgatta. Han er langkjøla, meir eller mindre rakstemnt og relativt rettborda og viser lite geografisk variasjon. Historisk sett er krumstemningen den eldste typen. Han har krumma stemnar, hogde bord, karakteristiske kne som går opp i ein boge eller spiss over kjølen, skjeggkeipar og råsegl. Overgangen til saga bord kring slutten av 1700-talet førte med seg endring i forma som via nokre tildels farlige overgangstypar endte opp i den moderne nordlandsbåten med råsegl kring 1850-åra; og denne vart så lett omforma ved innføringa av sneiseglet kring slutten av 1800-talet. Innpå 1900-talet vart ein del nordlandsbåtar oppborda og utstyrt med motor, sjå for eksempel motoråttring. I dag er motoråttringen gått ut av bruk, men det blir bygd både krumstemningar, rettstemna råseglbåtar og rettstemna sneiseglsbåtar. Nordlandsbåten blir bygd i fleire størrelsar — frå toroms kjekser og opp til fembøringar som kan ha opptil seks årepar og enda fleire rom. Den største registrerte fembøringen var på 53 fot. Bindalsbåtane og ranværingsbåtane blir tradisjonelt bygd i gran, mens saltværingsbåtane tradisjonelt blir bygd i furu. Les mer...