Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2018-23

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune.
Foto: Knut Rage (2017)

Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune er den eine av tre gravplassar som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. Dei andre gravplassane er på Jensvoll i Uggdal og Hamarhaug ved Lukksundet, som i dag høyrer til Kvinnherad kommune. I begge høve vart gravplassane, og då særleg gravplassen på Dukaneset, lagt så langt vekk frå folk og vanleg ferdsel som råd, fordi ein var redd for smittefåra og at det ein såg på som pest kunne spreia seg vidare og utvikla seg til ein omfattande epidemi. Gravplassen vart til liks med dei andre kyrkjegardane gjort ferdig og vigsla på vårparten 1849. Året etter vart gravplassen inngjerda med ein steinmur, og i 1874 vart det laga ein smijarnsport. Martinius Tysnes nemner i sin artikkel i Sunnhordland Årbok at slik inngjerding var meir i bruk på Vestlandet enn andre stader. Kolerakyrkjegarden på Dukaneset er i dag overgrodd av gras og buskar og lite vedlikehalde. Det finst ingen synlege spor etter dei ti gravene der.Les mer...