Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2018-47

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Postkort med Haus og Mjeldalen sett frå vest.
Foto: Fjellanger Widerøe VisKom AS, privat eige

Mjeldalen ligg på vestsida av innlandsøya Osterøy i Hordaland, ned mot tettstaden Haus, eller Hausvik, og Sørfjorden. Ein kjem til Mjeldalen ved å følgje E16 til Osterøyvegen over Osterøybrua til Kvisti, omlag 7 minutt med bil frå Arna, eller 15 minutt frå Vågsbotn. Forbi rasteplassen går vegen om Tirsåstunnelen til skilting mot Haus. Her, på toppen av Mjeldalen, ligg Ambogen (vegen er svinga som ein alboge), med oversyn over heile dalen. Dalen er ein typisk U-dal, som geologiske krefter har grave ut for lenge sidan. Elva renn gennom dalen og ut i Mjeldavatnet nederst i dalen, og vidare ut i Sørfjorden. Isen har forma dalen, og her er tre ulike morene-terrassar. Namnet Mjelde kjem av mjele, fin morenesand. Busetnaden går attende til dei eldste tider. Funn av ein flintsigd frå steinalderen tyder på at det har vore dyrka korn i dalen for omlag 4000 år sidan. Tidleg må garden Mjelde ha vorte delt i tre terrassar; Mjelde øvre, - midtre og -nedre, og dei var samla rundt kvart sitt tun (Øvstemjedla, Midtmjedla og Nedstemjedla). Mjeldalen er definert som LNF-område, og det har lenge vore byggestopp her.Les mer...