Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2018-8

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Marianne og Ola K. Brøste.
Foto: Ukjent

Ola K. Brøste (født 5. desember 1875 i Nedre Kleiva i Romsdalen, død 10. desember 1970Verma) var gardbrukar på fjellgarden Ner-Brøste øvst i Romsdalen. Foreldra var Ingeborg Pedersdtr. (1843-1935) frå Nest-TandeLesja og Knut Olsson Kleven (1840-1910) som var født på Ner-Brøste. Da Ola overtok Ner-Brøste, var ikkje jordvegen dyrka opp i nemnande grad. Han, og etter kvart sønene, rydda og dyrka minst 100 dekar. For det fekk han i 1929 diplom og ein sølvkopp. Buskapen var frå starten ein hest og 4-5 kyr. I 1939 var det tre hestar, 27 storfe og ein del sau. I 1938 var kornavlinga på 5000 kg godt bygg. Som nemnt under garden, var skogen viktig. Da Ola bygde om saga til sirkelsag i 1917 var kraftverket ved Stavem under bygging, og da måtte det rivast eit sagbruk som han kunne kjøpe delar frå. Deretter kjøpte Ola mykje tømmer også på Lesja-sida av fylkesgrensa. Særleg i 1933-34 hogde og skar dei mykje tømmer, mellom anna til den nye stugubygninga som Erika og Knut bygde på garden. For oppgjør for fallrettane i Ulvåa bygde han om saga i 1934.

Ola var aktiv på saga så lenge den var i bruk. Siste gongen det er nemnt var i 1959. Da var han 84 år.Les mer...