Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2019-38

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Kyrkjebygdi i slåtten ein gong mot slutten av 1960-talet. Dei tre næraste bruka på biletet er Mosdøl-gardane. Biletet vart utgjeve som postkort av Bykle Samyrkelag.
Foto: Gunnar B. Holen.

Mosdøl er den vestlegaste garden i Kyrkjebygdi i Bykle kommune. Gardsvaldet strekkjer seg frå bytet mot Hoslemo på høgste punktet i Gråsteinnutane i nord og til Bykil i sør. Mot vest grensar garden mot Holen på austsida mot Byklum. Eit noko lauseleg overslag over arealet vil setje det til å vera på kring 18 000 mål. Av dette ligg kring 5500 mål i sameige mellom bnr 1, 2 og 3, medan resten fordeler seg med ca 3500 mål på bnr 1, 4000 mål på bnr 2 og 5000 mål på bnr 3.

Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne VIII, 213) at «sidste Led er Dialektens Døl, f., liden Dal. 1ste Led er vistnok Mosi, m, mosebevoxet myr.». Denne tolkinga er ikkje urimeleg, men me skal taka med at ordet 'døl' etter Ivar Aasen (Norsk Ordbog 123) også har tydinga «Engstykke tæt ved Husene; meget græsrig Eng». Om ein torer leggje den sistnemnde tydinga til grunn, vil ho peike i retning av at Mosdøl opphavleg har vorte dela ifrå ein eldre gard, og det vil me vil halde for truleg også av andre grunnar. For Byklum er utan tvil eldste garden i Kyrkjebygdi, medan Mosdøl og Gjerden båe er sekundære i høve til denne. Men så må ein då leggje til at delinga må ha funne stad svært langt att i tida, iallfall fyre Svartedauden og kanskje endå langt tidlegare.Les mer...