Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2019-40

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå fesjået på Mogen truleg kring 1890.

Fesjået på Mogen blei arrangert i Høydalsmo i Tokke kommune frå 1876. Fesjået blei avvikla på midten av 1950-talet, medan handelsmøtet heldt fram til omlag 1966. Dei som skulle handle med kyr, kom frå Dalen på sundagen, og overnatta i Høydalsmo til måndagen. Måndagskvelden reiste dei vidare til Seljord. Domarane hadde vindjakker og hatt eller luve med blank skjerm og høge støvlar. Det blei også heldt foredrag om avl og stell for å få fram dei beste dyra. Spenninga var alltid stor då "bolagoksen" kom for å bli stilt ut. Langs vegane blei det sett opp sjapper. Stokkar blei slått ned i jorda og tekt med sinktak og honveggar. Kokomnar blei fyra opp for å halde varme i kjøtsuppa som kjeringane hadde med seg. Suppa blei solgt for ei krone tallerken, medan kaffen kosta 25 øre. Mange av dei som budde i sentrum, solgte også mat og drikke heime i husa.Les mer...