Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2019-46

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Aursjømagasinet 2005. Det var ein stad her ulykka skjedde.

Gautsjøulykka 25. september 1941 var ei frykteleg hending knytt til AurautbyggingaDalsida i Lesja. Eit arbeidslag på 11 mann dreiv med stikking av vegen som var under bygging opp frå Aura i Bøgrende fram til Gåsbue skulle avslutte arbeidet og fraktast over Gautsjøen med båt til Sørhella, ei strekning på 8–9 kilometer. Båten var ein sju meter lang open trebåt, ein fløytingsbåt, med påhengsmotor. Veret var fint og det var omtrent vindstille. Kva som hende denne septemberdagen, veit ingen. Fleire av karane var flinke til å symje, men ingen kom fram til Sørhella. Dagen etter, fredagen, var det gråvér, vind og skodde. Oppsynsmannen på veganlegget, Anton Mikkelsen, rodde da utover og støtte rett på båten, som flaut med baugen i veret.Les mer...