Åbøbyen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Wergelandsveien i Åbøbyen, Sauda.

Åbøbyen er ein bydel i Sauda kommune, bygd ut hovudsakleg i første del av 1900-talet av dei amerikanske fabrikkeigarane.

Åbøbyen vart planlagt som ein hageby med flotte parkanlegg, storslåtte allear, velregulerte gater, tennisbanar, idrettsbane, bibliotek og butikk, skule og sjukehus. Sjølv om dei arkitektteikna husa hadde god standard etter den tids forhold, var det skilnad på folk: Gatene fortalde kven du var. Haakonsgaten er «paradegata» mellom direktørbustaden og fabrikkporten. Nedst i gata, nærast støy og støv frå fabrikken, budde arbeidarane med lågast status og minst ansiennitet. Vidare oppover i gata, med stadig finare hus og betre leiglegheiter, budde i rekkjefølgje formenn, lågare funksjonærar og høgare funksjonærar – i same gate som direktøren.

Liknande bustadområde kan ein finna på andre industristader, slik som Odda, Tyssedal, Jørpeland, Flørli, Glomfjord, Rjukan og Eydehavn.

Konsesjon

1. desember 1914 gav Stortinget kraftselskapet A/S Saudefaldene konsesjon til å byggje ut kraftressursane i Sauda. Samstundes fekk det amerikanske storkonsernet Union Carbide ved sitt dotterselskap Electric Furnace Products Company Limited (EFP) lov til å byggja eit smelteverk i Sauda. I vilkåra som Stortinget sette, heiter det mellom anna at EFP var forplikta å:

«skaffe arbeiderne sundt og forsvarlig husrum, tomter til bygning av egne hjem med veier, vand, kloak og elektrisk lysanlæg samt grund til forsamlingslokale, til lokale for kooperativ eller anden handelsvirksomhed og lignende»[1]

EFP kjøpte grunn på garden Åbø og laga ein byplan for området. Frå 1916 og fram til 1960-talet vart det bygd 117 hus med til saman 279 leilegheiter for arbeidarar og funksjonærar ved EFP. På det meste budde det over 1000 menneske i Åbøbyen.

Fabrikken blei bygd på Klubben. EFP Co Ltd. fekk i gong produksjon på fabrikken 13. juni 1923. Dei store bygningane midt i biletet er omnshusa. Pakkeriet lengst til venstre. Klubben, den flate moen ned mot sjøen på sørsida av Storelva, var husmannsplass under Søndenå. Det var dette området A/S Saudefaldene i 1913 kjøpte til industriføremål.

Yankee Dollar

Det var dollar og amerikansk kapital som finansierte utbygginga i Sauda. Arthur Svendsbråten har skildra dette i visa ”Yankee Dollar”:

Uncle Sam fekk konsesjon,

bladde opp some Yankee dollar.

I Sauda blei det revolusjon:

Bygda fløyt av Yankee dollar

- - -

Fotballplass og sjukehus

casha ut med Yankee dollar.

Boligar te` kvar ein bus

thanks to all them Yankee dollar

- - -

Yankee doodeli Yankee da

Yankee style og Yankee dollar

Is it more that you will ha?

Ring te` oss i Amerika!

- - -

Åbøbyen blei ein drøm,

brusha opp med Yankee dollar.

Vann, kloakk og billig strøm,

dra i snora med Yankee dollar.

Parkanlegg og tennis court,

God bless all them Yankee dollar,

for Uncle Sam`s a real good sport

for oss med Yankee dollar

- - -

Yankee doodeli Yankee da

Yankee style og Yankee dollar

Is it more that you will ha?

Ring te` oss i Amerika!

- - -

Storskjærplanen låg der brakk;

veien trengte Yankee dollar

Men Uncle Sam var ikkje blakk,

sendte over Yankee dollar.

- - -

Dollarveien blei han kalt,

stein og grus og Yankee dollar.

Union Carbide fikse alt,

things go better with Yankee dollar!

Hageby

«Det er vel ikke så ganske få, som når de skal summere opp sine inntrykk fra Sauda, begynner med Parken. Det er da også en perle for den som elsker blomsterarrangementer og bed.» Slik skriv Stavanger Aftenblad i 1956. Parken det er tale om her er Sneaths park – midt i hjartet av Åbøbyen – kalla opp etter den første direktøren William H. Sneath.

EFP Co Ltd. i 1914 fekk konsesjon var det på visse vilkår, på same måte som ved etableringa av andre industristader i landet. Bedrifta kommenterte vilkåra slik:

«Vi agter at bygge det sundeste og bedst utstyrte fabrikanlæg i sit slag i Norge – et anlæg som vil bli til ære baade for Norge, distriktet, regjeringen og os selv.»[2]

Når selskapet her seier «fabrikanlæg», er dette i vid forstand, altså ikkje berre sjølve fabrikken, men òg bustader, grøntanlegg og det som høyrer til. Slik sett kan ein seia at EFP hadde som mål at Sauda skulle visa veg for resten av landet. I nokon grad vart det slik, og hovudstadsaviser og utanlandske media kom til Sauda for å sjå og læra. I 1928 var Dagbladet på besøk for å laga ei sak om den nye industristaden i Ryfylke og skreiv då følgjande:

«Det blir efter alt å dømme en sund og vakker by, som amerikanerne har regulert ut på Åbøflaten efter havebyprinsippet. Et lebelte av naturlig bjerkeskog ligger mellem selve fabrikkanlegget og den såkalte amerikanerby. Lengst borte og innunder en morenebakke ligger selskapets nye helt moderne sykehus. På flaten fremover følger så meget systematisk de høiere funksjonærers og de lavere funksjonærers boliger og arbeiderboligene. Intet er spart for å gjøre det hele så vakkert og praktisk som mulig, og selskapet fortjener all mulig ros for byanlegget. I gatene er plantet alleer av poppel, lind og lønn, og flere tennisplasser er anlagt. Hvert hus er forsynt med sitt jordstykke til have, poteter og grønnsaker.»[3]

Foto: Sauda lokalarkiv

Dette biletet er truleg frå slutten av 1920-talet og viser godt strukturen i Åbøbyen med gater, tomter og hus. Haakonsgaten går som ein hovudakse gjennom Åbøbyen med bedriftsporten i eine enden og hageporten til direktørbustaden (det kvite huset fremst i biletet) i den andre. Kjartan Fløgstad seier det slik i boka Arbeidets lys:

«Langs denne aksen fekk den sosiale lagdelinga i industrisamfunnet si arkitektoniske utforming. Nederst på byanlegget, nærmast fabrikken, låg dei trongaste og eldste leilighetene for arbeidarar med kort ansiennitet. Lenger oppe i gata, på neste morene, låg tomannsbustadene for formannssjiktet og lågare funksjonærar. Her var fleire av husa utførte i ein kombinasjon av tre og tegl. Og lengst borte frå fabrikken, respektfullt rundt direktørbustaden, fann ein, for å fullføra stiliseringa av dei sosiale tilhøva, einebustadene til dei høgare funksjonærane.»[4]

I tråd med konsesjonsvilkåra måtte det først liggja føre ein godkjend reguleringsplan før bygginga av den nye industristaden kunne ta til. Med denne planen kunne industriherrane realisera sine visjonar og idear om ein Company Town etter hagebyprinsippet.

«Det er vel ikke så ganske få, som når de skal summere opp sine inntrykk fra Sauda, begynner med Parken. Det er da også en perle for den som elsker blomsterarrangementer og bed.»[5]

Slik skriv Stavanger Aftenblad i 1956. Parken det er tale om her er Sneaths park – midt i hjartet av Åbøbyen – kalla opp etter den første direktøren William H. Sneath.

Letchworth i England er rekna som den første hagebyen. Den blei ein ny modellby og stod klar til utstillinga Cheap Cottages Exhibition i 1905. Motivet på postkortet er henta frå denne utstillinga. Mange av hagebyane rundt om i verda følgde utbyggingsmønsteret til Letchworth. Politikarar, industrifolk, planleggjarar og andre som var interessert i nye idear innan bustadbygging valfarta til England for å studera hagebyane der.

Kva er så ein hageby? Ideen om hagebyar kom som ein reaksjon mot dei dårlege buforholda arbeidarane levde under i byar og tettstader mot slutten av 1800-talet. Engelskmannen Ebenezer Howard vert rekna som grunnleggjaren av hagebyrørsla. Han lanserte sine idear om «hagebyen» i boka si Garden Cities of To morrow. Ideane vart omsett til lokale forhold og tilpassa industriherrane sine visjonar og idear. Det resulterte slik i hagebyar over nær sagt heile verda. Sjølv om det sjølvsagt er mange variasjonar og ulikskapar mellom desse byane, er det påfallande korleis dei har ein slektskap med kvarandre. Felles for hagebyane er at dei gjerne byggjer på organiske bystrukturar, der gata er eit viktig element, og der forhagar og plassrom gir grunnlag for god fysisk standard for arbeidarane. Husa er teikna av arkitektar og er bygde over eit relativt kort tidsrom. Livskvaliteten skulle sikrast gjennom høg bustandard med varmt vatn og elektrisitet. Det var òg viktig å byggja skular, idrettsplassar, badeanlegg og fellesareal som parkar og andre møteplassar.

I hagebyen utgjer hus, hagar, gater, grøne lungar, parkar og plassar ein heilskap. Her ser ein Parkveien med Sneaths park i høgre biletkant. Lindetre i rekke dannar allear i gatene.

Arkitektur

Gjennom konsesjonsvilkåra var EFP plikta til å byggja hus for dei som skulle arbeida på fabrikken. EFP måtte også byggja sjukehus og forsamlingshus.

Det var dei beste arkitektane som vart engasjerte for å teikne husa. Det vart lagt stor vekt på å forma gateløp, hagar og parkar slik at det skulle blei ein heilskap rundt ein bygningsmasse som – trass det store omfanget – hadde ei detaljering og ein materialbruk som ga stor variasjonsrikdom. Her er nedre del av Wergelandsveien med leilegheiter i 4- og 8-mannsbustader.

William H. Sneath fekk i oppgåve å leia denne utbygginga. Han hadde som mål å gjera Sauda til:

”en bra arbeidsplass, men også til et hyggelig og godt bosted for alle”.[2]

For å få dette til trong ein arkitektar. Det var ikkje uvanleg at dei store industriselskapa knytte til seg eigne arkitektar for å sikra kontinuitet og heilskap over utbygginga. Dei første husa var teikna av amerikanske arkitektar. Seinare kom kjende og dyktige norske arkitektar til, som Ole Landmark, Torgeir Alvsaker, Gustav Helland og Endre Årreberg. Frå midten av 1920-åra brukte EFP arkitekten Gustav Helland frå Stavanger.

Utbygginga av Åbøbyen tok tid, og kvart nye byggjetrinn følgde den rådande arkitektoniske stilen. Ein kan difor sjå både jugend, nyklassisisme, funksjonalisme og etterkrigsmodernisme i Åbøbyen – bygd i både mur og tre. Ei vandring gjennom denne bydelen er slik ei vandring gjennom nyare norsk arkitekturhistorie.

Dei første husa blei planlagt og teikna i Amerika lenge før Mr. Sneath og staben hans kom til Sauda i 1916. Arkitekturen skil seg frå byggjeskikken i Ryfylke. Dei bratte valma taka, skoddene ved vindauga, og detaljering i listverk vitnar om utanlandsk påverknad.
Andre verdskrig sette ein stoppar for byggjeaktiviteten. Husa som kom etter krigen er teikna av Gustav Helland saman med Endre Årreberg. Typisk for etterkrigsarkitekturen var ein funksjonell og enkel bygningskropp. Det var òg viktig med god materialutnytting på grunn av rasjonering i etterkrigsåra. Det var ikkje berre i Sauda det var husmangel på denne tida.
Bergensarkitekten Torgeir Alvsaker fekk òg oppdrag i Åbøbyen. Mellom anna har han teikna desse to husa i Parkveien. Alvsaker er elles arkitekten bak Fløgstad skule.

Arkitekturen brakte den nye tida til Sauda. Dette var ein heilt annan type bygningar enn det folk i jordbrukssamfunnet kjende til. Det kom difor mange tilreisande handverkarar og bygningsarbeidarar frå heile landet og frå utlandet for å byggja desse moderne husa.

Vern og bruk i dag

Åbøbyen har i dag status som kulturmiljø av nasjonal interesse, og området har sidan 1983 vore verna gjennom eigen verneplan. Vernearbeidet vart sett i gong i samband med at fabrikken selde unna husa i Åbøbyen. Eit av husa, Haakonsgate 51-53 vart gitt i gåve til Sauda kommune med tanke på å laga eit museum. Industriarbeidarmuseet vart opna i 1989 med to innreia leilegheiter i den eine delen, og i den andre delen utstillingar og møterom. Industriarbeidarmuseet er i dag ein del av Ryfylkemuseet.

Sauda sogelag har, sidan laget vart skipa i 1979, engasjert seg i bruk og vern av Åbøbyen. Laget var sentrale i vernarbeidet på starten av 1980-talet. I 2019, då laget var 40 år, markerte ein dette ved å lage ei skiltløype i Åbøbyen som vart gitt i gåve til saudabuen. Skiltløypa vart opna av Riksantikvar Hanna Geiran.

Referansar

  1. Dugstad, Andreas R.S. 2011,
  2. 2,0 2,1 Holmboe, Grete 2012
  3. Dagbladet 4. februar 1928, side 7.
  4. Fløgstad, Kjartan 1990
  5. Stavanger Aftenblad

Kjelder

  • Dugstad, Andreas R.S. 2011, Konsesjonslovene - de politiske konsekvensene av den andre industrielle revolusjon i Norge (notat). Riksantikvaren, Oslo
  • Fløgstad, Kjartan 1990, Arbeidets lys: tungindustrien i Sauda gjennom 75 år. Samlaget, Oslo
  • Holmboe, Grete 2012, Åbøbyen før, under og etter verneplanen. Ryfylkemuseet årbok, Sand
  • Lund, Roar 1993, Åbøbyen – en industriarbeiderbydel i Sauda (manuskript).
  • Røyrane, Eva 2011, Fabrikkbyane i Hardanger - husa i industrilandskapet. Nord 4, Hordaland
  • Stang, Kaare 2011, Gustav Helland - funkisarkitekt med art deco-vri. Alle tiders, nr 2, Oslo: Riksantikvaren
  • Sørby, Hild 1973, Bidrag til Stavangers arkitekturhistorie mellom 1850 og 1930. Årbok, årg. 83, Stavanger: Stavanger museum
  • Tangstad, Karen Sofie 1982, Åbøbyen i Sauda - hovedoppgave ved institutt for arkitekturhistorie. NTH, Trondheim
  • Utter, Harald 2010, Å leve med fabrikkens puls: en studie av hagebyen Åbøbyen i Sauda og industriarbeiderne som bodde der i perioden 1960 til 1980. Universitetet i Oslo, Oslo