Øystad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øystad i 2017 under restaurering/rehabilitering.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2017).

Øystad (Gnr.37/15) ligg i Skippergata 1 i Folkestadbyen i Fyresdal kommune. Eigedomen er skild ut frå Århus (Fyresdal gnr. 37/1). Gjermund Olavson Snarteland fekk i 1883 leigekontrakt på ei tomt til 12 kroner årleg leige. Her sette han opp hus. Hovudbygningen er ein midtgangsbygning med ei stove på kvar side av ein gang der ein del av denne vender ut mot vegen og er dela av til kjøkken. I ein innkledd veranda er det trapp opp til eit stort rom i andre høgda.

Det var enkja Anne Gunnarsdtr. Snarteland (1833-1911) som budde her i 1900 til ho døydde i 1911. Anne var frå Klauvreid i Skafså, vart gift på Søndre Snarteland med Aslak Kjetilson S. Snarteland (1825-1899), og Øystad vart då enkesete. Øystad fekk i 1927 ei skyld på 2 øre frå Folkestad (Fyresdal gnr. 37/5), dette selde Olav Rønjom til Ingebjørg A. Momrak (1862-1949) for 240 kroner. Ingebjørg var dotter til Anne, ho hadde i 1911 kjøpt Øystad då mora døydde. I 1935 selde så Ingebjørg til Kjetil J. Valebjørg, Aslak K. Snarteland, Olav A. Momrak og Aslak G. Momrak for 400 kroner, men Ingebjørg vart buande her til ho døydde i 1949.

Etter Ingebjørg var det fleire eigarar her, den fyrste var brorsonen hennar, Andreas Gunnarson Momrak. Øystad er eit sers godt døme på korleis folk busette seg i Folkestadbyen, ofte med tilflytta hus. Her er i tunet hovudbygning, uthus med plass til dyr, utedo og stabbur som truleg har vore vaskehus, og hage. I ei tid der Fyresdal Bygdemuseum vart oppmuntra til å sjå bygda som ein heilhet, og ikkje berre bondekultur, ynskte ein å få hand om, take vare på, og utvikle Øystad, og draumen vart oppfylt. Eigedomen vart i 1988 kjøpt inn av Fyresdal kommune ved kultur- og fritidsutvalet og gjeve vederlagsfritt til Fyresdal Bygdemuseum, jf. skøyte dagsett 8. august 1991.

Øystad og Ingebjørg Momrak/Ingebjørg Øystad/Ingebjørg "Faster"

Øystad i 2011 med Skippergata oppover til venstre.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).

Ingebjørg vaska klede for folk som trong det, og stiva snippar. Dessutan var der plass til hestar og syklar i uthuset for tilreisande. Men Ingebjørg hadde og eit lite «skur» som no er borte. Der samla ho mange rare små ting. Det hende at ungane fekk bli med inn og sjå på kråmet ho hadde der.

Ho var ein sterk og aktiv kristen og hadde stor omsorg for alt som hadde med bedehuset Betel å gjere, det vere seg møteverksemda eller det praktiske med organisering, utstyr og bruk. Det vart ofte peika på at var Ingebjørg i aktivitet så var Betel i trygge hender. Tilreisande predikantar budde oftast hjå henne, ei løysing fann ho alltid. For heile familien, og vidare enn det, var ho mest kjend som «Ingebjørg faster».

Øystad og Andreas Momrak

Andreas var brorson til Ingebjørg og budde på Øystad i lag med henne. Andreas hadde stova mot nord og Ingebjørg den mot sør. Andreas døydde i 1970. Han var ein allsidig kar. På veggen stod ei plakat: Drosje. Hårklypp. Husflid. I Varden var det au å lese: "Turister som ønsker bilskyss til og fra Fyresdal får de rimeligste priser hos mig med Fordbil stasjonert i Fyresdal. Henvendelse pr. telefon. Ærbødigst A. Momrak."

Øystad og Fyresdal Bygdemuseum

Fyresdal Bygdekvinnelag si utstilling på Øystad i 2013. Fotografiet er teke frå stova mot syd.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2013).

Tanken var å utvikle eigedomen til ein heilskap som kunne syne korleis folk levde her i fyrste halvdel av år 1900, på same vis som ein ville nytte naboeigedomen Bakeriet, som og Fyresdal Bygdemuseum hadde fått hand om, til å syne ein seinare periode. På Øystad vart roma pussa noko opp og måla ut frå ei generell vurdering, men det vart ikkje teke spesifikt omsyn til tidlegare fargar. Drifta av mindre bygdemusé vart raskt meir krevjande etter overtakinga. Tanken var at huset kunne vere tilhald for ein omvisar, dette vart det ikkje noko av. Fyresdal kommune sin turistinformasjon heldt til her ei stund, likeeins freista ein å få i gang eit handverkstun, alt synte seg å vere krevjande. Fyresdal Bygdekvinnelag hadde sine årlege utstillingar, der var og fleire andre utstillingar. Vedlikehaldet kravde meir og meir. I 2003 vart musea i Vest-Telemark konsolidera. Vest-Telemark Museum overtok ansvaret for Fyresdal Bygdemuseum. Dei var ikkje engasjera i eit krevjande vedlikehald og tankar om framtidig bruk og ville berre avhende eigedomen. Dette vart difor gjort og Øystad vart i 2016 seld til private, denne gong og etterkomarar etter Anne Gunnarsdotter Snarteland frå Klauvreid.

Øystad i privat eige frå 2016

Dei nye eigarane tok i 2017 fatt på ei krevjande og grundig restaurering/rehabilitering av bygningar og anlegg. I samband med eigarskiftet vart det mellom anna grove ei grøft gjennom tunet for å føre diverse rør og leidningar fram til Fyresdal Bygdemuseum sin eigedom Bakeriet som grensar tett opptil. Museet hadde og teke ned gjerdet rundt eigedomen på grunn av manglande vedlikehald. Øystad ligg tett opptil Øyskogen/Fyresdal Bygdemuseum med god innsikt båe vegar, eit anlegg det er godt å sjå på.

Kjelder og utdjupande lesnad

  • Vest-Telemark Museum
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards-og ættesoge. Bind II. Fyresdal kommune 1992
  • Kyrkjene i Fyresdal. Fyresdal Sokneråd 2013.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal med bilæte. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania 1910
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal med bilæte. Andre utgåva. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo 1949 s. 87
  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 2009. s. 5,33
  • Rettingar til utgåva 2009 - i artikkelen om Folkestadbyen. "Sjå deg attyvi" 2010. Fyresdal Sogelag. s. 86
  • Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009

Biletgalleri