Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-30

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav.
Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.

Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige. Les mer...