Åmland (Kvinesdal gnr. 176)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åmland
Alt. namn: Aamland øvre (1886)
Sokn: Fjotland
Fylke: Agder
Kommune: Kvinesdal
Gnr.: 176
Ant. bruksnr.: 17 (2018)

Åmland er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Han har i dag gardsnummer 176, og hadde tidlegare gnr. 7 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 178 og gamalt matrikkelnummer 297.

Geografi

Bruka på Åmland slyngjer seg tett inntil og rundt nord-, aust- og sørsida av Nedre Åmlandsvatnet. Utmarka breier seg òg ut i dei tre himmelretningane. I vest grensar garden til Homme i ei rett line frå nord i Reinsdalen til vestsida av Nedre Åmlandsvatnet. Etter å ha følgt Tjødne eit lite stykke går grensa sørover til Åmlandsvegen som ho følgjer eit lite stykkje før ho går søraustover til skiftet med Knibestøl. Herfrå går grensa austover til Høydalsheia, og følgjer skiftet med Høydalen til Myglands utmark, mest ned til dagens Fjotlandsvegen. Herfrå går grensa nordover til Rusteli og følgjer skiftet med Åsen tilbake til Reinsdalen.

Hovudbølet ligg sørvendt mot vatnet og under fjell, medan Sandvik ligg på andre sida av Nedre Åmlandsvatnet.

Gardsnamnet

Første ledd i gardsnamnet kjem av namnet på treslaget Alm. I talemålet på Agder og i Telemark blir Alm til åm.[1] Ein finn same avkorta forma i til dømes Åmli og Omdal.[2]

Andre ledd, –land, tyder ei dyrka mark/eng eller ekre og kan peika på at Åmland var eit stykke som blei skilt ut frå ei større gardseining. Dei fleste –landgardane blei rydda i ekspansjonstida i nyare jernalder, merovingar- og vikingtid (500-800 e. Kr.). Agder og Rogaland har den tettaste konsentrasjonen av –landgardar i Noreg, noko som tyder på stor nyryddingsaktivitet her i denne perioden. Ein finn òg –landgardar i Sverige, på Island, på Shetland og på Orknøyene.[3]

I Fjotland og Kvinesdal finn ein dessutan fleire døme på –landgardar med treslag som første ledd; Eikeland og Lindeland.

Åmland har blitt oppført med tillegget «øvre», for å skilja garden frå Store og Lille Åmland i Kvinesdal. Dei tre gardane låg alle fram til 1670 i Liknes sokn. Ei vanleg skriveform har vore med O; Omland (bl.a. 1594 og 1619) eller Øffre Omland (1647, 1723). I 1665 Øfre Ombland. På 1800-talet blei namnet skrive Aamland øvre (1838, 1886). I dag er normert skriveform Åmland.

Under Åmland ligg òg garden Sandvik. Namnet er sett saman av ledda Sand– og –vik og er eit vanleg landskapsnamn mange stadar i Noreg.

Namn i innmark og utmark

I heia over Åmland ligg fjellet «Spannsheddå». Det blir fortalt at der måtte dei «gå opp med eit spann smør kvar joleftan so ho ikkje skulde detta ned».

Elles kjem det fram ein frodig namngjevingstradisjon gjennom namna ein finn i innmarka. Innmarka var viktig produksjonsområde og namna dveler ved kvaliteten på dei ulike teigane og relasjonen til andre einingar. På Åmland rekna ein i 1932 åkrane Vassågren, Plassågren, Bruågren, Muttflekk, Raudaflekk, Åsågren, Stolpågren, Badstuågren, Skorågren, Grådarteigjen, Adelsegrå og Seljægrå. Av ekrer (eng/attlege) hadde ein Kåsen, Dalegrå, Drølda, Fupten og Kjølsjætta. Namna blei innsamla av Margit Fjotland som var 13 år i 1932.[4]

Livsgrunnlag

Åmlandshuset kom opp på Fjotland bygdemuseum i 1997 (Foto: Øivind Rogstad)

Sjølv om garden i 1723 blei omtala som «tungvunnen», blei Åmland rekna for ein god korngard.[5] Same år – og i 1661 – hadde dei i følgje den offisielle verdsetjinga, skog nok til oppvarming og matlaging, men ikkje for sal. Dei hadde heller ingen støl. Dette kan sjølvsagt i røynda ha vore annleis. Vidare blei garden registrert med ei flaumkvern i 1661 og i 1723, men utan skatteverdig uttak av fisk frå elv og tjern. Garden vart i 1802, i likskap med dei fleste andre gardane i Fjotland, verdsett til 420 riksdalar pr. hud.

Det var ein auke på omkring det dobbelte i det som blei sådd ut i dei to hundreåra frå 1665 til 1865, frå 3 ¾ tønner til 8 ¾ tønner korn. Folltalet blei i 1802 rekna til 5, noko som relativt sett var bra samanlikna med dei andre gardane i Fjotland.  Enno betre var formeringa av jordeple, her nådde ein eit folltal på mellom 7 og 8. Auken i jordeplesettinga var også stor, frå 9 tønner i 1802 til 19 tønner i 1865. Med eit folltal på 8 kan ein rekna ei auke frå 72 tønner til 152 tønner innhausta jordeple, samstundes med at folketalet heldt seg nærast uendra. Denne perioden er særmerkt på grunn av dei store endringane som skjedde i jordbruket over heile landet, med nye dyrkingsmetodar og nye reiskapar.

Med auka produksjon i korn- og grasdrifta gjekk tala på husdyr òg opp på Åmland. Dei hadde nytta hest i jordbruket sidan 1600-talet, og i 1865 er dei registrert med to hestar. Krøtterhaldet auka òg, men ikkje like mykje som andre stader.

1665 1723 1865 1939
Korn 3 ¾ t 7 t 8 ¾ t
Jordeple - - 19 t
Hestar 1 1 2
Storfe 9 10 18
Småfe 12 20 67

Folketal

Folketalet på Åmland var stabilt, men minka utover mot hundreårskiftet.

Kor mange bebuarar (M: Berre vaksne menn)

1665 1769 1801 1865 1900 1920
6M 23 24 16

Kulturminne

På Fjotland bygdemuseum står det gamle gardshuset på bruk 1, det såkalla Åmlandshuset. Huset blei mest truleg reist etter brannen i 1768, i tida då Jesper Knutsson og Ingeborg Didriksdotter heldt til her. Ein del av tømmeret kan ha stamma frå det huset som brann og kan vera mykje eldre. Huset er eit eksempel på ein midtkammerbygning i renessansestil, som blei vanleg i Noreg utover på 1700-talet. Ein kjem inn i ein trappegang som har eit rom på kvar side (stove og kjøkken) og trapp opp til andre etasje.

Huset blei innvigd på Fjotland bygdemuseum i 1997 og markerte med det opninga av Fjotland bygdetun som var ein utviding av museet.

Den gamle kyrkje- og ridevegen frå Helle til Fjotland gjekk over Åmland mellom Homme og Åsen. Han blei rusta opp då Fjotland kyrkje stod ferdig i 1670. Vegen er også ein del av kulturminnet og vandreruta «Kvinesdalsvegen som rideveg». Vegen blei lagd ned i 1908, og så nytta som lokal gardsveg fram til 1954. Mellom Saurfid og Åmland kryssa vegen Saurfidbekken over Rasmusbrauna. Brukara står framleis i dag. Det kom også ein veg frå Knibestøl over Sandvik og Åmland inn på den gamle kyrkjevegen til Fjotland.

Ein finn restar etter endå eit veganlegg i Reinsdalen.

I bekken som renn mellom Øvre og Nedre Åmlandsvatn står ei kvern som blei restaurert av Ingvart Galdal på byrjinga av 2000-talet. Der blei det male korn siste gongen i 1940. Kverna nedanfor – som høyrde til Sandvik og det andre bruket på Åmland – blei halden i gong gjennom heile den siste verdskrigen og fram til ca. 1950. Det er òg restar etter ei vassag nedst i vassdraget.

Matrikkelinformasjon

1639 1661 1723 1802 1838 1886 1950 2019
Nr - - 52 297 178 7 7 176
Skuld 1 ½ h 2 eng 1 ½ h 1 ½ h 1h 6 eng 1 h 6 eng 3 d 6 ort 59 sk -
Tal på  bruk 2* 3* 3 3 4 11 19

*tal på oppsitjarar

Eigedomsforhold

Første gongen me får høyra om Åmland er i jordeboka frå 1617. Der står garden skriven med 1 ½ hud og 2 engelsk i skuld. Me får òg vita at eigarane er Eju [Øyu] som òg er brukar og «Olluf Backe» [Olav Bakke], med respektive 14 engelsk og 18 engelsk. Tretti år seinare hadde både tal på bruk og tal på eigarar auka, og Åmland hadde blitt plassert i øydegardsgruppa.

På 15- og 1600-talet hadde ein tre skatteklassar; fullgardar, halvgardar og øydegardar. Kvar klasse hadde ein fast takst som gardane i dei einskilde klassane skulle svara for. Øydegardsklassa hadde den lågaste taksten og blei i utgangspunktet oppretta for at eigarane av gardar som hadde blitt lagt aude i seinmellomalderen, skulle få motivasjon for å rydda dei opp att. Dette statiske systemet hadde store veikskapar og det var mellom anna liten samanheng mellom gardens produksjonsvolum og kva klasse garden blei skriven inn i. I 1639 bestemte ein derfor at skatten skulle bli utlikna på skulda, som var det næraste ein hadde ein takst som kunne seia noko om den relative størrelsen på gardane. Fleire gardar skifta derfor skatteklasse i 1639, og mange såkalla halvgardar blei skrivne som øydegardar.

I 1647 var dei tre brukarar som eigde kvar sin tredel. Skulda var sett ned til 1 ½ huder og altså skriven som øydegard, og Tjøl, Knut og Annbjørn eigde då ½ hud kvar.

15. oktober 1647 brann det på Åmland. Tingsvitnet på Feda tingstad same haust fortel om at dei tre oppsitjarane sat fattige tilbake og ikkje hadde høve til å betale skatten det året. Men – truleg med hjelp og støtte av gode naboar – fekk dei reist garden att. Garden var framleis i bondeeige i 1723.

Bruk og eigedomar

Bnr. Bruksnamn Adresse Type eigedom Utskild frå Matrikulert Løpenr. (før 1886) Skyld 1950 Eigar 1886 Eigar 1950
1 Åmland Åmlandsvegen 375 Gardseigedom 655 1 mark 53 øre Markus Markussen Ingvart T. Galdal
2 Åmland Åmlandsvegen 384 Gardseigedom 656a1a, b1, 657a 2 mark 29 øre Jon Larsen Torje O. Omland
3 Åmland Åmlandsvegen 394 Gardseigedom bruk 2 1864 656a1b, b2, 657b 0 mark 78 øre Jon Larsen Andreas G. Eftestøl
4 Åmland bruk 2 1864 656a1c, a2, b3, 657c 0 mark 24 øre Tønnes Elias Kiddelsen Andreas G. Eftestøl
5 Koddebak Gardseigedom bruk 1 1890 0 mark 08 øre Trygve Larsen
7 Sandvik Åmlandsvegen 302 og 304 Gardseigedom bruk 3 1909 1 mark 24 øre Gunnar Knabenes
10 Myren Åmlandsvegen 283 Gardseigedom bruk 3 1925 0 mark 02 øre
17 Haugetun Åmlandsvegen 279 Gardseigedom bruk 4 2003
18 Åmlandsvegen 318 Bustad bruk 7 2005

Folket på Åmland

Den udelte garden

Folka ikring 1600

  • Øyu Tjølsson Åmland (n. 1594-1628)
  • [ukjent]
    • Barbro (-1669)

Øyu selde halvparten av Engedal til Øystein Olsson i 1604. Då blei det nemnt at han hadde samtykkje frå svigersonen Orm*.

*I Fjotland 1, s. 331, blir det hevda at Øyu selde halve Engedal etter samtykke frå bror til kona, «Orm Pedersen»[Persson]. I kjelda frå 1723, som siterer eit brev frå 1604, blir omgrepet «moug» nytta om vedkommande som skal ha gjett samtykke. Dette er det danske «mav», norsk «måg», som har meininga inngifta mannleg slektning, og omfattar det vi i dag kjenner att både som sviger og svoger. Då andre kjelder kan stadfesta at Barbro var gift med Orm Persson, er den mest plausible forklåringa at det her blir vist til svigerson og ikkje svoger. Barbro ville i siste tilfelle i så fall ha vore gift med sin eigen onkel.

  • Barbro Øyusdotter (-1669)
  • g1. (gift første gong) med Orm Persson Veggeland (d. ca. 1620)
    • Knut(1604-n. 1669) Sjå Knut Ormssons gard nedanfor
    • Sigbjørn (1612-1679) Sjå Valdro
    • Helga (n. 1669) g. m. Jo Knutsson Homme (1608-n. 1669) Sjå Homme
    • Åsa (d. f. 1669) g. m. Annbjørn Larsson (1614-). Sjå lnr. 657 nedanfor
    • Gro (d. f. 1669) g. m. Osmund Hermundsson. Sjå Galdal
  • g2. med Tjøl (n. 1669)
    • Ingen born

Det kan sjå ut til at Barbro og Orm budde på Veggeland, og at Barbro først kom til Åmland etter at Orm døydde, og ho gifta seg med Tjøl. Ein veit ikkje kvar Tjøl kom i frå. Han er nemnd i skattelistene som eigar etter Øyu, men det var i praksis Barbro som hadde eigedomsretten. Ho må vera fødd kring 1580 og blei dermed omlag 90 år gamal. Tjøl blei beskriven som gamal og sjuk ved skiftet til Barbro i 1669, då han skulle i folge.

Etter Barbro og Tjøl er det to gardpartar, i tillegg til at Homme må ha blitt skild frå. Eldste son til Barbro tok over.

-

Knut Ormssons gard

Lnr. 655/656

Delt frå kring 1644

  • Knut Ormsson (1604-n. 1676)
  • [ukjent]
    • Orm (1630-) Sjå nedanfor
    • Lars (1632- d. f. 1696)
    • Øyu (n. 1696) Til Stangborli i Bakke i 1680.
    • Tjøl (1644-n. 1664)
    • Ragnhild (-1696) var på Veggeland hjå brordottera då ho døydde i 1696. Ho var ugift og hadde ikkje born.

Kva åtte ei ugift kvinne på 1600-talet? Ragnhild Knutsdotter var fødd på Åmland ikring 1640 og døydde i 1696 på Veggeland. Då budde ho i folge hos brordottera Åsne og mannen hennar, Jens Jofresson. Ho hadde òg budd ei tid hos broren Orm. To av brørne hennar levde framleis då buet etter henne skulle gjerast opp. Det besto av:

  • 3 kyr
  • 2 smaller (sauer)
  • 1 gryte
  • 1 gamal skjørt
  • 1 skjørt av vadmel
  • 2 brødkorger
  • 1 par sko
  • 1 kiste
  • 1 kvitel (sengeteppe)
  • 1 gamal kvitel
  • 1 ruskinn
  • 2 gamle plagg
  • 1 skjorte
  • 1 raud trøye
  • Alt saman verdsett til 12 rd

-

  • Orm Knutsson (1630-)
  • Ingjerd Oddsdotter Tveiten i Eiken
    • Odd (1664-) Sjå nedanfor/bnr. 655
    • Knut (1677-1743) Sjå bnr. 656
    • Åsa (n. 1699- d. f. 1740) g. m. Lars Bergeson Tilhaugen i Eiken (ca. 1678-d.e. 1746) Til Eiken
    • Ingeborg (d. 1699) g. m. Jens Jofresson Veggeland (d. 1715) Sjå Veggeland

-

Bruk 1

Lnr. 655

Åmlandsvegen 375

Delt frå kring 1690

  • Odd Ormsson (1664-)
  • g. 1693 med Joren Atlaksdotter Høydal
    • Sigmund (1693-1738) Sjå nedanfor
    • Ånen (1704-1768) g. 1728 m. Bodil Toresdotter Oftedal (-1766) Til Oftedal i Bakke i Sirdal
    • Ingerid (n. 1723) fikk ein son med Knut Jesperson Omland, Odd (1723)
    • Dorte (1711-)
    • Asgerd (1714-1796) g. m. Ånen Olsson Rossevatn. Til Rossevatn i Eiken

-

  • Sigmund Oddsson (1693-1738)
  • g1. med Guri Bergesdotter Tilhaugen (-d. f. 1725)
    • Guri g. 1737 m. Olav Tollaksson Kvåle. Til Tilhaugen, Eiken
    • Odd, døydde som spedbarn
  • g2. 1725 med Gunvor Guttormsdotter Øyusåsen (n. 1743)
    • Guttorm (1725-) Sjå nedanfor
    • Joren (1727-) g. 1754 m. Ståle Ånensson Skeie. Til Skeie i Eiken, så til Kristiansand.
    • Joren (1728-1763) g. 1752 m. Ånen Ånensson Skeie (1732-) Til Kristiansand
    • Odd (1731-)
    • Ånen (1732-)
    • Sigmund (1734-) g. 1763 m. Torborg Tronsdotter Nedre Omland (1723-) Til Kristiansand
    • Annstein (1735-)

Det fanst ikkje lausøyre av verdi til fordeling mellom arvingane då buet etter Sigmund skulle gjerast opp. Sigmund hadde vore fleire år austover mellom anna i Kongsberg. Han hadde òg vore på hestehandel i Telemark og Råbyggelaget (Indre Aust-Agder).

-

  • Guttorm Sigmundsson (1725-)
  • [ukjent]
    • Gunvor (1742-1766)

Det er usikkert kven som var Gunvors mor. Guttorm selde i 1764 til Lars Jespersson.

-

  • Lars Jespersson (1697-1769)
  • g1. 1739 med Asgerd Persdotter Lindeland (1717-1743)
    • Ånen (1740-)
  • g2. 1745 med Anna Stålesdotter Heggland i Gyland
    • Asgerd (1746-1821) Var tenestejente hos Ingeborg og Jesper på nabobruket (Lnr. 657) i 1789.
    • Didrik (1751-1829) Sjå nedanfor

Anna hadde tidlegare vore gift med Didrik Knutson Homma i Gyland. Lars var fødd på Helle, men familien flytta til Åmland i 1723.

-

  • Didrik Larsson (1751-1829)
  • g. 1777 med Dorte Markusdotter Øyusåsen (1757-1840)
    • Lars (1780-1781)
    • Lars (1782-1844) Sjå nedanfor
    • Anna (1785-1785)
    • Anna (1786-1786)
    • Markus (1787-1858) g. 1816 med Joren Børelsdotter Helle (1799-1875) Sjå Helle
    • Anna (1792-1853) g. 1811 med Olav Kolbeinsson Mjåvatn (1776-1827) Sjå Mjåvatn. Ho drog til Amerika med sonen i 1852, der ho døydde av tuberkulose i 1853.
    • Anna Katrina (1796-)

Didrik var lensmann i Fjotland. Han døydde då han datt ned frå ei ufs på Åmland på veg heim i frå kyrkje.

-

  • Lars Didriksson (1782-1844)
  • g1. 1807 med Guri Bjørnsdotter Bruli (1780-1813)
    • Durdi (1807-)
    • Didrik (1809-1811)
    • Didrik (1812-1896) Sjå nedanfor
  • g2. 1814 med Anna Sigbjørnsdotter Åsen (1779-1830)
    • Sigbjørn (1815-1888) g. 1. g. 1838 med Ingerid Tostensdotter d. e. Kvinlog (1799-1851) g. 2. g. 1854 med Inger Marie Olsdotter Mygland (1818-1873). Sjå Mygland
    • Guri (1818-1891) g. 1847 med Andreas Atlaksson Saurfid (1811-1865) Sjå Saurfid under Homme
  • g3. med Anna Gunnleivsdotter d. y. Haddeland i Eiken (1786-1873)
    • Ingen born

Anna Gunnleivsdotter hadde vore tenestejente på Engedal der ho fekk ein son med odelsguten Anders Hoskuldsson i 1820. Sonen, som fekk namnet Anders, døydde i 1822. Det ser ut til at både Anna og sonen Anders blei buande på Engedal ei stund. Sjå elles Engedal.

  • Didrik Larsson (1812-1896)
  • g1. 1834 med Gunvor Torusdotter Haddeland (1808-1843)
    • Anne Gurine (1834-1880) g. 1. g. 1863 med Olav Olsson Åsemoen (1828-1869), g. 2. g. 1871 med Torkel Evertsson Josdal (1841-1912). Sjå Åsemoen, Mjåvatn og Fossdal
    • Inger Tonette (1837-) Ho var tenestejente på Nedre Kvinlog i 1865. Til Tveit ved Kristiansand i 1873
    • Dorte (1840-) g. 1875 i Evje med Nere Jonsson Raustøl (1854-) Dei var først på Mygland, før dei kom til Øyestad, Åmli og Evje
    • Karen Dortea (1843-1924) Ho var døvstum og budde lenge heime hjå faren. Etter kvart kom ho over i fattigvesenets omsorg. Ho flytta mykje rundt. I 1875 var ho på Eikeland, i 1900 i Vordalen og i 1910 var ho på Årstøl, der ho budde livet ut.
  • g2. med Karen Dortea Markusdotter Homme frå Helle (1827-1890)
    • Lars (1846-1846)
    • Lars (1847-) fekk eit barn, Lars Larsson Åmland (1868-) med Anne Tonetta Toresdotter Saurfid (1840-), g. med Marthe Omunsdotter Boråslia (1852-) Til Reiersøl i Froland[6] og Lille Karlslett i Øyestad.
    • Gunhild Ida (1851-1851)
    • Markus (1852-1852)
    • Gunhild Ida (1853-1873) Døydde på Åsemoen, nesten blind.
    • Martin (1856-1877)
    • Ida (1858-1901) g. med Gunnar Gunnarsson (1849-) Ho arbeidde med hus- og kreaturstell medan han var bruksarbeidar i 1900. Til Einarkjær i Froland.
    • Johan (1861-) g. 1892 med Birgitte Amalie Olsdotter (1858-) Dei dreiv landhandleri og poståpneri i Vestre Moland (Lillesand). Johan hadde dårleg syn, men sykla rundt med posten.

Gunvor døydde på barselseng med dottera Karen Dortea. Didrik gifta seg opp att med dottera til lensmann Markus Homme, Karen Dortea. Etter nokre år bytta Didrik og Karen Dortea gard med Gunnar Mjåvatn. Dottera Anne Gurine tok over Mjåvatn og budde der med andre ektemannen Torkel. Då Anne Gurine døydde arva Torkel garden. Då Torkel flytta blei foreldra Karen Dortea og Didrik med Torkel og den nye kona til Fossdal der dei levde livet ut som innerstar.

Fleire av borna i denne familien fòr austover om sommaren for å gjeta og for å finna arbeid. Dei var såkalla barnevandrarar. Lars, Ida og Johan fekk kontaktar, gifta seg og blei buande i Aust-Agder.

-

  • Gunnar Olsson Mjåvatn (1806-1884)
  • g. 1834 med Anna Durdi Olsdotter (1813-1888)

Dei kom til Åmland ved eit makeskifte i 1869. Sjå meir om familien på Mjåvatn. I 1875 makeskifta dei vidare med dottera og mannen.

-

  • Marthe Gunnarsdotter (1844-) g. 1867 m. Tobias Hansson Haddeland (1835-1920). Sjå meir om dei på Haddeland. Marthe var dottar av førre eigar. Dei selde i 1879 for 1500 kroner til Markus Markusson.

-

  • Markus Markusson (1835-1902)
  • g. 1868 m. Johanna Olsdotter Fjotland (1846-)
    • Antonette (1869-) g. m. Jørgen Jensen Kvarstein som reiste til USA i 1906. Var hjå broren Tønnes i 1910.
    • Martin (1872-) Til Michigan, USA i 1892
    • Olav Johan (1874-1944) Til South Dakota, USA
    • Tønnes Andreas (1876-1959) Sjå nedanfor
    • Joren (1879-1888)
    • Inger Maria (1882-) g. m. Syvert Torjesen (1864-) Ho dreiv garden medan han var smed ved aluminiumsfabrikk i 1910. Til Kvarstein, Vennesla.
    • Anna (1884-) Husstell for soknepresten Rasmus Høyland i 1910.
    • Torborg (1887-) Til USA i 1910
    • Johannes (1889-) Til USA i 1907. John Marcuson var amerikansk soldat i Frankrike under første verdskrigen. Han budde og dreiv som farmar i Harrison, Nebraska då han blei innrullert i hæren i 1917.

Dei budde først på Åsemoen og dei fire første borna er fødde der. Åsemoen var heimegarden til Markus, medan Johanna var frå Vigje under Fjotland. Dei kom hit i 1879. I 1903 tok sonen over og Johanna blei folgekone. I 1910 var ho kurøktar (budeie) på garden.

-

  • Tønnes Andreas Markusson (1876-1960)
  • g. 1903 m. Juliane Jakobsdotter Røyland (1877-1951)
    • Johanne (1904-1904)
    • Magnus (1908-1982) g. med Inga Bøe (1916-) frå Øyestad. Dei tok over garden i Øyestad i 1942.
    • Jakob (1912-1912)
    • Jakob (1914-2002) g. med Borghild Thorsen (1915-2006). Til Arendal
    • Johanne (1918-1918)
    • Jenny (1919-2008) g. 1944 med Olaf Nilsen. Til Arendal
    • Anna (1920-) g. 1941 med Gunnerius Steine (1908-1985)

Tønnes Andreas var oppkalla etter dei to yngste brørne til faren som begge døydde tidleg. Han var vegarbeidar i 1900. Han bygde nytt setehus i lafta tømmer på garden i 1 ½ etasje. I 1924 flytta familien til Klepp i Øyestad.

-

  • Peder Ommundsen Galdal (1873-1950)
  • g. 1899 m. Thea Marcilie Theodora Martinsdotter Fjeld (1877-1934).

Dei kjøpte garden i 1921, og var her nokre år før dei selde vidare til Peders bror. Sjå meir om familien på Galdal.

-

  • Tønnes Andreas Ommundsson Galdal (1879-1971)
  • g1. 1922 med Ingeborg Tønnesdotter Homme (1897-1930)
    • Ingebjørg (1923-2009) g. m. Karl Vium Olsen. Til Vågsbygd
    • Inger (1926-1930)
    • Ingvart (1930-2016) Sjå nedanfor
  • g2. 1933 med Ingeborg Martinsdotter Sandvik (1902-1950)
    • Inger (1933-) g. med Abraham Vårdal. Til Konsmo
    • Ommund (1936-2020) g. med Judit Annie Nylund (1942-) Til Sola

-

  • Ingvart Galdal (1930-2016)
  • g. 1952 med Borgny Alice Jåvold (1930-) frå Landvik
    • Tre born


-

Lnr. 657 (bnr. 2 og 3)

Delt i frå 1658

  • Åsa Ormsdotter Åmland (d. f. 1669)
  • Annbjørn Larsson (1614-n. 1664)
    • Olav (1640-) Budde ei tid på Åmland. Deretter til Farhommen og Ytre Åsen. Sjå Ytre Åsen
    • Annbjørn (1644-) Sjå nedanfor
    • Randi

-

  • Annbjørn Annbjørnsson (1644-)
  • Dorte Ingvorsdotter Stakkeland (-1696)
    • Jesper (1670-1730) Sjå nedanfor
    • Ingvor (1673-)
    • Gjøa (1673-) g1. med Odd Torjesson Farhommen (-1719)  g2. 1720 med Jo Øyusson Homme (1702-1763) Sjå Homme
    • Annbjørn g1. 1717 med Eli Stålesdotter Røyseland (-1718) Sjå Røyseland, g2. med Tøri Tollaksdotter Tesåk frå Tesaker i Gyland
    • Åsne (1676-1763) g. 1. g. med Lars Torgrimsson Stakkeland (-1712), g. 2. g. 1712 med Sigbjørn Torusson Helle (1694-1781) Sjå Nedre Stakkeland
    • Anne (n. 1696)
    • Ingeborg (n. 1696)

Familien var først på Tveiten i Eiken frå 1670-1688.  Dei var og ei tid på Stakkeland.

-

  • Jesper Annbjørnsson (1670-1730)
  • Guri Kidelsdotter Helle (n. 1731)

Dei budde på Helle fram til 1723. Sjå meir om familien der. To av sonene, Knut og Ingvor, delte dette bruket.

-

  • Ingvor Jespersson (1715-1800)
  • g. 1743 med Joren Persdotter Lindeland (1714-1794)
    • Jesper (1743-1829) g. med Ingeborg Kidelsdotter d. y. Helle (1746-1828) Sjå Homme
    • Anna (1745-1823) I teneste på Helle i 1801
    • Knud (1748-)
    • Per (1751-) truleg død før 1754
    • Guri (1752-)
    • Per (1754-1785)
    • Gunhild (1757-n. 1813) Sjå Frydenlund under Homme

Ein kjenner ikkje til kva som skjedde med fleire av borna.

-

  • Knut Jespersson (1695-1746)
  • Inger Olsdotter (n. 1756)
    • Guri (1730-1800) g. 1772 m. Elling Pålsson Spillebrok (1730-1786)
    • Jesper (1733-1808) Sjå nedanfor
    • Ingvor (1736-1770) g. 1768 m. Gjertrud Bjørnsdotter Knibestøl (1743-1777) Sjå Knibestøl
    • Berte (1738-)
    • Judith (1742-1768)

Knut fekk ein son, Odd (1723-), med Ingerid Oddsdatter Omland. Dei måtte begge skrifta offentleg i kyrkja for det. Knut måtte stå framfor kyrkjelyden enno ein gong fire år seinare, i 1727. Då var han skuldig i leiermål (seksuell omgang utanfor ekteskapet) med Ingeborg Eriksdotter Fossdal. Det er ikkje kjent om handlinga førte til barn.

Det er usikkert kor kona Inger kom i frå. Ho og Knut gifta seg ein gong mellom 1727 og 1730. I 1756, da Inger hadde vore enke i ti år, gav ho opp garden fordi ho på grunn av «alderdom og vedfølgende Svaghed ej finder sig i Stand til længere at bruge» garden. Då var eldste son Jesper 22 år.

-

  • Jesper Knutsson (1733-1808)
  • g1. 1756 med Ingeborg Didriksdotter Homme (1735-1794)
    • Knut (1757-1822) Sjå nedanfor
    • Didrik (1761-1768)
    • Jesper (1764-1833) Budde heime i 1801
    • Didrik (1767-1841) g. 1795 med Kristina Larsdotter Vigmostad i Vanse (1777-1867) Til Lista.26
    • Ingvor (1771-1843) g. 1. g. 1808 med Karen Tollaksdotter Høydal (1787-1815), g. 2 g. 1816 med Ingeborg Abrahamsdotter Sindland (1782-1861) Sjå Høydal og Sindland
    • Lars (1776-1776)
  • g. 2. g. 1801 m. Gjertrud Pålsdotter Spillebrok (1740-1810)
    • Ingen born

-

  • Knut Jespersson (1757-1822)
  • g. 1794 med Gunvor Reidarsdotter Engedal (1759-1843)
    • Ingeborg (1794-1826) g. 1817 med Sigbjørn Tostensson Engedal (1783-1849) Sjå Engedal
    • Kari (1797-1866) g. 1827 med Sigbjørn Tostensson Engedal (1783-1849) Sjå Engedal
    • Jesper (1799-) Sjå nedanfor
    • Reidar (1801-1822)

-

  • Jesper Knutsson (1799-)
  • g. 1824 med Siri Andersdotter Eiesland (1805-)
    • Gunvor (1825-1825)
    • Knut (1826-) g. med Karen Thorsdatter (1838-) Husmann og gråsteinsmurar
    • Anders (1830-) På Øyestad fattighjem i 1910
    • Inger Gurine (1833-)
    • Reidar (1836-)
    • Ingrid (1839-) g. med Torjus Torsson Gjennestad (1833-)
    • Anna (1839-1839)
    • Torvald (1843-) g. med Cecilia Katrine (1842-). Landhandlar og sjømann. Kom til Hisøy utanfor Arendal.

Dei makeskifta gard med Jo Steinarsson Vatne i Eiken i 1846, men flytta ikkje dit. Familien var i Refsnes i Øyestad i 1865. Alle borna busette seg i Øyestad.

-

  • Ingerid Andersdotter Eiesland (1816-1893)
  • g1. 1832 med Hans Larsson Vordal (1802-1832)
    • Ingen born
  • g2. 1833 med Tor Tormundsson Stakkeland (1797-1839)
    • Hans Tobias (1834-1834)
    • Hans Tobias (1835-1852)
    • Inger Maria (1838-1839)

Ingerid og Tor kom til Åmland kring 1838. Ingerid var søster til Siri, som er nemnd ovanfor. Då Tor døydde, gifta Ingerid seg opp at med Jo, nemnd nedanfor.

-

  • Jo Steinarsson Vatne i Eiken (1802-1875)
  • g1. 1819 med Guri Pålsdotter Hobbesland (1793-1839)
    • Siri (1821-1834)
    • Steinar (1823-1824)
    • Steinar (1825-1826)
    • Steinar (1827-1827)
    • Steinar (1828-1829)
    • Asgerd (1830-1831)
    • Steinar (1832-1832)
    • Asgerd (1833-1834)
    • Steinar (1835-1854) Døydde av tuberkulose
  • g2. 1840 med Ingerid Andersdotter Eiesland (1816-1893)
    • Guri (1841-1864) Sjå nedanfor
    • Siri (1844-1858)
    • Inger Maria (1847-1870) Sjå nedanfor
    • Anne Tonetta (Antonetta) (1850-1873) g. 1867 m. Tobias Persson Kvinlog (1838-1920) Sjå Øvre Kvinlog
    • Ida Tobine (1853-1884) g. 1876 m. Johannes Børelsson Bergesli (1852-1923) Sjå Mygland
    • Hanne Sofia (1856-) g. 1875 m. Tosten Olsson Solli (1846-) Sjå Engedal
    • Siri (1859-1860)
    • Siri (1862-1866)

Dei kom til Åmland i 1846 ved eit makeskifte, og kjøpte halve lnr. 656 i 1853. Dei fire yngste borna blei fødd her. I 1863 var det skulddeling og garden blei delt i to. Først tok eldste levande dottera Guri over den eine halvparten, og då ho døydde kom neste dottera Inger Maria. Dei gifta seg med same mann. Jo sat med andre halvparten, som svigersonen overtok då Jo døydde. Ingrid overlevde alle døtrene sine og blei buande i folge hos barnebarnet Johan. Sandvik (bnr. 4) fekk også tildelt jord frå dette bruket.

Jo fekk tilsaman 17 born, og overlevde 15 av dei.

-

  • Guri Josdotter (1841-1864)
  • g. 1860 med Lars Tjølsson Røyland (1835-1872)
    • Johan (1862-1899) Sjå nedanfor

-

  • Inger Maria Josdotter (1847-1870)
  • g. 1867 med Lars Tjølsson Røyland (1835-1872)
    • Tobias (1865-1895) Sjå bruk 3
    • Steinar (1869-1869)
    • Guri (1870-1870)

Inger Maria døydde på barselseng. Lars gjekk bort få år seinare, og sonen frå første ekteskap tok over.

-

  • Johan Larsson (1862-1899)
  • g. 1884 med Anne Sophie Persdotter Kvinlog (1857-n. 1910)
    • Lars (1885-) Til USA
    • Guri (1887-) Tenestejente. Til USA 1905 og 1911. Det er ein Gertrude Omland som gifta seg med Johan Andor Hornfeldt frå Sverige i New York i 1912. Det kan vera ho.
    • Ingeborg (1889-1889)
    • Peder Tobias (1890-) Sag- og skogarbeidar. Til USA i 1909. Budde i Seattle i 1942.
    • Johannes (1892-1892)
    • Johannes (1894-1894)
    • Johannes (1895-1974) g. med Anna Toresdotter Knaben (1900-) Til New York, USA. Dei fikk ein son og to døtrer. Sonen, Jan Omland, kom tilbake til Noreg. Sjå Knaben

Johan fekk besteforeldra i folge, og tok over begge bruka då bestefaren døydde. Då bestemora døydde i 1893 selde han og familien flytta til Faret i Liknes. Broren Tobias hadde fått det som blei bruk 3 då han stifta familie. Johan sin del blei bruk 2.

-

Bruk 2

Frådelt  i 1863

  • Markus Olsson Åsen (Øyusåsen) (1861-1941) g. 1890 i Volga, South Dakota, USA med Anne Toresdotter Kvinlog (1866-1954). Han blei kalla «Åsekjempa» og fòr til USA omkring 1883. Han kjøpte garden i 1893. Faren og mora, Olav Andreas Olsson Åsen og Ingeborg Markusdotter, flytta hit med familien før 1897. Broren Olav bleiv i Åmlandsvatnet i 1897. Markus selde garden til faren i 1905, sjå meir om han og familien under Åsen. Han selde til Olaus Torjesson Røynebu.

-

  • Olaus Torjesson Røynebu (1849-1939) g. 1. g. 1880 m. Elen Salvesdotter Lindefjell (1849-1889) og g. 2. g. 1892 m. Inger Gurine Hansdotter Røynebu (1869-1934). Sjå meir om familiane på Røynebu. Olaus og Inger Gurine kom til Åmland i 1913 og budde her. Sonen Torje arva garden.

-

  • Torje Olausson (1892-1961) Ugift, ingen born.

-

  • Ole Andreas Omland (1902-1984) Ugift, ingen born. Han budde i Kvinesdal det siste.

-

  • Lillian og Peder Pedersen (1940-). Peder tok over garden i 1984. Då dei bygde nytt hus blei det gamle huset donert til Fjotland bygdemuseum, der det blei oppført i 1997.

-


-

Bnr. 3

Delt i frå i 1863

  • Tobias Larsson Åmland (1865-1895)
  • g. 1885 med Guri Atlaksdotter Eftestøl (1866-1896)
    • Inger Marie (1887-1900)
    • Ingeborg (1889-1903)
    • Lars (1894-1915)

Foreldra døydde tidleg og ungane vaks opp på Øvre Kvinlog. Dei døydde alle fem av tuberkulose. Ei yngre søster til Guri tok over.

-

  • Anne Martine Atlaksdotter Eftestøl (1873-1900)
  • Tønnes Persson Kvinlog (1877-1946)
    • Ingeborg (1898-1899)
    • Atlak (1900-1900)

Anne Martine døydde, som søstera, av tuberkulose. Tønnes selde og flytta til Øvre Kvinlog. Sjå meir om han der. Garden blei delt mellom Martin Olsson Sandvik og Tønnes Markusson på bnr. 1. Bruk nr. 3 blei seinare teke opp att som Øvre Sandvik. (Sjå bnr. 4(3) Øvre Sandvik)

-

Lnr. 656 Sandvik

Frådelt omkring 1690

  • Knut Ormsson Åmland (1677-1743)
  • g. 1709 med Magnhild Håversdotter Årstøl (n. 1743)
    • Ånen d. e. (-1754) Sjå nedanfor
    • Ånen d. y. (-1754)
    • Ingvor (1710-)
    • Orm (1713-1713)
    • Inger (1718-)
    • Åse (1723-1762)

Bestefar til Knut Ormsson hadde pantsett garden til Isak Jørgensen. Knut løyste inn pantet for seg og brorson sin, Sigmund Oddsson, på lnr. 655.

-

  • Ånen Knutsson d. e. (-1754)
  • g1. med Sara Karlsdotter (n. 1754)
    • Anna (1738-1806) Sjå nedanfor
    • Knut (1743-)
  • g2. 1746 med Gro Annstensdotter Engedal (-1763)
    • Ingen born

-

  • Anna Ånensdotter (1738-1806)
  • g. 1760 med Tosten Gunnarsson Nedre Harbakk (1732-1788)
    • Ånen (1760-1843) Sjå nedanfor
    • Knut (1764-1847) g. 1790 m. Siri Andersdotter Vatland (1763-1849) Til Knibestøl og Furøy
    • Inger (1767-)
    • Sara (1771-1804) fekk dottera Gunvor Gunnarsdotter Omland (1800-) med Gunnar Stålesson Hellestøl (1776-1846). Sara budde med dottera hjå broren Ånen og mora Anna i 1801.
    • Gunnar (1776-)

-

  • Ånen Tostensson (1760-1843)
  • g. 1793 med Ragnhild Knutsdotter Høydal (1770-1837)
    • Siri (1794-1870) g. 1823 med Samuel Masson Egeli (1793-1867) Sjå Egeli
    • Anna (1797-1877) g. 1826 med Reidar Tronsen Oksefjell, frå Spikkeland (1788-1852) Sjå Oksefjell
    • Inger (1800-1800)
    • Tosten (1801-1827)
    • Sara (1804-1884) g. 1827 med Andreas Fredriksson Solbjør (1806-1896) Sjå Solbjør i Kvinesdal
    • Knut (1808-1808)
    • Knut (1809-1866) g. 1833 med Ingerid Tostensdotter d. y. Øvre Kvinlog (1805-) Familien var ei tid på Åmland før dei kom til Eikeland etter at Ingerid døydde. Dei kan ha budd på Åkneset. Sjå elles Eikeland om familien.
    • Kidel (1813-1873) g. 1840 med Siri Tostensdotter Øvre Kvinlog (1815-1889) Sjå bnr. 4 Øvre Sandvik
    • Abel (1817-1818)

I 1840-åra blei det ein del omskiping av jorda på Åmland. Rett før han døydde delte Ånen garden i to. Ein del gjekk til sonen Kidel, sjå bnr. 4/Øvre Sandvik, og ein del til Jørgen Tostensson Øvre Kvinlog. Jørgen sin del blei kjøpt att av Jo Steinarson, som òg kjøpte ein del av jorda til Kidel i 1849. Martin Olsson kjøpte att av Jo Steinarsson det som i dag er Nedre Sandvik (bruk 7)

-

  • Jørgen Tostensson Øvre Kvinlog (1812-) g. 1836
  • Ingeborg Børelsdotter Helle (1816-)
    • Jette Karine (1837-1840)
    • Tobias (1840-) g1. 1868 med Mathilde Taraldsen (1846-) frå Søgne, g2. med Rakel Marie Jensen frå Søgne (1844-) Til Kristiansand. Han var bakar med eige bakeri i Henrik Wergelandsgate 59 i 1875.
    • Jette Karina (1843-) g. med Nils Olsen frå Vegusdal (1834-) Til Lillesand
    • Karen Sophie (1846-) Tenestejente i Kristiansand i 1865
    • Bertine (1849-) Gift med skomakarmeister Tønnes A. Pedersen i Kristiansand. Dei hadde åtte born då Bertine reiste til Boston i USA med borna i 1890, der Tønnes hadde reist til i 1887.
    • Johan Teodor (1853-)
    • Bernt Elias (1855-) Til New York, USA i 1897. Skomakar

Dei selde til Jo Steinarsson på nabobruket i 1853 og reiste til Kristiansand. Dei var hjå sonen Tobias i Kristiansand i 1875.

-

Lnr. 656a/ bnr. 4 (og 3) Øvre Sandvik

  • Kidel Ånensson (1813-1873)
  • g. 1840 med Siri Tostensdotter Øvre Kvinlog (1815-1889)
    • Andreas (1842-1906) g. 1. g. 1868 med Berte Marie Markusdotter Knibestøl (1838-1893), g. 2. g. 1900 med Sine Emelia Olsdotter Håland i Feda (1872-1920). Sjå Knibestøl.
    • Tønnes Elias (1844-1926) Sjå nedanfor
    • Regine (1846-) Regine var i Sandvik i 1865
    • Johanna (1850-1850)
    • Tosten (1851-1923) g. 1872 med Inger Maria Gunnarsdotter Mjåvatn (1847-1927) Dei hadde dottera Karen Sofie, f 1873 på Åmland. Deretter flytta dei til Slettestranda, Vanse, Farsund. Der fekk dei etter kvart sju born til.
    • Johan (1858-) g. med Josefine Amalie (1862-) Smed. Til Kristiansand

Siri selde garden til sonen Tønnes Elias for femti kroner og folgekontrakt i 1879.

-

  • Tønnes Elias KIdelsson (1844-1926)
  • g. 1869 med Inger Tobine Persdotter Kvinlog (1835-1912)
    • Peder Andreas (1869-1956) Til Holmes City, Minnesota i USA.
    • Inger Sofia (1871-1874)
    • Karl Johan (1874-1876)
    • Karen Sofie (1876-1958) g. 1899 m. Martin Johan Olsson Sandvik (1870-1948) Sjå bruk 7

Inger Tobine hadde òg sonen Johannes Salvesson (1864-)

To år etter at Inger Tobine døydde, selde Tønnes garden til Tore Børelsson Homme og flytta inn hjå dottera Karen Sofie og svigersonen Martin.

-

  • Tore Børelsson (1857-1928)
  • g. 1908 m. Theoline Hansdotter frå Hagen under Stakkeland (1879-1962). Dei kom i 1914 og var berre nokre få år i Sandvik. Les meir om familien under Homme.

-

  • Inga Tobine Martinsdotter (1899-1991)
  • g. 1923 med Andreas Gudtormsson Eftestøl (1901-1997)
    • Asbjørg (1924-2008) g. 1949 med Fredrik Omland (1924-1982) Sjå Øvre Omland i Kvinesdal
    • Gudtorm (1928-1929)
    • Kjersti (1930-2019) g. med Leif Omland (1928) Sjå bnr. 10 Åkneset
    • Guttorm Artander (1932-2011) g. med Åse Lill (1952) Sjå nedanfor
    • Marta (1936-) g. m. Olav Biktjørn (1928-) Til Breimoen

Andreas var minst fire turar til USA. Dei fekk skøyte på bruk 3 og 4 i 1927. Einingane blei slått saman i 2015 og fekk bruksnummer 3.

-

  • Guttorm Artander Eftestøl (1932-2011)
  • g. med Åse Lill Eftestøl (1952)

Guttorm kjøpte garden i 1963 av sin far. Han var tømrar og vokalist og gav blant anna ut et albumet "Si det i toner" med kona Åse Lill i 2001. Ho vart blant anna norgesmeistar i trekkspel i 2001

-

Bnr. 5 Rusteli

Husmannsplass frå omkring 1870

Delt i frå 1890

Rusteli høyrer til Åmland, men ein kjem til plassen frå riksveg 42 mellom Åsemoen og Mygland. Jorda kan ha høyrt til Fjotland tidlegare.

  • Tollei Torgrimsson Knaben (1817-1914)
  • g. med Inger Maria Persdotter (1851-1923). Dei var her som husmannsfolk i 1875. Han var òg snikkar. Sjå meir om familien på Eftestøl.

-

  • Tobine Torjesdotter Åsemoen (1848-1939)
  • g. 1874 med Nils Olsson Mygland (1839-1913). Dei kom i frå Vordalen og var nokre år i Rusteli før dei kjøpte på Eikeland. Sjå meir om familien på Eikeland.

-

  • Berte Sofie Larsdotter Mygland (1841-1921)
  • g. 1882 med Tønnes Johannesson Fedog i Gyland (1849-1924)
    • Ingen born

Dei kom frå Mygland. Tønnes hadde vore gift på Stakkeland tidlegare, sjå der om den familien. Han blei kalla «Store-Tønes» og stelte heime medan Berte Sofie var sjuk i mange år. Han var ein mann som folk gjekk til for å få hjelp med åndelege problem. Ho var òg eit bønnemenneske. Tønnes og Berte kjøpte fleire eigedomar som blei samla i bruksnummer 5, Rusteli.

-

  • Anna Førlandsås (1895-1987) frå Eftestøl
  • g. 1918 med Johan Trygve Larsen (1891-1977) frå Eidsvoll
    • Anna (1919-2012)
    • Johan (1922-1945) Bleiv i Fjotlandsvatnet 6. april 1945. Han og Sigurd Risnes skulle undersøka ein container som hadde blitt sloppen frå eit fly. Containeren var ein ekstratank for flybensin som eksploderte då dei tende ein fyrstikk for å sjekka innhaldet. Båten deira tok fyr. Dei kom aldri til lands.
    • Tønnes Andreas (1926) g. m. Jenny Hægeland frå Konsmo
    • Aslak (1929-1995) Sjå nedanfor
    • Jakob Arnfinn (1931-1961) Til Brooklyn, USA.
    • Magnhild Torny (1933-2003) g. 1951 m. Ståle Gunnarsson Øvre Omland i Kvinesdal (1924-1999) Sjå Omland

Dei kjøpte Rusteli i 1924. Sonen Aslak og kona Thorny tok over i 1985

-

  • Aslak Larsen (1929-1995)
  • g. 1955 med Thorny Olivia Grøtteland (1937)
    • Fem born


-

Bnr. 7 Nedre Sandvik

Frådelt bruk 3 i 1909

  • Karen Sofie Tønnesdotter Omland (1876-1958)
  • g. 1899 med Martin Johan Olsson Sandvik (1870-1948)
    • Inga Tobine (1899-1991) g. 1923 med Andreas Gudtormsson Eftestøl (1901-1997) Sjå bruk 4/Øvre Sandvik
    • Ingeborg (1902-1950) g. 1933 med Tønnes Andreas Ommundsen Galdal (1879-1971) Sjå bruk 1
    • Ole Andreas (1904-1924)
    • Tomine (1907-1996) g. 1926 med Torleiv Gudtormsen Eftestøl (1904-1991)
    • Gut (1910) Dødfødt
    • Inger Sofie (1911-1985) Sjå nedanfor
    • Alma Otelia (1914-2001) g. 1938 med Sigbjørn Josdal (1907-1956) Til Kristiansand
    • Kristine (1917-1918)
    • Margit Kristina (1920-2008) g. 1942 med Bertil Mofjell (1922-2008) frå Landvik. Sjå bruk 10 Åkneset

Martin reiste til Dakota i Amerika i 1893 og la seg opp ein del pengar. Dei fikk frådelt bruket av faren til Karen Sofie, og dei kjøpte opp fleire bruk. I 1903 satt dei opp nye lafta bygningar. Dottera Inger Sofie overtok i 1940.

-

  • Inger Sofie Sandvik (1911-1985)
  • g. 1938 med Gunnar Knabenes (1911-1992)
  • Per (1939) g. 1961 med Gunhild Røyseland (1943) Sjå Breimoen
  • Martin (1942-2018) g. 1965 med Margreth Sindland Til USA
  • Ola Torkel (1945-2016) g. 1969 med Aud Torhild Røyseland (1950) Sjå Omland i Kvinesdal
  • Viggo (1947) g. med Svanhild Breimoen (1949) Til Hagan i Kvinesdal
  • Karstein (1949) Sjå nedanfor
  • Sigurd Gudmund (1952) Sjå Åkneset

I 1981 gjekk skøytet over til sonen Karstein.

-

  • Karstein Knabenes (1949)
  • g. 1974 med Elisabeth Tobiassen (1957) frå Skjekkeland
    • Tre born


-

Bnr. 10 Åkneset

Frådelt bruk 3 1925

Bruket skal ha vore ein plass i gamal tid. Det blir nemnt ei Ingerid faster som skal ha budd her. Det kan ha vore Ingerid Tostensdotter d. y. med familie som budde her før dei kom til Eikeland. Bruket blei matrikulert i 1925 av Martin Olsson frå bruk 7, som dyrka opp jorda. Dottera hans tok over.

-

  • Margit Kristina Sandvik (1920-2008)
  • g. 1942 med Bertil Mofjell (1922-2008) frå Landvik.
    • Olav Martin (1946-) g. 1969 med Eva Victoria Eriksen
    • Sigrun Irene (1948-)

Dei selde i 1954 og flytta til Kristiansand

-

  • Kjersti Eftestøl (1930-2019) frå bruk 3 Øvre Sandvik
  • Leif Omland (1928) frå Basskår i Kvinesdal
    • Fire born

Dei flytta til Skjekkeland og selde til Anette Johanne Olrik

-

  • Anette Johanne Olrik (1914-) frå Danmark. Ho hadde plassen 1965-1978

-

  • Rolf Erik Jensen (1946) Han eigde plassen frå 1978-1981

Bnr. 18

Frådelt bruk 7 i 2005

Ikkje plasserte

  • Olav Atlaksson (1686-) Loddbrukar i 1718. Det kan ha vore Olav som var gift med Astrid Knutsdotter Risøy og som var i Risøy 1709-1727. Eller det kan ha vore Olav Atlaksson frå Eikeland, som var fødd om lag 1685. Han kom til Midt Røynestad.
  • Tjøl (1644-n. 1664) Er nemnd i skattematrikkelen 1664 som oppsitjar. I Fjotland GÆ blei han plassert som son av Orm Knutsson.
  • I 1875 budde ei Ingeborg Olsdatter (1821-) frå Eiken i Rusteli med sonen Olav Torgrimsson (1861-). Ho var dagarbeidar og delvis forsørgja av fattigvesenet.

-

1037 Kvinesdal komm.png Åmland (Kvinesdal gnr. 176) er ein del av Bygdebokprosjektet for Kvinesdal med Amund Pedersen som forfatter, og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Kvinesdal kommune er eit samarbeid mellom forfattaren og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.

 


  1. Norsk stadnamnleksikon
  2. Oluf Rygh, Norske Gaardsnavne, b.9, s.273 og Indl., s. 41.
  3. Norsk stadnamnleksikon, Grunnord «land»
  4. Namneinnsamling utført av skuleborn i 1932. Samla i perm i Kvinesdal bibliotek. Namna er skrivne slik dei er teikna ned.
  5. Johan Jerstad, Fjotland: sogebok, 1949 Digital versjonNettbiblioteket, s. 130
  6. Froland 3, s. 188