Anund J. Evju

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hellos under Eika i Bø (Telemark).
Foto: Anund J. Evju (Kring 1920-30).

Anund J. Evju (1890-1979) var nest-eldste sonen til Bergit A. og Jon J. Evjuinnistugu Evju i Nesherad i Telemark, der ein finn Evju bygdetun i dag. Han var født i Amerika, men kom som mindreårig heim til Nes der foreldra tok over farsgarden. Som vaksen tok han sjølv over ein part av Evju kalla Bøen.

Som dei andre brørne på Evju var Anund ein svært hendig kar, og han bygde både hardingfeler og gitarar. I yngre år var han ein habil spelemann og spela til dans og leik for mållag og ungdomslag i distriktet.

Han tok til å fotografere i 1920-åra og ei stor samling etter han er teke vare på på Evju bygdetun. Samlinga dokumenterer arbeidslivet året igjennom på heimegarden og i grannelaget, samt ungdom i leik og dans på tur til Skåråfjell og Lifjell. Ein finn også bilde av skuleklasser der broren Jon var lærar og nokre eksempel på «oppdragsfotografering» av einskildpersonar og familiar i Sauherad. Familielivet på Evju er også godt dokumentert.

Kilder

  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Anund J. Evju på Digitalt museum.
  • Anund J. Evju på KulturNav
  • Telemark i det 21. hundreåret. Ei fotografisk reise ved Luca Berti. Finn Rønning (red). Bø Museum 2015.

Eksterne lenker