Kjeldearkiv:1886-02-14 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1886-02-14 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 14.2.1886
Stad: Seljord
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 1
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet Vågå
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

“Enkestanden”, Midbøen 14. 2. 86.

Kjære Kristian!

Eg tok imot brevet ditt for 30 minuttar sidan og er alt i selen komen for å skriva svar; det kan ein kalla, å vera ekspedit! Men posten gjeng inatt og då du truleg vilde tykkja ille um, at eg drygde lika til torsdag med svar, lyt eg skriva straks endå eg er så ille løttad til å skriva idag, at det er ein “spegjil”. Ver so ikkje undren over, at du fær turrmat!

Takk for brevet! Eg neittar ikkje for, at eg tok til å vente på nokre ord heller no og eg vart lite lang over nasen, då posten kom seinst og ingen lyd høyrdes frå deg. Det var då godt, at du slapp å gjera kjennskap med ’om “Ulrik”[1] og at alt gjekk godt og væl på uttanlandsferdi.

Med meg er og alt på det beste; eg bur framleides einsleg og bustaden har etter at du reiste av meg sjøl vorte umdøipt og heiter no “enkestanden”; stillt er det her for det meste; Knutsen gjerer meg ein og annan visit um dagarne, særleg har han ofte voret nede i “enkestanden” dei 4 siste dagarne, då han har måttet halde seg heime for “ansigtsrosen“ som han fekk då han braut av eit stykkje av ei tonn. Doktoren[2] tok hitt stykkjet av tonni og skaffad han noko medesin og idag er han umlag “istand” att. Med dans og alle likamsøvingor har det voret stillt her til no idag kl. 10; då tok eg og Lars[3] ein drabeleg masurka og eg dreiv det då til, å få innøvt det konststykkjet, å snu baklengjes og med spark ut til den sida, som vendar ut av “ekliptikken”, etter kvar heiltumsnuing! So hadde Lars øving med å stå på hendarne på det rummet, du so ofte brukte når du hadde kledt av deg; men springaren han er reint burtdaud.

På skulen gjeng det ogso i det gamle laget på det nær, at det vert huglegar og huglegar til kvar dag – me liver os tettar og tettar ihop og eg, gamle synduge peparsvein, gruvar for den dagen, då eg skal skilja lag. Igjårmorgon reiste Rovelstad og Frang og tenk! førre mondagsmorgon reiste Li! Laurdagskvellen kom han staurfull ned på salen og lagde seg upp i ordskifte so reint burti veggjerne, at Botnen sagde nokre ord åt han etter det var slutt um kvelden. Det vart han då so sint for, at han lagde seg i selen alt han orkad for å koma avsted mondagen – eg og Haug laut låna han reisepengar – og so strauk han.

Otte dagar torsdag kjem reiser Herborg Utne, Gjøa Lofthus og vonlegt Marie Klovdal; Lund hev også snakkat um å reisa; eg har bodet til, at eg skal vera til den 15 marts um alle vilde vera, det sama har Tor Vå; men eg veit ikkje kva det blir til enda. Skulen skal under alle umstændugheiter taka slut den seinste marts, sa Storeng for eit par dagar sidan.

Songtimarne er no vore huglegaste timar og dei trur eg alder eg gløymer; onsdagskvelden hadde Årekol, Knutsen, Håheim og eg jentelag på “overhuset” “sukkerlade-kavringlag”. Innbjodingi gjekk ut som “ærbødigst rapport” forfattad av meg med ordlag av Mon’s rapport[4] og underteiknad av lensmanden, studenten, veteranen frå Matrand[5] og Håheim p. t. ingenting. Dei gudsengelske[6] kusiner me bad inn var då fyrst dei 3 “Fjeldeventyrjentorna” Madli Hakestad, Mariejentorna Goverud og Klovdal alle førde hit under bedæking av Hansen og Botnen. So hadde me då ein lystug kvell med lått og glis, kortspil og mange slags “fandenskunster” lika til kl 12 ½.

“Fjelleventyret”[7] vart mest som eit “bindemiddel” millom elevarne her, det; kvar du går høyrer du uttrykk og vendingor utor fjelleventyret – særleg har du både dit namn og ditt minne knytt fast til det; i dei siste dagarne har somange både gutar og jentur på skulen og mange andre og spurt, um eg ikkje hadde fengjet brev frå deg – no ikvell på sangen skal dei då få di helsing allesammen so fersk som moglegt.

“Fjeldeventyret” fekk elles eit etterspel, som heile skulen og mange av bygdafolket gjekk og gjorde seg godt av i lang tid. Du hugsar vist, at det gjekk det rygtet, då du og Svane reiste, at det skulde vera innsennt ein dugeleg kritik over spilet; det viste seg elles ikkje å vera sannt. Haug, Tor Vå, Knutsen og eg sat då på skulesalen torsdagskvellen og snakkad um, at det endeleg skulde voret skrivet noko um den siste senen i spilet; men ingen var huga på det. Um morgon kom Haug og Vå upp åt meg og bad meg å skriva eit stykkje, dei vilde reint klemme meg til; tilslut lova eg då ut, at eg skulde skriva eit utkast men på det vilkår, at dei skulde skjote til nokot kvar so me vart alle 3 um andsvaret um det elles skulde verta noko brøgel. Um kvelden hadde eg då færugt dette vedlagde stykkjet, senda det til dei tvo og Vå hev då sett attåt det, som er utmerkt med gåsaugo; Haug hadde ikkje gjort annat, enn å reinskriva. So kom laurdagskvellen og avisa skulde upplesas; Herborg Utne sat mitt på golvet og Sundbø midtfor på bænken. Då “bag teppet”[8] vart uppleset sat alle som ein klembt og halvdaud av lått og ingen torde lægja høgt. Storeng roste Frihug[9], sagde at det var eit ypperlegt blad, som vøre værdt å gjøyma på, “hadde sume andre blad nått Frihug hadde dei voret meir enn glade ved å få taka av innhaldet”. Då reis Sundbø upp flat og bleik og sanna ordi til Storeng; dei burde få ei særskildt mappe til bladet, sagde han, det var reint forgodt til å koma burt noko av det. Med det sama gjekk han ut av salen og upp å verelset sitt og kom ikkje upp å salen att meir um kvelden endå det var både diskusjon og leik; då han var gjengen kan du tru låtten braut laus! Um morgon kom han ikkje upp å salen da Storeng las preika heller; men um kvelden møtte han i sangtimen og til al ulykke hadde nokre av bygdafolket fått høyra gjetet kritikken i “Frihug” og no vilde dei endeleg få sjå det. Sundbø laut sitja å sjå på, at Anne Grave, Imbjørg Solberg, Anne Klomseth, Lindstøl sat og las “bag teppet” og flirde so inderlegt godt til det. Det vart eit hardt slag for skrivaren[10] og det tok han kanhende meir, enn me skjønte, han var so grueleg still i mange dagar. Sidan er det ålmenn helsing millom elevarne: altså “gudag! – økseskaft! og skriverens næse m. m. er framme stødt og stendigt. Eg og han er elles lika fine venner, og endå eg millom elevarne trast fekk skuldi for å ha skrivet stykkjet, har dei antel alle tegjet stille eller han har ikkje spurt, for meg trur han no visst ikkje til noko vondt. Dette då, um “Fjelleventyret”. Noko annat frå skulen har eg ikkje å mella idag.

Noko brev åt deg er ikkje komet, men den grumme sylvskeidi er arrivereret; væl var ho ikkje 1 alen men pålag jemnlang ved penskaftet mitt er ho; ikkje so verst, men grovt arbeid berre – forgyldt i bladet!! Korvidt eg bli her længer enn til den fyrste marts er eg enno ikkje reint hoggstød på; trulegast er det, at eg stryk då – eg lærer ikkje stort av foredragi her no, som du veit, og med lesnaden foldar det ikkje so mykje heller, endå eg driver med 3 verdensogor no um dagarne. – At dette vert eit turt brev, det har eg dregjet deg von um førr, og du fær årsaka, eg er mest upprådd med å skriva idag; eg skal senda deg eit, som kanhende er litet “likare” med det fyrste. Du fær skriva atter straks, so eg kan vera viss um å få eit brev frå deg enno medan eg er i Seljord. So skal eg helse deg og Svane frå “beboerne på overhuset” Årekol, Håheim, Lund, Knutsen, den siste helsar særskilt både deg og Svane – hels Svane på det beste frå meg! Når eg ikkje kan helse frå dei andre er det årsaki, at eg har ikkje voret på skulesalen idag; men torsdag skal eg sende mindst 1 ryggjebørd med helsingor åt dyk. Alle på Midtbøen helsar deg! Så er du no både fyre og etter helsat frå

venen din Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Dansk kalde på eller ofre til Ulrik ‘kaste opp pga. sjøsjuke’.
  2. Henrik Boberg.
  3. Truleg Lars Håheim.
  4. Underlensmann Mons Østmoes «Ærbødigst Rapport!» om arrestoppdraget i Fjeldeventyret.
  5. Bonden John i Fjeldeventyret.
  6. Uttrykk frå Fjeldeventyret.
  7. Syngjespelet Fjeldeventyret (1824) av Henrik Anker Bjerregaard. Elevane på Seljord folkehøgskule sette det opp på nyåret 1886. Ivar Kleiven var lensmann Østmoe, Kristian Prestgard var underlensmann Mons Østmoe, Halvor Sundbø var sorenskrivaren, Hanna Juberg spela seterjenta Aagot og Herborg Utne ungjenta Ragnhild.
  8. Teksten ligg ved brevet (med Kleivens hand) og har overskrifta «Bag tæppet. Lystspil i 1 akt».
  9. Elevavisa ved Telemark Folkehøgskule.
  10. Halvor Sundbø.