Kjeldearkiv:1886-05-19 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1886-05-19 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 19.5.1886
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 10
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 19. 5. 86.

Kristian!

De vart dygtugt lengje førr eg skreiv åt deg no og enda lyt karen lite seg med nokre få rader dennegongen – du fær bli slik du vil. Tusen takk for breve ditt som var so dugande langt og som eg vart hjarteleg gla av!

Men, herre gud, for ei eting de må vera på dykk dernede! Du fløtte knapparne i vesten i Seljord veit du – men no? og korleis vil du sjå ut i haust – det undrar eg meg ofte på. Blemor i hendom, ja – det er inngangspengarne som betalas i den slags mynt. Men du skriv so livlegt og kvikt, at eg skjønar væl, at du ikkje er so reint ulagd for arbeid, kar. Ja du trivs med de og med umstøorne, for elles ha du ikkje skrive etter munnhorpe; men du veit, at de er huglegt å ha eit slikt “væsen” som ei munnhorpe, noko so igjenom norsk. For av alt norsk, av alt nationalt, finns de ikkje noko so norskt, so nationalt som munnhorpa, de eg veit. Og slikt som ho kan trylle fram dei gamle minne! Eg kan alder høyre horpelæte anna, enn eg med de sama drøymer meg inn i villaste jøtunfjelli ein varm somarkvell da skuggane bli djupe og alt fær den eigne blåe farga – og so minnes eg so livs levande far min[1] med alle hans fortællingo um fjell-live og reinsskytterie derburti. Seinst ber de attende åt Storherringstaen[2], Staelars[3] og alle desse gamelkultarne. Nei, dette tek avlaup.

Horpa sendar eg idag men du må ikkje tru, at de er noko overlag når du opnar. Eg tænkte eg skulde gjort deg ei grepa horpe, for eg gjorde bogen av beste stål, men så trudde eg, at ei tunge av nysylv skulde vore noko reint avråe gjildt, men, hunn pitle meg, var nysylve te dæ slag! Ho vart so dum og doven i målet; men so tykte eg at eg vilde ikkje rive ho utor att lell – noko var no likar enn ikkje for deg au, og så skal eg gjera ståltonge i bogen åt deg seinar, for eg vil ikkje gjeva meg, for eg fær te ei skago horpe åt deg – de kan du lite på. Um du vil kan du gjenne sende meg den andre bogen din, so skal eg setja i han ei ståltunge og sende deg. Har du ikkje havt slik horpestokk førr, så syner pili på “lokko” veg.

Du rosar dei “gudsengelske” for, at dei er so viljuge te å sende sine bilæte – ja, der ser ein kva de har på seg å bli over 30 år! Eg skal, hunn pitle meg, ikkje rose dei for de, eg! Frå Hanna Juberg, Karen Krogsrud, Marie Klovdal – ikkje eit kny, endå dei for lang, lang tid sia har fått mit gefjæs. Den einaste eg har fått høyre frå er Herborg Utne, ho senda meg sjølminnt brev og portræt og no, for eit par dagar sia, fekk eg ogso brev att frå hennar. Eg skulde helse deg so flittugt – ho sakna Seljord og finner vist livet å vera på lang lei ikkje slikt, som ho lærde tenkje seg de i Seljord; for ho segjer, at ho kunde vera freista te å ynskje: gjev eg alder hadde vore i Seljord. Ho hadde nyleg, ho og Gjøa Lofthus, havt ein gla kvell samen med Måkestad og Årekål, Håheim skulde au vore med, men kom ikkje. Dei freista da med “Lireleiken” fyrst, men de gjekk ikkje og så vart de å danse te klokka 2.

For eit par dagar sia ha me maifest her i Otdalen med smørogbrø og kaffe og frisk dans. Så tvinga dei meg te, å segja nokre or um “store stunder i den enkeltes liv“, “store do. i eit heilt folks” brorringen på Eidsvoll: einige og tru til Dovre fell – friheit likheit og brorskap! – ja noko slikt rør var de eg sa.

Med våronn er de så umlag på slutten heruppe no; være har vore noko “lonut” ei ti så de vantar mykje enno, førr me kan segja me har somar. Idag er elles være gott og bekkjene leik reint ravgalne uppe i lien.

Du har fulla fått Rydberg; eg tenkte, å sendt deg ei ordlista med, for ho har mykje konstord, men eg gløymde; korleis går det?

Og så har eg ikkje meir å skrive um denne gongen. Du skal snart få nokre ord att.

Du må ikkje forgripe deg på Estrup, gut, dæ be eg deg um – du skal la han vera, høyrer du!

Lev så væl kvar einaste dag.

Din Ivar.

Helsing frå Iver – reiste åt Vonheim etter syster vor[4] idag. Helsing frå Pål Nygård.

Helsing frå Knudsen – han be i siste brev um å få lånt “Sanningssøkaren”. Den tvilen, den tvilen!

Fotnoter

  1. Jakob Snerle, seinare Kleiven, død i 1884.
  2. Hans Olsson Heringstad, død i 1790.
  3. Lars Amundsen Stade, død i 1838.
  4. Marit Kleiven.