Kjeldearkiv:1895-01-19 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1895-01-19 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 19.1.1895
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 108
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 19 januar 1895.

Kjære Kristian!

Jau eg skal syne deg enno ein gong, at eg kan fylle eit storark, naar det rigtugt knipest! – berre for aa vera snar i vendingi for ein gongs skuld, let eg alle forretningssaker glette um ein postdag for aa kvitte noko gamal brevskuld aat deg, no, paa nyaaret. (Vi fær post 4 gonger um veka no og posten kjem saa tidleg um morgon fraa Hedalen, at alt lyt vera ferdigt kvelden førr).

Takk for brevet ditt! Og so eit godt og velsigna nyttaar! Takk for det gamle! Det er elles likt til, at du tykkjer gamelaaret ikkje var mykje aa takke for, men det er altid i tidligaste laget enno aa seja noko um det; eg er no sikker um, korsomer, at du tek grovt imist naar du vil ha det til so, at “ein staar paa sama føtom” som ifjor, dette leite. – For meg har det gamle aaret vore det kjeiaste eg veit um i mi tid – ikkje just so, at det har raaka meg nokor særleg sorg eller ulykke; men det har vore so jemnkjeidt og igjenom tungsamt fraa fyrst til sist og har dregje seg framover so motvedt og tjørkji all vegen. Eg, med mine 40 aar paa ryggen, undrast stygt paa, um eg ikkje har sigje ein lang mon attover sia nyttaar ifjor – eg tykkjest merkje det i fleire maater. Men det fær no vera som det er, eg ser meg ingen utveg med aa rette det, som rangt er og so vil eg hellerikkje blaase upp og plaage deg med nokon jammersang. – – –

Vi er no longe ferdige med juli no, kan du vita, og vi tura ho elles svært stillferlegt paa mest alle stader. Eg heldt meg roleg heime og hadde førreaat gjort meg upp ei slik gjild arbeidsplan um aa kvitta all mi gamle brevskuld som held paa vekse over alle grendsor. Men trur du det vart noko av? Nei det nytta ikkje aa klore ei line, helgi igjenom! Der kom den eine etter den andre rekande og skulde ha ein dram so lengje det var att nokon, sette seg til aa prate tull eller aa sjaa paa julebladi, medan eg sat der i kattepine og heldt gode minor til laakt spel. Liver eg til ei annor jul og fær paa nokon vis raad med det, rymmer eg beint burti Bøneslii fyrste juldagen og legg meg lomhard deruppe i den nye hybelen min – den avgjerdi tok eg fullt og fast med meg sjøl, da eg saag korleis det drog aat baade med timetabellen og alle mine gode forsetter. – – – Aa, eg har nok tesværre lova ut, aa sende eit og anna ”Dølabrev” til ”Gudbrdsdln.” heretter og, men eg ottast for, at det bli ikkje meir av. Og det kan no kvitte og, for døkk derburte er det so vælkjendt førr, dette gjeitprate og slikt, og her vekkjer det so halvt um halvt forargelse –: soleis var det ein framifraa dugande kontormann hjaa lensmannen ihaust, som tykte det var svært smaatt aa skrive gjeitpreikor paa døl, det var vist noko eg hadde lese hjaa Vinje eg fôr og hermde etter. Gardbrukarane fekk sjølsagt eit hønn i sida mi og alle gjeitbudeior ynskjer meg vist dit, som det ikkje tryt øl nokk. Men [...] – – dei skal faa meir einsalt hjaa meg, fær eg tid og fred so lang stund att eingong – slik smaaforarging i bygd og grend er ikkje burtkastande, ho, det driv folk til aa gjeva baade det eine og det andre ein tankje. Og nettup det var maalet med ”Dølabrevi” mine. – – –. Der kjelda er so turr vorte som hjaa meg, lyt ein tøme ho for lange tider naar ein skal ause ut 4, 5 dølabrev i rad – det røynte paa, so det bli lang lise, no, trur eg. Og grummast, at eg attpaa alt pinte utur meg eit langt tilskot aat nytaarsnumre til ”Dølen”! – heile bolongen i honom Vetl-Kristen! Ja, døkk har altid set den grumheiti, no – legg berre merkje til, at eg har heidersrummet i ”prosa”! [...] til kar, han Johan Filseth! Der kom han saa fin og dan i eit brev aat meg sist i oktober, og fortalde meg, at han hadde faatt eit slikt grepa hugskot um eit illustrera ”julnummer”, sa han det skulde vera, dengongen. Vilde eg gje eit ”bidrag” so, – han vilde no elles ”henvende” seg aat B. B., Hans Aanrud og Ola Aasmundstad. Konstnarne Lars Jordet, Strøm og truleg Eyolf Soot skulde koma med illustrasjoner og fint utstyr og godt papir skulde det bli. Jau, jau! B. B og eg – Hans Aanrud og ”Nordølen”, Ola Aas–mund–stad, hm! – eg og Ola Aasmundstad – – B B. Aanrud og eg, ja, thja – eg –, ja da. Meinar du ikkje eg skreiv mest ihel meg, sat og maala skjønskrivt for ikkje aa koma ut for den [...] Bekkelund, trykfeilsdjevelen, som enda gjorde meg den ”genistreg”, aa la han Tore Prestgarden høyre ”Bikkjerne” svara inni stuguskaapet!!! – eg som hadde skrevi ”leikjerne” so greit og stort, at ho Lars-Barbro[1] kunde lese det! Og slikt tak som eg tok meg med aa fortelja kordan han Vetlk. saag ut, til rettleiding for teiknaren, ser du – jagu trur eg Lars Jordet kunde set vendi paa kledom hans og kvar ei list paa kartneglom! Jamen var det grovt til arbeid eg hadde for aa koma ilag med B. B. og Hans Aanrud og for – aa hjelpe Johan Filseth til med aa knipe inn alle hans utestaa-ande penger hjaa kleine betalarer mellom dei 1500 tingarom hans. Men so vart korkje B B. eller Aanrud’n med, heller – Nordølen trod berre i dans med slike folk som August Steinhamar (som du eingong sa ga ut ”Fuglskit”) Adolf Skramstad, Per Sivle, ja det kunde no vera rim i, – redaktøren sjøl og Ola Langskjegg. Fy! Og […] var det ikkje det vetle verse aat Sivle og stykkje aat tanndoktoren[2] som ”beherskede situasjonen”! Tanndoktoren?! – baade eg og Langskjeg fallt reint utur. Berre harmen, heile koka; men Filseth han log nok, naar han sopte inn mynti. – Noko hadde eg ellest for strævet, eg og: eg fekk eit grepa hugskot, eg og, likesom Filseth; høyr berre væl etter! Vi held paa og fær ein gjild konstnar i bygdi, denne tidi, i Kr. Holbø – eg har set teikningorne hans aa[t] Storms dølasange og det er gode saker – og so fær eg han til aa gjera eit par teikningor til kvar av ”Hansliguten” ”Vetlkristen” og ”Gamelhans”. Holbø er den karen, at han kan raaka desse sellane mine midt i blinken, ser du. Jau det skal bli noko à la Skeibrok, det! Du store min for ein verknad det vil gjera naar han teiknar Hanslig. da han var ute moende einsleg paa Hovdasætrom i ”spredt fegtning” og gjorde eit bajonetanfald med ein bjørkerank, og tok gaapaamars nedigjenom bjørkelii og radt upp paa eit nyt stugutak paa ei av sætrom, der han ga ut eit hurraskrik so budeiune paa stulen mest slepte vete! Eller han Vetlkristen da han rennde seg paa fela si! Eller han Gamelhans da han skulde til auksjonen etter ”Gamelpresten” – Wang – dengongen ”stor-regne” var – slikt, at han gjekk berre nokre maalstenger millom kvar gong han laut leggje seg attaabak unda bakka for at væta kunde renne utur støvlom, naar han sette føterne ivere! Men det er att meir enno, ser du: eg legg i skreppa og stryk beinast aat Trette og fer aa byen, beint upp til Johan Selmer og set meg til aa blistre ”Struelses spelleri”, ”Menuito i Cdur” – ”Somarvalsen”, ”Dropaleiken”, tri ”Gaukleikjer” og ”Stor-Heringstad-hallingen”. Dermed har eg ”musikbilag”, og. ”Nordalsstubbar I. Avrits. Med teikningor av Kr. Holbø og musik”. Bitterdø for ei bok, du! Skal mest banne paa ho bli førstegrøden av den austlandsbokavlen, vi so lengje har gaatt og drøymt um, ho, maa’ta; – for naar den lykka ho gjer bli vitterleg for all verdi, so kjem ”bjørnen av hiet fram” – Aasmundstaden kjem med Njaala – som elles no ligg hjaa meg til gjennomsyn –, meinte eg, ”Graa botn og svarte render” og ”Kjørren” kjem nok og, slag i slag. Og du lyt fram med ”Minner fraa burta Blaamyra” eller noko slikt, sjøl um det bli aa draga deg som katten attaabak etter rumpa. Ja kven veit, um ikkje ”Sigurdson i Jotunheimen” – Ø. H[3] – vaknar upp att og skrapar rusti av si fyrste kjærleik, maalsaki og ber til aa skrive so det knakar! Ein kan vente ymse av honom no, etter som han têr seg, fyrst gjeitpreika hans ihaust og no til jul ei ”kaffevise” i ”Lalmingen” vor. – – Fyrste numre av ”Syn og Segn” var no baade likande og ikkje likande etter mine smak – det var mest som so hardtre-lugumt, tykte eg. Skulde nok havt hug til aa freista skrevi um fjell-livet, skjyttar- og fehandlarlivet slikt, som far min fortalde um det paa sin endeframme, hugvarme men realistiske maate. Men det kjem nok til aa gaa i langdrag med di. – Boki mi – jau no er ho ventande i morgo-dag og trast eg fær i ho sendar eg deg ei, veit du. – Aa, du gjer ikkje med tru, at eg gaar og er nervøs for kritikken – eg er førrebudd paa, at baade avisorne og dølerne vil kjenne seg narra. Kunde berre ”Samfundets støtter”, Moltke-Mo, Ross, Unger o. fl. ”aabendage” at eg aatte samlargjivnad, so er eg nøgd. Og da søkjer eg um eit stipendium av dei ”til videnskabelige reiser i indlandet”[4] og fer nordi Lom og Skjaaker og sankar den siste tobakken av folketradisjoner som er att i Gudbrandsdalen – fær attaat mangt eit forvitnelegt drag av ”den norske bondestands kulturudvikling” heruppe dei siste 2, 3 hundre aar. Jau, det er gut, som kan snu seg! Elles er det Seippel som har lært meg denne konsti.

Den 17de Mai” er gjild, men maalmennerne dei er ved han, som dei andre bladi dei har havt, nokre […] brander. No nyleg førre aarsskiftet greidde G. ut um, at bladet hadde tingare nokk til aa greie seg men dei – betalte ikkje! Dei fekk gjera som dei vilde, men auka ikkje tingartale etter nyttaar og alle gjorde si plikt og betalte, slutta ”D. 17de” naar marts maana gjekk ut! – Det gjorde ein ill søkk dette, baade i maalmennom og andre, og no trur eg bladet er berga – dei strævar hardt paa mange kantar. Og ei evig skam vøre det for oss maalmenn skulde det best skrivne blad i Noreg gaa inn berre fordi vi er nokre store slarver.

Nytt eig eg ikkje aa bjo; bygdi set upp sama fjæse i alle krokar, som sist du saag ho – berre paa Sell leik dei aa arbeier paa bruer og stasjonstofti til jønnbana. Her paa Kleivi liver vi saa umlag som førr, mor eldest, eg likeso og Maks, um du hugsar han, bli reint kvithelot over heile den lurvotte trosken – fælt til graaning paa alt her i huset! – So du vart so rædd aa tê deg i ”Dølen” du. Aa skidt i ”Guds slegter” med blaat blod – aa ”tenkje med magen” var ellest ein karakteristik av heile driten so god, at Bjølstadskogen ikkje veg han upp. Skal ellest fortelja deg, at mange har spurt meg, um du ikkje vilde skrive i ”Dølen” at snart – ungdomen her paa Lalm og Sell ser meir enn gjenne kloa di og hans Ola, kan eg helse døkk paa. Nei so, han har slikt lag til aa maale profeter og apostlar, han Ola! Greier han eit slikt ”motiv”, som han Sante-per da han kom med ”kjøgemesterlader” aa henna mor Aase, og, trur du? Det nyttar fulla ikkje aa skrive aat karen for meg da, so lengje som han driv med apostler – det er for ”profant” det eg driv og øys utur meg. Ja, ja, ja – san. Døkk fær no leva væl baade tvo da. Brev er det likaste eg veit og eg skal freiste aa vera lite meire paapassug med aa skrive, eg og, iaar. Iver i Mostugu’n, Paal Nygaard og mor helsar!

Din

Ivar.

Let faktoren lesa korrektur, eg orkar ikkje.

Eit brev eg skreiv aat deg den 12te juli isomar kom att her eindagen – eg hadde gløymt sett paa husnumre 1407, ser du! Ja, graat ikkje, heile brevet var ikkje væl ei klype aaske, enda det var skrevi burti «mit Paradis».

Fotnoter

  1. Truleg Barbro Larsdotter Randen i Heidal.
  2. Anders Sandvig.
  3. Øystein (Estin) Hovda.
  4. Kleiven fekk 150 kroner frå dette fondet i 1896. Seinare fekk han fleire stipend derifra.