Kjeldearkiv:1896-01-12 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1896-01-12 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 12.1.1896
Stad: Minneapolis
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 111
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Minneapolis 12te Jan 96.

Ivar!

Godt Nytaar!

Enno ha eg ikkje set noko til Sogorne dine i Decorah-Posten. Skreiv du til Anundsen? Det er iallfall den einaste, det nyttar aa lya aat hjaa. Og kor gaar det med Gammelkarom dine, Vetl-Kristen, Hansli-Guten og dei? Kjem det snart ein Bundel?

Von kanskje, at eg forsnakka meg i “Dølen” her i Fjor ein Gong – noko um Maalbøk og slikt; eg saag Langskjeggen kom i “Omstændigheder” i 17de Mai. Men det var no slet ikkje for “Dølen” det var ætla. Det var berre ei Remse, eg hadde i “Heimdal” ein Gong, og so senda eg Filsethe’n Numret, og han tok det inn utan aa nemna, kor det var funne. (Han ha gjort meg det Strøk ein Gong før; med Bull-Monumentet[1]. Og det var værre enda).

Her hite løner det ikkje Umaken aa gjera Skilna millom Vaagemaal og “normalisera” Vaagemaal, veit du, men det hadde ikkje Filseth’n tenkt paa. – –

Det er hellest fælt aa leva so reint utanfor all Folkeskikk. Ein kjenner det mest ved Juleleite, naar alle dei nye Bøkerne heime kjem fossande. Ein kjenner seg so reint utanfor og ute av Leiken, naar ein berre les Titlarne i Bladlysingom og ikkje har Raad med aa faa Tak i ei einaste Bok. Alt som er kome i den norske Bokheim dei tvo sidste Aari har eg ikkje mindste Greie paa. Umtrent alt eg ha lese er “Haugtussa” – og da vart eg salig, veit du.

Og so blir ein au so sliten og mergestole av dette Aviseriet tilslut at ein gjer [...] i heile Stasen. Det er ikkje Avisskriving paa Folkevis vi driv her, ser du. Det er berre aa skriva so Sveitten silar – ingen spør, um det er godt, berre det er mykje. Vera paa Krakken Kl. 7 ½ og fyrst sleppa Pen Kl 6 – hæra paa so truverdugt som ein Skreddar held Bokbindar – slik er det vi gjerer Aviser. Dag ut og Dag inn Aaret rundt – og so blir ein god og løtta tilsidst! Um Kvelden er ein liksom halvfuld, naar ein sjanglar heim gjennom Gata, og um nokon spurde meg, kva eg ha gjort um Dagen, so var eg beka for aa svara.

Er fløtt fraa den gamle Hybel i No 1407 8th St. no, der eg budde so lengje. Eg, Ola Stokstad og Ola Kringom, “Nye Normandens” Redaktør ha slegje os ned her paa Nicollet Ave. – det er liksom Carl Johan det paalag. Ha leigt heile fire store Rum med Kjøken og alt som er, og saa kokkar Stokstad’n, Kringguten raar te Husom og eg vaskar upp att og sopar Golvet, so vi liver nokoso nær paa Fjeldvis, endaa Kringguten ymtar av og te um, at vi lyt frejste skillinge ihop til ei skarve Kjæring. Naar han gaar dangla att og fram paa Gata frå Herodes til Pilatus og skal “gjera Indkjøp” mea Toldpolitik og Byvalg og Krigen paa Kuba rumsterar i Skolten hans, so han gløymer att Lampolikanna hjaa Slagtarn, legg att eit Pund Mærakurv hjaa Mjølkehandlaren og gaar inn aat ein Gullsme og spør um Turrfisk og Gamalost – og han so seint um sia kjem att, so dunkar han i Bordet og meinar paa det, at det blir ingor an’ Raa enn aa faa Fat i ei skarve Kjæringpyngle kusser. Dersom du veit nogor halvgamal Gjeldsemle deruppi Dalom, ei som so smaat ha byrja slegje av, so kan du no gjerne nemne det. Her er Ved og Vatn i Kjøkenet og lettfengt paa alle moglege Maatar, seg. – –

Det smakar av Villmandsliv, men so har vi det bra koselegt likevæl. Stokstad’n har Storstugo han og har alle Veggjer so oversaadde med Maleri og Grejo, at det er paalag som aa koma inn paa Nasjonalgalleriet i Xania. Her er nokre Skisser av Kristen Holbø au som eg likar framifraa godt. Det er Utsigt fraa Sjaardalen sørover Lalm med Veggjemskampen, held kva det er der lengst burtunder Himlen; og so er det nokre Smaastykkje fraa uppved Sjodalen og uppi Fjellom der.

Og umkring Bordet mit er det no eit heilt lite Noreg, veit du. Eg ha hengt upp so tjukt med Bilæte av fjell og Fly og Sjø og Skog og Sætre, at det smakar Noreg langan Leid.

Kringguten og eg ha no gaat her eit heilt Aar og lagt fæle Planer um aa leggja i Veg med eit Maanadsskrift, ei Slags fattigsleg Blanding af “Kringsjaa”[2] og ”Nyt Tidsskrift”[3]. Berre smaat Stel veit du. Hittil ha det ikkje funnest noko slikt skandinavisk Skrift i Amerika. Det einaste i den Retning skulde vera Husbiblioteket[4], som gjekk inn i Fjor, da Eigaren[5] og Redaktøren[6] vart usams.

Men so vart vi for seint færuge, Kringguten og eg. No yrer det med Tidsskrifter paa alle Kanter. For fire Vikor sia kom “Frisind” i Nord Dakota for tri Vikor sia kom “Norsk Tidsskrift” her i Byen og for tvo Vikor sia kom “Skirnir” ute i Tacoma, og slik leik det. Hellest er no ikkje noko av desse etter vor Plan. Det fyrste er Trongsyn ista’n for Frisind, det andre er gamaldags, skulmesteragtig “Enfoldighed”, og “Skirnir” har eit stort illustreret Landavertissement midt i Boka, som skal smuglast ind i Lesaren under Form av ei “geografisk Skildring”. So det kunde altso enda vera Rum for eit ærlegt og skikkelegt lite Tidsskrift. Men no er det verre aa leggja iveg kusser, veit du. Vi fær no sjaa, da mata. Dertil blir vi vel so slitne og mergestole baae tvo af dette [...] Avisrate’ veit eg, at det er ikkje Botvon lenger. – –

Det kunde ha vore rart aa høyrt fraa uppi Dalom att ein Gong au! Kan du ikkje vaage deg ikast med eit Storark ein Dag? Han maa ha gløymt Løvte sit Langskjeggen au. Det er bra stilt. – Det er stilt med Fjellbrev i “Dølen” au vorte. Forsett so turr og tunn “Dølen” er vortin i det sidste, tykjer eg.

Ja so skriv du da!

Helsing

Kristian P.

Adr.

Narragansett Block. Flat 7. Nicollet Avenue Minneapolis Minn.

Fotnoter

  1. Statue av Ole Bull i Loring Park, Minneapolis. Utført av Jakob Fjelde.
  2. Tidsskrift grunnlagt i 1893 av Olaf Huseby og Hans Tambs Lyche. Skriftet hadde eit variert norsk og internasjoalt innhald og la vekt på ei enkel form som kunne nå alle.
  3. Tidsskrift grunnlagt i 1882 av Ernst Sars og Olaf Skavlan. Skriftet hadde politisk og litterært innhald, men i avisene vart det kritisert for å ha ei ufolkeleg form, som stengde mange ute.
  4. Illustreret Husbibliothek. Et Maanedsskrift for skandinavisk Literatur, Familieliv osv. (1891–95), også med litt annan tittel.
  5. John Anderson.
  6. Nicolay Grevstad.