Kjeldearkiv:1897-02-18 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1897-02-18 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 18.2.1897
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 113
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 18 februar 1897.

Kjære Kristian!

“Og han vendte sit aasyn mod jorden – – ”[1] ja eg tvilar for, at um eg so personleg hadde kome og sett skolten inni dørglotten paa “Røda rummet” idag, so hadde eg faatt kløyvt han med ein gong og eg ser allt i aanden, at du riv desse “raderne” i smolor og smaabitar. Det gjeld ingi aarsaking no lenger, er greidt. Elles var siste breve ditt etla eit snøggare svar –: dagen etter det var komi tok eg det med uppaa sætri for aa skriva svar um kveldane mea eg laag der med ein gamal baandomsven og skulde fylle ei fiskebytte, som stod att med eit styggt tomrum sia me fløtte heim av sætri. Men jamen kom det til aa verta ein annan dans! Dagen etter eg kom uppi Bøneslii vart eg sjuk so det var med nød eg kunde halde meg paa enden og treja dagen fekk eg tru paa aa kreka tilbygda, og det var au berre paa knip eg greidde. Det fór “colerine” i bygdi og eg trudde no det var den eg gjekk med, men so fekk dei sjaa, at eg var gul i augom og gul i hudi som ein kinesar og so vart det aa faa i doktoren[2]. Gulsott av argaste slag so eg korkje aat, drakk eller sov og doktoren drog meg von um, at eg skulde faa tøygja taalmode førr eg vart nokon kar att. Og det fekk han rett i – det var i vekevis eg ikkje orka nokon verdsens ting, hovude var som det skulde vore fyllt med bly og det var uraad aa ha den minste skilgrein paa tankarne; alt som høyrde med til forretningor fekk liggja, skulestyre, Rigsforsikringsanstalten og all “privat korrespondanse” vart liggjande i haugevis i bakevja so eg no har arbeidt paa sprengen i langeveleg tid for aa koma etter att. Enno ligg eg stygt i bakvatne, men eg er no likevæl komi so langt, at eg kan byrja med aa sona dei verste brevsynder. Og hjaa deg og Olav Kringen og Ola Austrheim har eg dei tyngste. – – –

Det er no verst med denne skuleplani døkkor som døkk sagte har venta svar paa solengje, at døkk no endeleg har gjevi upp alle voner for ei god stund sia. Eg saag lite um den plani i “Gbrdsdl.” paa haustkanten og eg skal seia som det er til: det gledde meg, at døkk hadde ein fri ungdomsskule i tankom, for det var so stuslegt, at Vonheimsskulen skulde slutte forutta ein arvtakar og ikkje berre stuslegt, men eit tungt tap for dalen. Men eg saag ogso vandskarne ved aa reisa upp atter ein slik skule –: fyrst vart det no alt anna enn beinkjørt aa byrje etter ein slik kar til føremann som Kristofer Bruun og dinæst aa finna ei høveleg form for ein bondeskule med den rette jamvegt av vekkjing og kunnskap – altso ein folkehøgskule som høver med tidi – det vil knapt vera gjort med ein gong aa finna det høvelegaste i denne vegen, det maa verta aa leita seg fram. Men eg fekk trast tru um, at døkk tvo er lagde for det arbeidet, du veit eg no har ditt livskall der og etter som eg har forstaatt Olav Kringen so er han so um lag av sama kaliber. Det som etter mi meining lyt vera grunnvollen ein slik skule vert bygt paa er bondekulturen, bondelivet – skulen lyt fraa fyrste ferd ta arbeidet etter Bruun upp att paa den leidi og det er vist Kringen med paa sovidt eg kan reikne meg til etter det eg har sett av honom i avisom – kvar du er treng eg ikkje spørja um, sjøl um du no, som sist, skriv aat meg paa “Kraakemaal”. Og er berre tofti under skulen trygg, so er dette andre med skuleplani smaating som greier seg for det meste av seg sjøl.

Det er ikkje anna ivegen med denne skulen for bondeungdomen i norbygdom, og som det er rettast aa leggja paa Sell (?), en det at det er fortidlegt, for det er so mange umstødor som kjem paa tvert just no, at eg tør ikkje raade til aa leggja ivegen trast. Vi har ein middelskule paa Vaagaa som no gaar treja vintren, det er eit meinhøve som lyt burt; middelskulane har vore svært paa moten no ei tid og baade N. Fron og Vaagaa har kosta seg den stasen – paa Vaagaa var dei 40 elevar ifjor, iaar er dei ikkje over 30. No tenkjer eg det lakkar lite um senn, at desse skularne gjer fraa seg og folk fær augo upp for, at dei er ikkje ein skule for bondeungdom, naar det ikkje just er bondeungdomar med so sterk sergjivnad at dei skal studera. Kva i guds reine namn skal bonden med all denne spraakkunnskapen og matematikken? – og dei tvau fagi lyt slike tvo- og triaarige middelskular leggja all vegti paa og sprengjekjøre med, dei andre praktiske fag tek dei paa ein so knosketur maate, at dei staar langt attende for folkeskulen, som han tek det i seinare aar.

Paa den andre sida har vi dei laake tider som gardbrukarane just no ligg ihoppersa under, verre en nokongong førr – det er ein strid for livet som no er kome so langt, at ei løysing lyt koma med det fyrste. Kvar ein er heilt upptekji av striden og alle ventar, at jønnbana[3] skal gjeva ei løysing av dei verste knutom – so er det aa gjæte som ein smed paa alle tidarteikn for aa finna ut korleis ein skal “gebærde” seg, korleis ein skal brigde og umleggja gardsdrifti so ho kan høva med den nye tidi, bana kom rullande med inni den “stille” dalen. “Rom og Konstantinopel er rystet i sine grundvolde” og alle folk er so avlagi skaka, at det kjem til aa gaa aar førr dei finn att seg sjølve og kjem i dei gamle faldor. Og førr bygdafolki vert seg sjølve att, kan eg ikkje tru det er bjoande til aa koma med ein fri ungdomsskule heruppe. Kor saart det en kunde trøngjast kva dag det skulde vera, for ungdomen her i bygdi fer ille i dette umskifte som jønnbana kjem med. Du har kanhende lesi eit stykkje um Gudbrandsdalen som stod i “Gbrds.dølen” her ein dagen – eit stykkje eg kjennde meg driven til aa skriva som eit slags svar paa noko Filseth skreiv um det sama, trast førr. Av det stykkjet kan du sjaa kva leid det ser ut til aa peika med ungdomen uppover dalen og du vil og sjaa, at eg der gat paa ein ungdomsskule som det rette middel mot denne fordømde by- og banekulturen, som no ikkje eingong eig snev av det, som med rett ber namn av kultur.

Soleis kan ikkje eg raade døkk til aa leggja iveg med skulen enno, kor glad eg skulde vore um han kunde kome i gang til hausta – for eg kan tenkja meg, at ingen av døkk har raad til aa tapa mynt og det er eg rædd vilde vera noko som fylgde paa no trast. Men gje berre ikkje tanken upp – eg skal freiste arbeida for saki baade millom dei unge og ældre, eg skal halde skulen fram i “Breidablik”[4] og i “Gudbrandsdølen” og eg skal freiste faa ungdomslaget paa Sell til aa ha skulen i tankom naar dei no skal til aa byggje seg samlingshus. So kan lett tidi koma snøggar, en nokon kan tru idag. Men meg fær døkk ikkje gjera reikning paa, det nyttar ikkje eingong aa tenkja heller paa meg som skulmester, sopass kjenner no du meg, naar du vil, at du veit eg aldrig har vore brukbar til di, og no, eg er mine 43 aar, innser du forutta peikstikke, at det ikkje er nemna paa, aa setja meg i den selen. Men alt eg kunde orka aa gjera uttamed til beinka og studnad for skulen, det skulde eg gjera med den største hugnad og glede, og eg vaagar aa ha so stor tru paa meg sjøl, at eg trur eg skulde gjera ei og onnor beinka imillom dei ældre folk her i bygdi. Olav Kringen trur, at eg har havt noko innverknad paa ungdomen heruppe, so grunnen derved skulde vera jemna til for skulen – nei det er eit misstak; det vetle arbeidet eg kan seiast aa ha gjort for aa vekkje eller halde uppe dei nasjonale, heimlege kjenslor, det er so smaatt, at eg raudnar naar nokon for fullt alvor vil tilleggja det nokor verking. Dette um skulen no, for det fyrste, eg ventar, at vi kjem til aa “forhandle” meir um det emni framover vaaren for eg vil no tru, at gulsotti ikkje kjem imillom heretter.

Ottdalen og Ottdølerne dei er dei sama som sist du saag dei; Iver, som gifta seg ifjor[5], bur no i skulehuset ved Lalmsbrui og driv landhandelen etter O. Saastad – Saastad tok paa seg stasjonshalde fraa di bana vart opna ihaust og so vilde han verta kvitt landhandelen i nokre aar. Posten kjem aat Lalm 6 gonger i veka og soleis veit du eg lyt gjera ei venda paa posthuset dags dagleg, medsama slær eg ihel eit par timar av dei pinaktuge tider med aa vera baanfo’st aat den vetle gutungen hans Iver[6] – her heima er livet mangeingong tungsamt – hjelp ikkje eg held paa aa verta meir og meire rar og gamal, mannsgrætten so eg trivst vonoms betre med aa grava meg ned i oske, dumba og bøker. I fyrsten av marts skal eg til Lom og Skiaker og slaa ihel 150 kronor eg fekk som stipendium til aa tøygja utor “befolkningen” dei gamle sagn, minner og “kulturhistoriske aktstykker” dei enno kan ha gjøymt att. Um utfalle skal eg melle næraste gong. Med avritsom mine er eg komi eit hanastig framover sia du sist høyrde noko um dei; Hansliguten har gaatt igjenom 3 hefter av “Syn og Segn” og fekk so halvgaa’n ros av Steinsvik i “Den 17de”. “Vetlkristen” er umvølt lite og ligg i bordskuffa, “Gamel-Hans” er ferdig med 2 morosamde og makalaust gode teikningor av Kr. Holbø – han skal no teikna 2 bilæti i kvar av dei andre 2 ritsi au. Eg tenkjer no so smaatt paa, aa gje ut det heile til næste jul som ei Iste samling “smaastubbar”, “smaabilæte” eller kva eg skal kalle det – um det skulde verta noko av, da. – Aasmundstaden raaka eg ikkje ifjorsomar da han og Filseth var paa fjellferd, dei fekk ikkje raad med aa leggja vegen um Bøneslii, men eg har havt brev fraa honom, ikkje lengje sia. Samlage har kjøpt Njaala og fyrste halvdelen kom etter jul – ypperleg lesnad, som sikkert vil styrkje maalvokstren. Langskjeggen maatte gje etter med Kviknemaalet og no kjem ho paa lett, fint landsmaal med sterk austlandsfarge. Maalsaki veks seg etter alle merkjer fram og fram med sikre, sterke steg. “Den 17de Mai” er ogopaa og fær større og større tingarkrins – trur mest det dryer ikkje lengje førr han kjem som dagblad. Og “Samlaget” arbeider med full bør i seglet, maalkassa ber til aa trutna til og soleis ljosnar det meir og meir – eg gløymde “Norsk Barneblad”, som kanhende har meir aa seja, enn nokon trur. – Jamen er det hugna aa leva no paa mange vis, og for oss maalmenn kan eg aldri tru det har vore so gode utsikter paa alle kantar. – Eg skulde ha fortalt deg lite um ungdomslaget vort og avhaldslaget au, men det fær eg gjøyme til næste brev, um du vil syne meg den naade aa skriva svar paa dette – til da fær eg sjaa til, um eg kunde skrapa ihop lite nytt au. Til slutt skal eg helse so mange gongor fraa henne mor – frisk og før som i gamle dagar enno – Paal Nygaard og Iver. Og so eit godt nyttaar fraa meg, um det so kjem aldri so langt baketter!

Din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. 1. Mos. 4,5–6. Kains reaksjon da Gud ikkje ensa offeret hans. Sjølve ordlyden etter Bibelhistorie for folkeskolen (1892, s. 5–6) av Vilhelm Poulsen.
  2. Magnus Øvergaard.
  3. Opna til Otta 29. oktober 1896.
  4. Vekeavis utgjeven frå 1895 av ungdomslaga i Nord-Østerdalen, Røros og Gauldalen. I 1921 vart Breidablik og Bonden slegne saman under namnet Austland.
  5. Gift 10. desember 1895 med Anne Ulmo frå Sel.
  6. Jakob, f. 17. juli 1896.