Kjeldearkiv:1901-08-25 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1901-08-25 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 25.8.1901
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 121
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Bøneslii 25de August 1901

Kjære Kristian!

Hjarteleg Takk for Breve som de var overlag hugnasamt aa faa no etter de lange Upphalde me hev teki oss i Brevskiftingi! Ja kven som hev Skuldi, de fær me ikkje gjeta noko um, eg ser du vil ta paa deg de meste og de er nok vakkert av deg, men no kan eg godt minnast, at de var du, som skreiv sist. – – – Eg kan ikkje seja, at de var som aa faa Bod fraa ein Avliden daa Breve ditt kom, for de var deg sjøl fraa fyrst til sist, den “Gamle” heilt ut, allt var so kjends og eg maatte so ofte minnast Ferdi vor fraa Mæringdalsbuom um Vaalbu og uppaa Mugkampen, ein Hausten for mange Herrens Aar sia. Ja vent no lite, skal du faa fersk Helsing fraa Mugkampen. Eitt er vist, kva du hev gjenge igjenom desse Aari og kormykje du kan ha utvikla deg, deg sjøl hev du ikkje misst. – Den, som no berre viste, kvar ein skulde byrje, rettast er de fulla aa gje eit lite Rit av Live mitt i siste Tider. Og eg er da med Helsa, ugift, graa uppmed Øyrom og “kall i Hjessan”, hev selt Garden og teki unda Sætri der eg no bur Aare rundt med’n Mor og ei Tenestjente.[1] Dei siste 5 Aari hev eg teki imot Somargjester, freista klora meg fram og fram so eg fraa 7 de fyrste Aare er komi til noko over 20 no dei tvo siste. Eg kan seja, at Staen no er sopass upparbeidd og kjennd vorte, at eg kan faa Folk de, eg kan ta imot, dei 2 siste Somrane hev eg ikkje eingong lyst i Bladom, og i Somar var de mange av Gjestom som var her 3dje Venda. Soleis kan eg ikkje ha Aarsak til aa vera missnøgd med Yrkje, men eg hev kosta mykje paa Husi og Stelle her uppe og sit godt i Gjeld, kan du vita som alle me Vaagaaverer gjerer. Kunde eg berre vera Kar til, aa faa staduge Vintergjester her au, so trur eg nok, eg skulde greie meg med aa vera Kleivsætergut paa Livetidi. Sia du var heruppe hev eg bygt ei tvihøg Stogu og ei til med Ramloft, heile Greia er halde i gamal “Stil”, etter liten Evle daa, for de kostar formykje aa byggje “stilfuldt” maa’ta. Ramlofte kan du elles tru er eit grepa Hus med Utsigt til Graahøi i all sin Drust og eit Glimt av Lomshorungen, vakraste Fjellformi eg veit.

Du undrar deg sagte over korleis eg kan koma ut av de med Byfolk og Bykultur, for du veit at eg var ein “meget ubekvem Materie” aa gjera Hotelvert eller “Pensionateier” av. Aa jau, de gaar svært bra, eg er Døl heilt ut, er de med “Bevidsthed” og trur paa min gode Bondekultur eg likesovæl som Gjesterne paa sin Bykultur og eg ser aldri anna, en eg vert møtt med Vørna og Godhug. Eg hev vori heppen til aa faa vituge, greie Folk i Huse kvar Somar og de hev enno knapt henda, at nokon hev vanntrivist. Eg legg meg ut um aa gjeva allt mit Stell Daam av Sæter og held de “hotelmessige” burte solangt de er Raad, gje alle Friheit so mykje dei med Sømd kan nytte og de veit du, Byfolk er glade i. Dei kyter ogso svært av kor godt dei har de hjaa meg, naar dei kan faa njote Fjell-Live i fulle Drag og fær kaste alle “conventionelle Hensyn” paa Skraphaugen so dei ein 4, 6 Vikur kan faa vera Menneskjor heilt ut. Naar 14 Dagar er gjengne er me alltid ein 12, 14 Stykkjer som liver samen mesta som ein Huslyd, so fær dei nasjonale Interessor og paa den Leidi vert eg eit lite Orakel for dei. Dei legg Elsk paa Vaagaamaale og legg seg etter aa snakke de, vert maalvenlege so eg lyt liggje halve Ykti med deim nori Furuskogen og lesa Sivle, Vinje, Sigurd Nesse og meg sjøl for deim. Aa Byfolk er ikkje so reint burte dei, heller; naar berre me Landsfolk trudde paa oss sjølve, me au, og ikkje var so feruge til aa vera Abekattar, so vørte de trast ikkje den Skilnaen som de er millom dei tvo “Kulturer” her i Lande.

Isomar var de ei reint utifraa grepa Samling med huglege Folk paa Kleivsætri og me livde høgt paa national Aandsføde inne i Peisestogu um Kveldane og ute i Furuskogen um Dagane. Innafor Samlingi var de ein 7, 8 eldre Gjester, “Stamgjester”, som dreiv og dyrka meg som ein national Husgud og som eg attistaen maatte vera naadigt Forsyn for seint og tidlegt. Sume Tider kunde detta vera brysamt nok, men so kunde de ogso vera Hugna me de imillom. Som ei Ferd me gjorde uppaa Kvitingskjølen sist i Juli, ei 3 Dagars Ferd med so mykje Moro og Smaahendingor og so fraa Toppen (6776”) eit Utsyn over Jotunheimen, Romsdalsfjelli, Lesjafjelli og Rundarne som er ugløymande! Kjem du eingong paa Kleivsætri vil du finne denne Ferdi upprita i “Framandboki” med “Illustrasjoner” etter ein Konstnar som var med. Fjortandagar seinare drog me avstad att fraa Kleivsætri Kl. 8 ein Laurdagsmorgo og vilde vitja Mugkampen. Gjekk paa Sprengen over Graahøi, burtetter Moom og kom paa Staalsætrene ved Middagsleite. Etter ein Times Kvild i Steinfinsbøsætri klembde me avstad paa Ferdi att og naadde Toppen ½ 5. De bles deruppe daa, som den Gongen eg og du var deruppe, Utsyne var ikkje heilt fritt til alle Leider, men likevæl saag me somykje stort og gjildt, at ingen av oss angra paa Ferdi hjelp ikkje ho vart stri nok, for me gjekk all Natti etter og kom paa Kleivsætri att Kl. 4 Sundagsmorgon! Soleis kan eg bera deg ei Helsing baade fraa Mæringsdal[s]vatne og Fiskebuom, fraa Staalsætrom og Mugkampen! Allt staar i de sama Støi, Vatne glimar og glitrar like godvori imot ein som førr og Staalsætrane ligg med den sama “idylliske” Freden over seg, ikkje aa tala um Mugkampen, han ser enno ut til aa liggje berre eit Riffelskot fraa Sætrom den Dag i Dag, men Skjelmen tøygjer Kuven lenger og lenger, etter som ein kjem uppetter, akkurat no som førr.

Men de vert kanhende i meste Lage av dette Snakke um Somargjeste, Fjellferder og Kleivsæterliv, eg skal berre til Beslutning fortelja, at ein av Andvegssulorne[2] i Maalhallen vor laag paa Kleivsætri ein Maanad isomar, Steinar Schjøtt. Du veit kanhende um, at han av Kyrkjedepartemange i 5 Aar er fritekje fraa Overlærarombude sitt for aa gjera ferdig ei Ordbok over de norske Folkemaale, dansk Ordbok med norsk “Forklaring”. Dette vert eit Storverk og Schjøtt er rette Mannen til de Verke; no ligg han og gaar igjenom allt, som er skrivi paa Maale, leitar etter kvart eit Ord og kvar ei Vending han kan bruke til aa umskrive Dansknorsken med. So sendar han Bod aat Menn utover Bygderne, som han trur kan gje honom nokor Rettleiding, Ivar Mortenson, Johannes Skar, T. Mauland og m. Fl. hev han soleis pumpa lens. Heruppe dreiv han med meg 2 Timer dagleg og daa han fekk framifraa Tru og Vørnad til Vaagaamaale og meg au, maatte eg lova ut aa koma inn i Byen i 3 Vikur ihaust, so han kunde faa pumpe meg turr til siste Dropen. “Naar eg finn ei Vending som er lik baade paa Vaagaamaal og Sætersdalsmaal, so veit eg ho er egte, daa”, sa Schjøtt og um meg sa han, at eg var so paalitande, at han hadde havt den bedste Hjelpe av meg, som han enno hadde havt, Ivar Mortenson var glup, men han var ikkje paalitande, let han, han hadde gjort mange Ord og Vendingor som ikkje var egte. Naar eg kom so i Krithuse hjaa honom var de kanhende mykje av den Grunn au, at eg nokre Gonger var heppen til aa finne Avløysarar for dansknorske Ord, som ikkje Folkemaale eig Ord for, og de er truleg slikt me skal ikast med ihaust. Nokor Moro vert de ikkje, de veit eg fraa Timarne isomar, men de er forvitnelegt likevæl og so kan eg med de sama faa Aaføre til aa grava upp eitt og anna um Heimbygdi og Live her i gamle Dagar ved aa nytte Riksarkive, Universitetsboksamlingi o. L.

Ja Maalrørsla trøngjer inn allestaer og Maale gjerer Framgang, smaatt gjeng de nok og de vil vara lengje enno førr me kan naa dit, at dei tvau Maali er jamspellte paa alle Leier, men den Dagen kjem, de er de ingen Tvil um.

Du kyter so av Skulesoga mi, at de er mest so eg kunde tru du hev lært deg til aa smeikje, men de er fulla Bygdaskyldskapen som hev gjort deg nærsynt. Noko so gjildt, som du gjet um er de nok ikkje, men eg tenkjer likevæl no paa, aa gje Skulesoga ut som særskild Bok med ein heil Del Utfyllingor, Bilæte av Krag og Bilæte og Livsskildringor av Frik, Embret og Paal Haugen. – De vert lite av med Forfattarskapen med meg, no hev eg gaa-ande i Syn og Segn desse Kveldsetuskildringurne fraa 60 Aarom der eg tek med allt eg kan orke faa med av serleg Vaagaa-Bondekultur. Skyttarlive, Fehandlar- og Fjell-Live hans Far og so Live utta og innastokks paa Garden. De vantar ikkje paa Vyrkje er eg berre Mann til aa handsama de so de ikkje baade misser Liten og vert uturkleina.

Ola Langskjegg er Høgskulelærar samen med A. Austli, Møre Folkehøgskule i Ørstadviki. Skulen gjeng godt og Langskjeggen hev kjøpt seg Toft med noko Jordveg til og skal til aa byggje seg Bu i Ørstad – han vil verta Møring for fullt Aalvor, no. Han Ola er nok Ola som han hev vori, ein Fagnakar og rein Døl all igjenom. Han hev dei tvo siste Aari faatt nokre Gamelmannsfakter eg ikkje kan kjennast rett ved, men me gamle Ungkarar skal altid leggje os til noko slikt forbanna, mosavoksi Segumslag, veit du – eg held paa fær ei Reim av Hudi eg au, Gud naa’s. – Høgskulen held paa aa koma upp att no, Valdres hev nyleg fenge sin[3] og no er de ikkje reint utur Von for n. Gudbrandsdalen att heller. Eftestøl og Aasveien hev tenkt paa kanhende allt ihaust aa klemme iveg, enno er de ikkje gjort noko med de, men de er elles gode Utsikter til, at de vert noko av, de skal haldast eit Møte um detta paa Otta i næste Maanad til Val av Skulestad o. a. m. – Isomar hadde me eit gjildt Lærarkurs uppi Vaagaamo med Eftestøl, Hægstad og Renolen til Lærarar; de var igrunnen der Høgskulen for Gudbrdsdln. kom paa Vange med di eg tok til aa mase med Eftestøl um de – førr ei Tid fekk eg han til aa halde Foredrag um Høgskulen paa Ungdomsstemna paa Vinstra: de galdt aa byrje rote i Jordbotnen, ser du. Høgskulen er ei Livssak for oss, Amtsskulen og enda meir Middelskulen el upp somykje turr idelaus Ungdom her i Dalen, at ein vert frjosen berre av aa sjaa paa dei, fær me ikkje ein god Ungdomsskule med de Fyrste vert de Per Gyntar baade av Kar og Kvinnfolk Bygderne rundt. Men no er de lite vandskelegt aa koma paa Gang med Høgskulen att heruppe, Bruun og Bøhn kjørde burti Grefti med Politikken, maa’vita og so er de denne seige Dølamisstrui daa, aa vinne over for de Fyrste, og de tek Tid. Men med Guds Hjelp vonar eg de gjeng, byrjar Eftestøl, so er han ein Mann med den Tyngdi, at han held Vegti og so har han lova ut, at han ikkje vil ha de Slag med Politik aa gjera. Eg gjer allt eg kan for aa faa upp att ein Høgskule heruppe og kan eg orka fremja den Saki, um de er aldri so lite, vil eg reikne de for de likaste eg hev gjort.

Men de er so reint forr mykje aa fara over no, etter den lange Halten i Brevskrivingi vor, de er t. D. denne Ungdomsrørsla og allt de som fylgjer med henne eg skulde ha fortalt deg noko um. Men de vilde ta slik Tid, at de er Uraad denne Venda, og so hev du alltid fylgt so mykje med, at du kjenner Dyre paa Skapnad. Eg skal no vera mest som ein av Zions Vektarar eg, daa, etter di eg hev vori Formann for Ungdomslagom i Gudbrandsdalen i 2 Aar. Men eg lyt gjøyme Visdomen min paa den Leidi til ein annan Gong.

Jau, du kom deg inni den “hellige Egtestand” lel du, og ser ut til aa like deg godt der, eg skynar nok, at de er baade med aandeleg “Hovmod” og “Medynk” med meg du fortel um dei trivelege Smaajenturne dine. No ja, eg unner deg likevæl godt den Hushugnad eg skynar du hev, eg vonast Vorherre hev gjeve deg ei bra Kjerring au – kva godt du no kan ha gjort honom – og daa er de ikkje noko aa takke deg forr, um du kan skrive eit Brev likeso livsfriskt og Dølalentugt no, som i gamle Dagar. Hels Kjeringi og dei tvo Smaajentom fraa meg. Kan du ikkje sende meg eit Bilæte av heile Lyden so skal eg sende eitt av meg sjøl istaden? Eg held paa aa gje upp Voni um allt som kan kallast Huslykke og Husliv her i Verdi, og eg trur eg skal kunna grava desse Voner ned forutta aa verta beisk og bitsk og burtgjevi. Kunde eg faa gjort lite for antel Samtid eller Ettertid so eg slapp aa gaa herfraa med den tunge Kjennsla, at mitt heile Liv berre hev vore eit Maafaaverk, so hev eg ikkje større Krav, lenger.

Iver hev au vore givt i 6 Aar og hev 3 friske, kveke Born 2 Jentor[4] og 1 Gut. Guten som er eldst og heiter Jakup er just heruppe no hjaa Bestemor si. Eg skulde no helsa de beste eg raaka paa fraa Iver. Hans er ogso gift[5] og baskar med Gardsbruke, Paal hev vori mesta heime hjaa meg dei 2 siste Aari, no ihaust byrjar han aa handle paa Sellsverke – Med desse tenkte eg aa la de skure denne Venda, eg veit væl, at de er ikkje ein Gong det Halve av de, eg skulde skrivi um og sovidt hev nemnt, men eg vonast me aldri heretter gjer so lang Stands meir, og so kan eg lite um senn faa med de eg ikkje kan rekkje med ein Gong. De vert truleg for det meste tomt for Bygjester her no utetter Hausten og so lyt eg freiste skrapa ihop ei Bytte med Rakafisk – skal verta – til Vinteren, men Fisken her paa Vatnom er like innful som i gamle Dagar og vert heller verre til kvar Haust. Me held paa aa ser i dei fyrste Haustmerkjer i Fjelle allt, Kjeringkjørri held paa verta avleta og um ei Veke vert fulla Vetlsæterlii og Flatningslii isprengt med Gult – so kjem Haustvinden og dei lange Kveldarne.

Med Helsing aat deg og dine fraa

din

Ivar.

Fotnoter

  1. I folketeljing 1900 er Andreas Jakobsdotter Nilsonløkken tenestejente på Kleivsætra. Pål Kleiven er òg registrert med bustad der.
  2. Frå norr. ǫndvegissùla 'høgsætestolpe'.
  3. Valdres folkehøgskule vart starta i 1899 av Ola E. Bø.
  4. Målfrid og Borgny Kleiven.
  5. Gift med Anne Selsjord frå Sel 8. juni 1900.