Kjeldearkiv:1886-11-13 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1886-11-13 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 13.11.1886
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 13
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 13. 11. 1886.

Kristian!

Men skulde du sett argare gut [...] te å skrive her i væren, du! Der kjem han førande mæ eit brev mæ siste posten att au, og eg har nettup sendt ivegen eit svar på førre breve hans, heile tvaug ark langt. Ja, hunden rugge meg, fær du meir enn eit ark idag, dæ skal eg vera mann for; dæ er nok så, at eg nyleg har kjøpt meg ei bok mæ brevpapir upp i Heiddalen, men dæ går likevæl ikkje an å sløse så mæ “herrens gaver”. Elles, når eg vilde vera ve dæ, så veit eg ikkje noko grummare lel, enn dessa stygge breva dine, men dæ er dæ da ikkje nøvendugt, du set utover, så dæ spørst.

Detta var da innlei-ing, ho kom eg da vælskapt over, men innhalde? Ja, dæ fær bli mi sak, er von. Å, dæ er sannt! igjårkveld fækk eg greie frå skulekommissionen um, “at jeg kan begynde aftenskolekurset i Otdalen. Besluttet mod 1 stemme. Holmboe”. Ser du dæ – dei skjønar fulla ikkje enda kor farleg eg er; den eine stemma var Pål Råstad, den mest trongsynte og materialistiske talgeukse bygda har ale. No skal du viare høyre, korleis eg har etla meg te å drive dæ mæ undervisningen. For kveldskulom er dæ utarbeidt ei plan som er etter “ånden”, så trong og skulmesterlugum, at skal ein gå nøye etter henna vilde elevarne reise sin veg fyrste kvelden, kvar ein kart. Her lyt ein uttanum, men dæ lyt gjeras klokt, for du lyt gjeva inn “innberetning” um skulen og greie på timtale og kva som er undervist i te kvar time. Kjem du så påtvert mæ planen så farvel, da er hundre og ein ute. Plana umfatta regning, skrivning, diktat, læsning, histori, sang og m. m. m. No har eg tænkt å ta dette på ein måte, så elevane kunde ha den mest beint endeframme nytte av dæ som mogelegt og så dæ kunde gå mæ hug, for brjote vakse folk innåt pultom, som småborn, nyttar ikkje. Eg lægg mest vægt på geografi, reikning, norsk og naturkundskap. I geografien, der eg særleg vil halde meg åt Norigs, vil eg lure inn ei gjennomgåing av heile vor komynallovgjevna, for dæ er noko, folk som oftast er reint ukjennde mæ. Under reikning vil eg ta einkelt bokhalderi og freiste få lært dei dæ fuldkome, så dei kan vera istand te å føre eit greidt reiknskap, um dei fær bruk for dæ i live. Mæ læsningen vil eg au spela planen eit puds. I haust kom dæ ut ei læsebok for høgskule, amtsskule o. sl. av Brok og Seip tilmåta etter literaturhistorien dei gav ut ifjor såleis, at forfattarne mæ sine stykkje følgjer, frå P. Dass og te vore daga, dei korte livsskildringor i literaturhist. No har eg tænkt å fortelja fyrst um forfattaren og så baketter la dei læsa dæ, som han ha skrive, som står i læseboken og så derunde venja dei te, å læsa mæ “betoning” mæ “forståelse”. På den måten trur eg, at eg skal fyrst lure plana og sia elevarne, for dei har ikkje hug te å læsa høgt på kvardagsvilkår. I norsk er dæ truleg vi tæk fatt på Vågemåle. Så skal vi ha sang, eg har sikra meg go hjælp i dæ fag, for tonehuse mitt er dæ skidt mæ, som du veit. Dans og leik kjem vi nok au te å ha, gud bære oss! Upplæsna av morosamde stykkje kjem nok au te, å ta burt mangein go time for oss. Åja, no veit du no på ei gjær korleis dæ skal gå te på kveldskulen min i vinter; eg glær meg te dæ arbeie, for dæ er no alti likar enn inkje um eg ikkje er så rar skulmester held, og dæ veit eg, at eg ikkje er. Men lite meir røynsle og vet har eg no på mange ting lel, enn desse unge, lærviljuge og snille gutar og jento herumkring. Og så lit dei på meg og held av meg og dæ beinka på mykje, som elles gjenne vil gå av lagje.

I overmorgon reise eg på ligningsmøte, trast um morgon, førr fa’n fær på seg broka, og ikvell og imorgon lyt eg studere skattelova og Dahls: komynalforfatning for landdistrikterne. For eg lyt møte væl “rustet med god og alsidig kjendskab til loven” ser du. Ja, så er arke mesta klart og eit te fær du ikkje. Næste gong eg skriv, truleg frampå ve kjyndelsmessleite, skal du fulla få tvo ark att og Åsmundstaen lyt no au få ei løyngje da, fær du segja. Hels honom! Lev så inderleg væl da og når du ikkje har anna gjera, så skriv uppi Gudbrandsdalen åt

din

Ivar.