Kjeldearkiv:1906-02-18 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1906-02-18 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 18.2.1906
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 132
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætri 18/2. 1906.

Kjære Kristian!

Igjaarkveld, Paal kom att fraa Bygdi med Post, var “Symra” med og eg laag og las langt utyvi Natti. No lyt eg idag skrive og seja deg hjarteleg Takk for Boki. Symra er rigtig gjild, skiftande og godt Indhald og ikkje minnst er Stykkje ditt um Sivle klaart, varmt og hugtakande, kormykje du no lastar det sjøl! Det skulde glede meg um dette Tiltake fekk slik Medhug, at Aarboki vert eit fast Skrivt til kvar Jul; kunde døkk kvart Aar koma med so mykje godt og gjildt, so vilde det vera noko anna, enn alle desse Jolehefterne vi her heime kvart Aar plaagast med. Ja “Hans” held eg unda denne Rosingi, for han er styggande folin millom di andre; men det gaar meg stødt soleis, naar eg skal gje Karakterskildringor, allervist paa Rix. Og so laag eg no so nedklembd og vonlaus den Tide, eg knuvla og skreiv han, at det var ikkje likare vente. Beint fram Haar i Smøre er det kanhende ikkje likevæl, men at det ikkje held Maal med det andre i Boki, er lett aa verta var. Den sama Ferdi fôr eg umlag sama Tidi eg skulde skrive eit Stykkje aat det einaste nynorske Julehefte vi har, “Jolekvelden”. Dette er au eit Tiltak som skal freiste og vinne seg Fotfeste og difor treng Innhald av beste Slag. No skulde eg freiste gje ei Skildring av ei Kveldsetostund paa ein Gard so umlag 1863 med “Husflid” og Heimehygge – desse Stunder, som skapte meire “Karakter” i Ungdomen, en baade Skulen og Presten. Men – det gjekk væl ned i Oska: eit avbragdsleg langt, seigt og livlaust Stykkje! Og Bilæti aat Berner til Stykkje mit, umframt Umslage, er hellerikkje av deim, som “løfter i Aanden”. Jau, det vart til aa stydja Tiltake! eg vert nuvot kvar Gong eg tenkjer paa det.

Men er det ikkje forunderlegt, at ein Tanke kan fødast samstundes paa baae Siur av Have! Nettup denne sama Plani du nemner i siste Breve ditt, fekk Liv i Konservator Kristofer Visted ved Bergens Musæum ihaust. Trast førre Jul fekk eg Brev fraa honom um, at han “fra Begyndelsen af næste Aar agter at udgi et “Tidsskrift for norsk Bondekultur”. Jeg har haabet heri at kunne samle alle de forskjellige Penne, som arbeider med dette Emne, og som nu arbeider spredt rundt omkring i Aviser og Tidsskrifter. – – Moltke Mo har lovet at yde det sin Støtte. – – Tidsskriftets Indhold vil udelukkende bli kulturhistorisk, Filologi er ganske banlyst derfra. – – Der skrives baade Rigsmaal, Landsmaal og Bygdemaal; Hvis De skulde ville yde Bidrag til Tidsskriftet, vilde jeg helst ha det paa Landsmaal – – – –”. No er allt 1ste Hefte kome – 4 um Aare berre – og eg skal daa ha ei “Ættesoge” (Kleppeætti) gangandes gjennom heile Aargangen. Det er mange gjilde Folk som er med og fyrste Hefte lovar godt, men um det fær so god Studnad, at det ber seg, er nok paa Voni. Eg fekk Brev fraa Visted daa fyrste Hefte kom, og daa var det forrtidlegt til aa sjaa kor det bar av, men det spaar ikkje godt, at han ikkje har faatt Forleggjar, men lyt bala med Utgjevingi sjøl. (12–16 Ark um Aare Kr. 4.00).

Skulde du sêtt noko slikt! og eg kan ikkje anna enn bera meg ille for, at Kr. Visted fekk sett Plani di i Verk førr, før du Eingong fekk tenkt ho heilt ut. No kan det nok vera, at det hadde vore vaagsamt og sett Framtidi si inn paa det, og eg hadde ikkje med eitt torst raadt deg til di, men all Studnad og Beinke eg kunde gjevi, skulde med hjartans Glede vore fal. Med god Fyrebuing har eg Von um det skulde gaatt, berre det, at du kunde faatt nokre Hundre Tingarar i Amerika, hadde stydt godt under. Kr. Visted har gjort forrlite i Fyrivegen, ikkje Eingong lyst i Bladi um Tiltake!

Ja, det lid so vi skulde havt deg heim att no og vi skulde havt deg her i Gudbrandsdalen, for det er no Nordøl, du er, i Hjarterøtom. Men korleis det skal gaa for seg, det er lite travaleg aa finne ut. Det er ein Tanke eg iaar ofte har kome inn paa og eg skal nemne honom, so kan du sjøl rekkje han viare ei Stund.

Det har vore gjort det eine “Forsøke” etter di andre med eit Ungdomsblad for Austlande som kunde vera som Organ for Ungdomsrørsla og alle dei Hundre Ungdomslagom, som i dei siste 10 Aar er vorte ein Stat i Staten. Vi har havt “Breidablik”, “Ungdom”, “Symra”, men alle er dei gaatt til sine Fedre av den og hinn Aarsaki. “Symra” kunde gaatt, men Klaus Sletten er Vestlenning og Vestlenningane kan aldri stille Fela, so det svara paa Austlannde; dertil la han Tonen 3 Oktaver forrhøgt og preikte Kristofer Brun so det var reint “uliklegt”, so han “gjorde sin egen Ende” og hadde seg sjøl aa skulde for det. Men eit Blad skulde Ungdomen endeleg havt, eit greit og folkelegt Blad som hellerikkje hadde gløymt den praktiske Sida ved Live og som attaat vilde arbeide for Bondekulturen. Det maatte nok setja Beini i Notidi men difor ikkje skjera av Tægerne i Fortidi, vi er grodde upp av. For det fyrste maatte det bruke baade Riksmaal, Landsmaal og tilmaata Bygdamaal og soleis vera eit Overgangsled i Maalvegen og eg har tenkt meg at desse Norbygdirne i Gudbrdsdln. baade i Maal og “Kultur” likesom i stille Maatar skulde gjeva Blade Daam. No er det ikkje greidt aa “starte” noko slikt her i Lande og kanskje verst au paa Austlande; greiaste Vegen trur eg det vilde vera, at “Gudbrandsdølen” paa Vetlhamar ga ut 4 Numer i Vika soleis, at det 4de var eit Ungdomsblad. Han maatte da til di leigje seg ein gjild Redaksjonssekretær og til di vilde du vera som skapt fraa fyrste Upphav. Eg trur ikkje dette er eit Luftslott, men at det vilde vera ein sopas “Finansoperasjon” for Filseth, at han kunde gjeva Sekretæren baade Brød og lite Smør paa det. Enno har eg ikkje skrivi noko um det aat Filseth, og no kan du fyrst tenkje paa det ei Stund – fell du so inn paa det, so skal eg slaa paa det aat honom og høyre, kva han meinar. At vi paa Austlande treng eit Ungdomsblad lyt alle skyne, vi er ikkje tente med all denne Fjoringskulturen. Berre allt dette uægte Maale dei driv med, Riks i Aasens Bunad! Ja tenk no paa dette og let meg høyre kva du trur, naar det lid um ei Rid. Det fell av seg sjøl at eg knepper Nebb um Planir og Tankar; berre det no ikkje sit ein Kristofer Visted att ein Stad, som med eit Slag traadlaus Telegraf fær Melling um det og set “Plani” iverk! –

Kvar Tid og Stund eg har, strævar eg med denne Bygdasoga mi – “Vaagaabeskrivelsen” – som etter Tanken skulde ta upp i seg Segner fraa Vaagaa. Fyrste Bolken skal vera ei “Vaagaa-Geografi” og der skal eg daa freiste gjera so god Greie eg kan paa Utvikling og Framgang i Matvegen. So kjem som ein Bolk for seg sjøl “Gardar og Ættesogur”, der eg tek so ein 30 Gardar, um ein annan i Soknom, kvar for seg og fylgjer Brukaran Mann for Mann attende so langt eg kan, og med Mellingor, som eg skynar kan ha den minste Verdaga, baade um Folke og Garden. For mange Gardar kan eg koma langt upp, sume heilt til 1350; dei fleste kjem eg daa upp til 1528 med. Det er eit seint Arbeid – du skulde berre sjaa dei Papirhaugar og Uppskriftir eg for kvar Gard maa rote igjenom! Men forvitnelegt er det. So Fyribels er eg ferdig med 15 Gardar, derav 5 Heidalsgardar. – Etter denne Gardbolken kjem “Skyttare og Kjempor”, “By[g]dakonstnare, Konst og Handverk”, “Upplysning og Skule”, “Segner”. Boki skal ha Bilæte, var Tanken. Det er leit med di, at Boki vil verta forrstor, kanhende minst 30 Ark og soleis ogso forrdyr, kanhende ho bør delas i 2 Band. Naar ho kan verta ferdig, det er nok ikkje godt aa skjote paa; kunde eg faa Fred for Matslite og Gjeld og Matsorgir, var det kanhende ikkje utur Vonom med, aa greie det paa 1 Aar um Helsa staar med Lag. Men det kan koma so mangt iveg og eg maa no inn ei Ferd i Rigsarkive att, for aa sanke Tilfang for dei seinare Mannsaldrom, nedetter fraa 1725. Eg kjem paa ein Ting, som eg vist ikkje har fortalt deg førr – at vi er skylde ikkje mykje langt atti Tidi veit du vel, men at vi høyrer til den gamle Listætti paa Kleppe og paa Kvinnfolksida til Gjeslingætti, veit du sagte ikkje. Og med di røtar vi attende til i 1160 paa ein Kant og minst 1350 paa hinn. Aa ja, det kan ikkje vera so mykje aa briske seg av denne gamle og lange Skylda, det er sannt, men det er no noko forvitnelegt ved det likevæl og med all si Utekkje har no den sterke Ættekjærleiken skapt dei beste Sidur hjaa Nordølom. Og paa denne Leidi er det eg trur dette Arbeide mitt kan faa noko Verdaga for komande Tidir, um eg fær Magt til aa fullføre det.

Desse næraste Dagane skal eg til med Gudbrandsdalen for Præmieboki aat Dekorap. Um det no berre ikkje skulde verta ei daamlaus, utfaadd Skildring att, det au, for “Barometre” det staar nok helst paa “Optikus Petersen” og daa er det ikkje Aandi, som driv.

Det ser mest ut til aa blaase upp til Bør for Maalmannsskuta att no, ein ser det paa mangt: Skulestyri utover Lande lyt til aa raa seg til Landsmaalstillegge aat Rolvsens Læsebok, Gjelsvik er vorte Professor og “Verdens Gang” held paa vert sinnt. I næste Maanad kjem kanhende fyrste Hefte av “Dansk-norsk Ordbog” og i Tinge skal dei ha Maaldebat. Aa jau, det ekar seg nok fram eit Hanastig, best det er, att. Og det sama gjerer Dagen og Soli her no – ho skin snart heile Dagen og Skogen og Fjelle fær ein Daam av Vaarver over seg. Marts er ein fager Maanad i Fjelle, skulde du sjaa og eg gleder meg paa denne Tidi. Med oss er de i alle Maatar status quo og eg skal helse fraa Mor, Iver og Paal so mange Vendur! Og so ei hjarteleg Helsing aat deg, Kjerring og Born fraa

din

Ivar Kleiven