Kjeldearkiv:1910-01-26 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1910-01-26 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 26.1.1910
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 148
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætre 26/1. 1910.

Kjære Kristian!

Godt Nyaar og Takk for de gamle!

Med desse senda eg ei heil Maakke med utskrivi Papir aat eit Norddølsbrev att – klaart Rot og Fjask, men kann de gaa i mine kjære Landsmenn der over, so kjør de i deim.

Du undrast vel paa, kvar eg har ferdast og kva eg kann ha fare med sia sist eg let høyre fraa meg. Ja, so fælt vidt har eg ikje fare enno, og heller ikje har det vorte so grovt mykje gjort med meg. Føre Jul var eg ei Ferd ned i Heidalen og laag paa Slette og grov i gamle Papir i 4, 5 Dagar, eg har ein Gong førr for mange Aar attende gjort ei Ferd etter de Arkive medan “Gamla”[1] livde, men ho laag laak so eg slapp ikje til med Helligdomen. No slapp eg da til med di og eg lyt seja eg fann mykje godt Vyrkje for mine Arbeid, somt reint uventa, au. Paa Heimferdi var eg over ein Dag i Prestgarden, der eg ikje har vore sia du var heime. De var framleies hugleg aa koma der i Garden, dei gamle[2] er dei sama som dei var sist, greie, endeframe Bondefolk som altid er tylege aa vera isamen med. Og dei unge er alle overlag gjilde Menneskjor, strævsamde, hendle og veltænkte, den eldste Sonen[3] er eit Arbeidshugu av dei fyrste og ein Mekaniker som ikje staar fast med noko han tek seg forr med. Han held paa aa setja upp ei Cirkelsag nedi Jorde og har veita fram T[r]ytjo til Drivkraft, ho skal drive ein Turbin, og kva han kjem til aa setja i Gang der allt, før han gje seg, det er ikje godt aa vita. Han synte noko Smedarbeid han hadde gjort og som var eitt med di beste eg har sêt har vore gjort av ein Bygdasmed, det kunde godt mæle seg med di beste Arbeidom som finnst ette ’om Hans Leirflaten og ’om Ellan Li’n. Treskjerar er han au og har tileigna seg den gamle Gjerdi etter Klukkstaden og Sæterdølen, so den Guten har eg Aga forr. Den nesteldste[4] er ein drivandest Kar paa Kvanndagsarbei, alle er dei støe Folk som trivst heime og ikje gjev seg med i den laake, tome og mykje attaat raae Moro Ungdomen driv med. Storhopen av den vaksne Ungdomen i Heidalen no er beintfram noko Herk, berre ideleg Fylle so snart dei kjem ihop antel de er Yrk hell Helg.

Paa Prestgarden raaka eg ’n “Komvaageme”[5] og no han er mange og Otteti, var han mykje meire verd for meg enn før i Verdi, eg fekk vonoms meire Vyrkje hjaa honom og eg etla meg nedover att aat ’om trast eg kan sleppe laus fraa den “Aaloga” eg no har paa meg. Kvi daa?

Jau ser du, Tenestjenta fekk “Ferie” 2 Juldagen, skulde heim og “jule” seg maa’ta – du veit de er i stillaste Lage for ein Ungdom her i Huse millom all denne Alderdomen som her er samla paa ein Stad. No ja, so veit du eg lout trødja i Staden henna som Underbudeia, ho Mor med sine 85 Aar har no Overkomando’n, maa’ta. Til idag, den 26, er ikje Jenta komin att og kjem visst ikje hell, for Mor henna skal ha vorte liggjande av ein Hjartesjukdom. Difor lyt eg drive som Gjetlgut til eg fær Tak i ei annor Førkjerevo, det er elles hardt nokk […] naar ein treng deim.[6] Dette Arbei’e er ikje nettup so de røyne so hardt paa, ikje, det er aa bera Høy og Vatt’n inn i Fjose aat 5 Kjyr og so aa halde de reint bakanfor deim. Eg har Hug til aa stelle med alleslags Dyr og tykjy de er forvitnelegt aa vera Gjætargut; men du veit de likevæl lyt vera aa missbruke “Herrens Gaver” aa ha ein Stipendiat gaa-ande i Fjose aa kline seg ut med Kuskit og slik Ufysinskap. Enda eg kann ikje seja eg enno er vorte var at noko av Forgjyllingi er tjaaka av. De er ikje so lange Stundine um Gongen eg gjerer Tenest i Fjose, eg har lange Fristundir og dei brukar eg til aa gjera Utdrag utor “Mortensens Chaos” og der ser de hardleg urydugt ut! Fraa Riksarkive og mange andre Slag Arkiv, slik som gamle Kjeringor, gamle Menn og “Beholdere” paa alle Aldrar, har eg etter dei seinaste Aarom ein heil Braate med Uppskriftir – no fell de so lugumt aa skipa dette so eg fær de i “alfabetisk Orden”, so eg kan ha de i ei Snarvende naar det er noko eg treng. So de er ikje burtkasta Tid for meg, desse Vikune eg har vore Gjetlgut.

Trast det lid over Kyndelsmess lyt eg ei stor Granskarferd uppi Sjaak, lenger fram paa Vaaren berst det i Veg aat Lesja. Og um desse Ferdine skal du i “sin Tid” faa ei likeso forvitneleg Ferdaskildring som aat Cook, “bedrøvelig Ihukommelse”.[7]

“Syn og Segn” kjem no ut i ny Buna og lovar etter de fyste Numre so godt, at eg gleder meg storleg. Idar Handagard arbeider med aa faa skipa eit Lag av nynorske Bokskrivarar – ei “Forfatterforening” – og um Lag alle, som har skrivi eit nynorsk Ord til denne Dag, har gjeve seg med. Um det no kunde vera Von til, at eit slikt Lag kan gjera noko til aa skapa betre Kaar for nynorske Bokmenn og Bokavl.

Fraa Maalstriden veit eg ikje noko meir aa fortelja en de du sjøl kan finne ut av norske Avisur – eg trur elles verste Flogune er over.

Dette gaar i eitt Renn, for Paal sit ventar og skal heim i Reire med Posten – ei Smaajente der som gaar paa Skulen er Postførar – og soleis fær du sjøl lesa Korrektur, noko du er vel vand med. Etter di skal eg berre sende Helsing fraa Paal og Mor og meg sjøl aat deg og alle dine.

Din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Kari Slette.
  2. Mari og Paul (Pål) Prestgard.
  3. Tor Prestgard.
  4. Hans Prestgard.
  5. Anders Sylte frå Kvikne i Nord-Fron, gardbrukar på Nordre Prestgard.
  6. I folketeljinga 1. desember 1910 er Borghild Nygaard, dotter til Marit og Paul (Pål) Nygaard, tenestejente på Kleivsætra. Ho var der òg seinare.
  7. Ståande uttrykk om noko som er sørgjeleg å minnast.