Kjeldearkiv:1886-12-22 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1886-12-22 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 22.12.1886
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 15
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 22/12. 86.

Kjære Kristian!

Dæ stygge breve eg fekk frå deg no sist gjekk eg og venta grovt på førr dæ kom; eg veit ikkje korleis dæ er, at eg skal kjenne meg så bunden åt deg, for igrunnen er du no eit fælt asen. Men kanhende dæ netup er difor, at eg har den største samhugen mæ deg, som eg enno har havt mæ nokon – ettersom “skjikkelege”, “pene” og “kristeleg-nasjonale” folk held for, så skal dæ vera “adskilligt asenagtigt udi min natur” au.

Korleis dæ no kan ha seg mæ denne samhugen og denne skylda mæ asene, dæ skal eg ikkje grunde så mykje på, dæ fær stå der tes viare; ein ting er no vist og dæ er, at dæ var kjærkome siste breve ditt. Og da eg ha lese dæ, hunn pitle vart eg ikkje reint stolt av deg! Du held på å bli lik meg, ser du, for du er vorte så glup te å banne og så gjild te å sture for framtien – tvo store dyder, særleg den siste. Når vi no treffes att, så ska vi syngje tvistemt um matstræv og næringssorg og kveikje upp korandre mæ brotne livsvoner, sundknasa framtidsplaner, idealt livssyn og framtidsutsiktene og så mykje anna som høyre hit. Ja, dæ skal bli sang av, som dæ er mon i, ja bitterdø, skal dæ så! – Men klostertankarne? Nei, kjære er dæ så måtle mæ deg au, da? Jøss! Eg fær nok freiste å hjålpe deg å finne att greitråen lel, eg. Så, da! Dæ er fyrst ein knut midt på hespelen som heiter Gameleirik, hvilken med flere tilhørende aparater optager de bedste og beqvemmeligste timer til hver dag udi skolen – og når ein trur mæ si fulle ove[r]tyding på han Eirik da, ja, så er dæ så hugleg å undervise og sjå frukterne etter ’om: dei bli dummar og dummar i anlete til kvar lekse. Så er dæ ein knut længer ne på hespelen: kapellankontrollen, sognepræstkontrollen, provstekontrollen, bispekontrollen! Instruks og skoleplan, avgivet av stiftsdirektionen, timtabel, vedtaget av skolekommissjonen, den norsk luterske, nei den evangeliske kirkes bekjendelsesskrivter; jvfr. Nils Bergmanns skulebesøk[1]. Dei tvo knutar er greie; no har vi att rette enden: hogufaga på Asker og ve alle seminar er religion, forklaring, bibelhist, bibellæsning, tysk patent-opdragelseslære (pædagogik), skrivne katekisasjoner, øvels i å bruke han Gameleirik praktisk ve “seminariets øvelsesskole”. Og så er dæ å lære grovt mykje årstal og kongenamn og namn på mange rare ting i naturrikjom! No er vi på rett lei og her er enden: Kr. G. Prestgard kasta burt 900 kr. for å bli dygtog te å undervise folks born i ting, som han ikkje trur på sjøl. Ein kunde spørja: ka gale ha dei stakkars borna gjort honom? – Klostertanke! hæ? Kan du tænkje deg anna, enn at du lyt frose på rome dit i Askov når du går mæ slike saker i hjernen, da? hæ? Du går i den grummaste kosten ein kan tænkje seg og enda ynskjer du deg te, at du hadde halde ve den, som på eit par år ha vilja mergesvelta deg, så du ha kome gåande på kne uppi Heiddalen att! Nei klostertankane skal vi ikkje ha meir av, og framtia ho fær vi gjøyme te dæ li over jul.

Dæ er grove ting kor eldhuga du er for kveldskula mine, du. Ja, eg er gla av ’om sjøl au. Eg er såvidt istell kome no og har halde skule 4 kvelde; elevane er 20 stykkje, 10 av kvart slag nokre på væl så 25 år nokre som vart konfirmerte ifjor. Dæ eg no har drive mæ hit te er literaturhistori, (eg er komen åt P. Dass), diktat, reikneskapsførsel, sang, høglæsning. På desse få kveldom har eg gjort den røynsla, at dei har gløymt burt att dæ meste frå skulen – no lyt eg setja dei inn i reikning att reint frå nytt og eg trur “sågar” eg lyt brjote dei te å skrive igjenom att 3 hefte av Sandberg. Men te å lære har dei hug – der har eg eit par tenestjentor, som berre såvidt kan skrive læslegt, men dei stræva av alle krefter for å følgje mæ og lægg viljen ve, så dæ er reint rørande! Eg har dei tvo kvelde i veka, laurdags og sundagskveld frå 6 – 10; når så undervisninga er slutt går gjenne han “Pål sine høno” over tile.

Etter nytår tek eg upp fleire fag: geografi og naturkundskap, læsning; kan eg få dei te å møte stadugt, som eg trur dei gjere, radt te i april tænkje eg, at eg skal lære dei noko, så dei skal ha hjælp av dæ seinar i live. Men nokon “stordåd” som du vil gjera dæ te, er dæ no ikkje; likevæl er eg gla av, at eg på den måten kunde få tak te bjo folk dæ vetle eg kann og kunde eg på denne måten vera gote å få ørlite meir glæe og friheit inn i live åt sume av desse unge, um ikkje meir, enn at dei rakna eit par millimeter i ryggen så vøre eg fornøgd – eg var enda ikkje reint ein hempelaus knapp som eg støtt har vore så rædd å vorte. Å ja, denne skulen fær du nok høyre meir um framigjenom vinteren, skal eg tru.

Dei siste trivikur har eg drive hart mæ bokbinding: eg har mest som “opna forretninga” no, ser du. Plakate på Sell, Våge og Hedalen forkjynne at eg tek imot “simplare og finare” arbeid, både bibliotekbind og “sorte eller brune bind med forgyldt rygtitel”. Ein “komissjonær” på kvart ste tæk imot arbeie for meg. Enno er dæ så nyleg eg er igang kome at eg veit ikkje noko um korleis dæ kan koma te å “flaske” seg; men eg trur nok, at eg skal få arbei. Kunde eg drive dette upp te ein leveveg skulde dæ ikkje vera meg imot, for eg har støtt havt hug åt bokbindingen; no har eg da kosta meg ny ambo, fått meg typer og m. Ve lite meir øving no trur eg, at eg skal gjera likeså “pent” arbei, som bybokbindaran og fuldkome så stærkt og traust. Doktoren[2] har lova meg mykje arbei og frå boksamlingen på Sell fær eg no trast over jul over 30 bind. Men så stæl dette arbeie reint burt tia frå boken mine, og såleis kjem dæ te å bli for eit bra og for dæ andre gale. Sia eg sist skreiv åt deg har eg havt utlånt ministerialbøkerne som eg fækk fritt. Den ældste går attende te 1739, dei ældre er i riksarkivet; sume ting fekk eg greie på, som eg såg meg både mon og gagn i men den boka eg helst vilde havt fatt i var burte. Tænk deg: Våge kaldsbok, begjyndt 1736 var burte! Arvingane åt Selmer har låta rørt ho burt! Dæ var sånær eg gret! Der kunde dæ vore mangt forvitnelegt der, for dei kaldsbøkerne dæ er mest som årbøk kvar prest held dæ, dei skriv ne sine “betragtninger” over liv og umstøor i menigheiten, særleg når dæ er noko meire mærkjelegt som gjev dei to te å skrive noko. Presten vilde elles gjera dæ han kunna for å granske ho upp att, for han ha forvitna av den greia. – Krag nemner i sagne um Skottarne[3] Våge kaldsbok for 1612, dæ finns altså ei gamlare, enn den som er burte, men ho er greidt er i rigsarkive. Og der er dæ sikkert ein heil haug mæ gamle retsprotokolle herfrå bygden, som kunde gjeva meg upplysna um mangt, som eg no har svivande som i skodden. Nei, eg lyt nok inn i rigsarkive, dæ fær ikkje bli onnor rå – kunde eg berre råka på einkvart å reise mæ, så eg kunde tent meg reisepengar! I desse dagom lyt eg setja meg i samkvem med riksarkive for å få høyre, um dæ er rå å få noko utlånt hjå dei og kordanne vilkår dæ i så tefelle kunde vera på.

Dæ stykkje, du eindagen skreiv i “Fedrah.”[4] segjer eg deg takk for, både for måle og for dæ livssyne som dæ glår innpå sume staer! Skriv meir gut! Du skriv eit mål så greidt og godt at du lett kunde få ros av ’om “S”[5] tes meir og stilen din er utifrå go. Du skriv ein stil så malmen og grei, at eg er avundsjuk på deg jamnan og da eg ha lese stykkje ditt i “Fedrah.” sa eg for meg sjøl: bravo! bravo, Mons![6] – eg har ofte spikelert lite på kor hylla di er uppslegje men her einsta’n i “journalistikken” er dæ, brænnande dø! Å tænk på dæ han Ivar Kleiven sa for seg sjøl dengongen, du!

Jula held på å kjem tebygda – øle er bryggja, kakune steikte, syltafleske ligg og skålfikast i kvar gar – dunkane frå Bergseng og Evensen tek te å fara burtpå vegen og dei “bura så uviskelegt” no i 23º kalde. Ifjor dette bele buskapa vi i “enkestanden” og var, som du veit, ei “berømmelig” fær uppå Bjørgefjell[7]. Så fær oss båe tvo leva upp att alt dæ i minne no i julen og ikkje gløyme alle julbukkane. Eg skal liggje “kvar” innafor dei fire veggjer i helgen. Gledeleg og godt nytår! eg når deg ikkje te jul.

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Folkehøgskulemann i Vaardise.
  2. Magnus Øvergaard.
  3. Sagn, samlede i Gudbrandsdalen om Slaget ved Kringelen den 26de August 1612, og udgivne i Forbindelse med, hvad Historien beretter om denne Tildragelse (1838).
  4. Forteljinga "Kyrkjeferd" i Fedraheimen 24. november 1886.
  5. Steinar Schjøtt.
  6. Prestgard spela figuren Mons Østmoe i Fjeldeventyret.
  7. Prestgard, Kleiven og eit par til baska i djupsnø og ulende til Lifjell i jula 1885, sjå òg Prestgard: Fra Heidal til Decorah. Veien jeg gikk (1996, s. 91).