Kjeldearkiv:1927-11-21 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1927-11-21 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 21.11.1927
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 168
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætre 21/11 1927.

Kjære Kristian!

De er ikje min vis å vera “så forbandet ekspedit” men da tida krek nerar og nerar innunder jul og nyttår, lyt eg gjera ålvor med å sende deg nogre linor idag um de skal røkkje deg te jul.

Alle slag takk for de gjilde breve og fotografia! Likeeins takk for julhefte frå Nordmandsforbundet og for Gladioluskatalogen!

Breve ditt har eg lese uppatt fleire gonger – eg kjem nok te å gjera de enno fleire, for da liver eg, med de varar, upp att dei stutte stundene vi fekk vera samen isomar. De gleder meg storleg at Norigsferda vart så gjild og serleg at du fann att greitråne, som bitt deg åt Heidalen og heimbygdskulturen, heile og uskadde – eg vitste elles førr, at dølen i deg aldri kan døye, men eg trudde ikje han etter 36 års “utlendighet” kunde helde seg så rotekte og spellande frisk. Gudskjelov for at de enno finns døler, som kan gå gjennom eld og vatn, leva ein mannsalder ute i storverda i den store heimssivilisasjonen og enda ikje ta skade på sjæla si!

Ja de skal bli ein ekte gledesdag tå dei som aldri kan svindrast burt, um vi båe tvo kan helde ut så vi får møtast um 3 år! Vi får ha trua god og vonast at amboa står medlag, du veit eg tek te å skora styggt på hønna, eg, på mi side og når ein krek såpass nere de fjorde tjuge, kan ein vente seg nogo tå kvart. Eg vil no glede meg på de møte og leva på de “i anden”, tid for tid frametter, kanskje har vi lykka med oss!

Jau, du har skrivi uvanleg godt um vitjinga i heimegrenda i julehefte åt Nrdmdsfrbdt, du har råka strengjene så dei dirrar inn i dei innaste, løynde krokar og eg tyktes leva i dei sama kjenslor, som tok deg ved møte med dei gamle venom og kjenningom dine frå barneår og ungdom. Og du har nok meir å koma med når heile ferda fær “lagra” seg og dei spreidde inntrykk fær samla og klåra seg.

Ja seg um vi kunde råkast ei kveldseto ein gong kvart fjorungsår! de vilde vore helsebot både te liv og sjæl for meg, kven av oss som vilde ha største gleden, beste hugnaden og største vinninga, kan vera uvisst, men eg trur nok, de vilde felle på meg, for du har no ikkje så lite å leva på umframt, du: tvo huglege born og minne um ei kjær og god kone. Her har lagnaden gjeve meg blanke papire, tome permene. No – eg klagar ikje, de var kanskje de beste for meg såleis, likevel.

Live her tefjells har glidd og glidd dag um annan sia du var uppe her i somar – eg stod i som full slåttkar 1 heil månad for være var urimeleg leit med regn og låk høyturk, så de gjekk seint å få i hus. I september var eg ei ferd åt Fron og Ringbu for å skrapa ne’på grytebotnen etter skovor tå tradisjon. De var lite og finne men eg kan seja som han “kom-våge-meg”[1]: de er bra å koma ut – nogo fær ein sjå og nogo fær ein høyre og ferda var nok ikje gjord reint i måfå. Så har de vore å knoka med Ringbu-boka på ym[se] gjerder, no er endeleg illustrasjonsvyrkje tevegjes kome men prentinga kjem nok ikje te å koma igang før i januar kjem.

No allersist har de vore slaktardag, pylsdag og ei heil viku med stor sjau, støi og opstandelse her på Kleivsæter’n og eg har flogje millom Annas og Kaifas med all slag handlangararbeid. Heile huse har vore i stor røre, sume tider har eg stått ved kjøtkvenna og andre tider ved eldhusomnen med loddebolten, idag er de endeleg slutt så eg hugheilt “kan tage pennen fat” og gjera unda sume brevsynder.

Pål driv og arbeier innbu åt eit røykjerom for ein sylvfabrikeigar i Tønsberg[2], ein heil haug med utskorne benkjer, bord, stabber, søiler og Gud veit kva de var alt som skal vera ferdigt frametter vintren. De er mykje arbei, men mannen var ikje knipen med betalinga, for han hadde vist god råd, og de er altid mon i å ha eitt heilt vinterarbeid for ein mann, som ikje ser nøgje på prisane.

Vi hadde fæl valsjau i haust og de gamle vinstre og bondepartie tapte, kårleis de no kjem te å laga seg når tinge kjem samen, er vel enno ei stor gåte, eg er så lei all politik vorte, at eg tykkjer de luktar lang veg og eg vil ikje segja, at eg likte agitasjonen åt bondepartie i haust meir hell så måteleg – eg høyrer no elles te millom de gamle vinstre, eg, som eg altid har gjort.

Julflommen tek te å sende båror alt og Bojer, Undset, Duun og Hamsun er komne, enno har eg ikje sêt noko av årsens grøde for eg har slutta med å kjøpe skjønliteratur etter han vart så dyr – berre turr fagliteratur her i huse.

Dette fær du ikje kalle for brev, men rabbel frå sæterstrokom, kanskje kan eg finne på å sende ein epistel i julom med lite reinare vare. – Vi har 4 tommer snø her i fjelle men i bygden er de mindre, ein og annan dalofjg har vi havt 10, 12 upp te 16° .C med jamt, roleg vær og her har vi sol åre rundt. Og så sluttar eg med eit hjarteleg ynskje um ei god og gledeleg jul og godt nyttår for deg og dine! Tusen og atter tusen takk for hugnaden i de gamle åre! Beste helsing frå Pål og

din

Ivar Kleiven.

Fotnoter

  1. Anders Sylte.
  2. Axel Marthinsen.