Kjeldearkiv:1887-02-01 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-02-01 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 1.2.1887
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 17
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Askov 1-2-87.

Kjære Ivar!

Det var i det vinstre auga trekken var; både kvarmarne svellade upp og grodde reint ihop for meg – og so noko stygg hovudilske attåt, so eg har liggjet dust under dyna desse tvo siste dagarne. No er eg uppe att men sit med bind attfor auga og er stygga hugsjuk og leid meg sjøl. Eit dugelegt gjildt brev heimanfrå vil ha gjort meg so hjartens godt no, men nei, når ein ventar, so skal eg ikkje tru. Å ja, so har eg no den utvegen å sitja røda med deg i tankjen likvel. Du fær no so mange slag fra meg, kor som er du – fær glytta inn i kvar ei skuffe, um det då er meir held ei skuffe i meg. Eg skulde mest ynskt, dei hadde varat lenger desse tvo sjukdagarne – no fær du ikkje taka meg på ordet, fyrr alt er sagt – Eg var ikkje so avråe låk, ser du, og so låg eg der og dyrmde halvvaken soleids i ein døs, men biskade for alt ein strendar igjenom soleids lell. Upp og ned, hit og dit, fram og attende um alt moglegt og – fordetmeste umoglegt. Men alt so skirent og greidt og strålande sælt likavel. Eg var heil, der eg for den gongen og verdi var au slik som ho skuld vera, blidare, høgre og vænare. Stakad eg so upp eit langt laup framover; det bar fram til sæla for meg og so mange andre. Å, du kor myket eg livde upp. Ho var våt puta, kjende eg, ender å gong når eg tok på. Det endlyktast i heimbygdi tilslut likavel. – Som eg vaknad idag, var eg den sama gamle, tunge kulten att, og gådde at heile den fine bygnaden var berre digt; sat og famlad etter det, men det gleid lenger og lenger attende og tilslut svindrast som duft for vinden og meire tungsint held “Falk” sa eg: “og om jeg end seiled min skude på grund, so var det dog deiligt at fare”.[1] – Ja so kom sårska. Upp i tjørebytta att på nyt lag.

Nei det må vist bu noko rart inne i barmen vår, du! Noko som sume kallar “ånd”; hellest veit eg ikkje, kvat ein skal kalla det som best. Noko indre og kraftigt og glimande reint; som kanskje var det fyrste upphav, og kanskje skal bli den siste rest, men som no det [...] plumpe rotne kjøt trutt halder i fengsel. Berre soleids ender å då, når kjøtet er halvdaudt slepp “ånden” på fri fot, og so augnar me som snøggast inn i ei forklårad verd. Tru det ikkje er nokot av gudsbilætet ein skimtar innpå soleids? Ja ja kvat eg no trur og ikkje trur av skrift og lære og dogme og slikt [...], so trur eg endå det at dette, eg har pratat um, som er so vel gjøymt er noko altforgodt til å gravast i moldi med beinranglet og kjøtet og flæsket, at det er i det me spyrst upp att bakketter, og då fyrst byrjar livet. – Nei no ber det til å sveisa rundt inne i hjernekista mi. Å du kan nok merkja både på skrift og stil at hausen og håndi er ikkje riktig dugande endå.

Men det er no ikkje nokot so ilt, at det endå ikkje er godt for nokot, segjer ordtøkjet, og so lyt eg au segja. Med eg låg der, bryggjad eg til ein gjild plan lell. Det lid nok snart so langt, at du au byrjar kviska inne i sjave deg: Tru kvat skal det bli av den gutslampen til vårs då? Å ja eg au har nok sport so ein gong imillom; men no fann eg som sagt ut ein plan: Fyrst vil eg spyrgja Schrøder um det er råd å få fri skule til næste vinter. Og fær eg det, so tek eg meg tenest her i sumar og tener kostpengar som umlag; so sløyng eg billigt eit heilt år til då. So lyt eg nok imillomstunder freista få ein skarve medlærarplass ved einkvan høgskulen derheime, og sumaren (88) lyt eg so bruka til å buskapa ikring noko meir. Disse var ordene. Men eg er redd heile leiken går i vasken.

– Og som eg låg der, tenkte eg nok ut, kvat du au skal hangga i med. No emnar du på boki di alt du berre orkar; men aller fyrst skriv du istand dei skisserne um Vesle-Kristen, Hanslidguten Gamel-jo og dei andre, og deim sendar du etter hand åt “Nyt Tidsskrift”[2] held det nye storbladet “Norden”[3]; for der er eg viss på dei går som varmt kveitbrød. Du sendar deim dit av fleire grunnar. Fyrst for å tjena pengar, so for at dei kveikjer bisning, og endeleg for at dei skal syna fram kanskje likso gjæve dølastubbar, som P. Sivle med Vossastubbane. Ja freist både tvau desse blad. So peisar du på og fær forlagt boki, og har du tent litet grand attåt med bokbinding au, so kan du trygt koma hit ned til hausta, vera her til vintren. Um sumaren kikar du umkring deg litet her i Danevang[4], reiser um Sverige heimatt, tek so fat med skulen din, med bokbinding og med sogaskriving på ny frisk, so det knakar etter.

Ja, men tenk berre vel over dette du, um det ikkje er nokot i det. – No er eg ferdig både med meg og deg for lang tid; men det beste, eg gjorde med eg låg der, var at eg tenkte ut, kvat ho Mari budeia skal gjera av son sin, når han slepp fram for presten.

– Jau eg kjem meg snart litet no, berre eg ikkje var so sjølvhendt og tvisynt. For felagarne mine kjem netup baskande og Åsmundstad’n grip fela ser eg; det er vel ein halling som skal pinast, kan eg tenkja. Og eg kjem på ein heil basme, eg skulde fortalt au no av mange slag; men du skal få ei kaupe att reint på rappen, so fær det stå til so no ikveld.

Men korleids er det med deg kassju. No kom eg på, at eg har vist skrivi eit stort langt brev åt deg etter jol og ikkje fåt ein tøddel attende. Det kan hænde du alt har brev på vegen, men kor som er, lyt du straks svara på dette au, so eg fær høyra, kvat du tykkjer um desse forslagi mine held sjukeinnbildning, held kvat ein skal kalla det. Ja kom berre med eit dugelegt brev.

Helsing åt deg og husfolket dit frå Åsmundstadn og

Kristian.

Fotnoter

  1. Forfattaren Falk i Kjærlighedens Komedie (1882) av Henrik Ibsen.
  2. Grunnlagt av Ernst Sars og Olaf Skavlan, kom ut 1882–87 og med "Ny række" 1892–95 redigert av Sars, Christen Collin, Sigurd Ibsen og Arne Løchen. Den første soga Sivle hadde der, var "Berre ein Hund" i 1885.
  3. Norden. Illustreret skandinavisk Revue, utgjeven i København 1886–87. Også i svensk utgåve.
  4. Poetisk for Danmark, særleg om den idylliske naturen. Ordet er brukt av N.F.S. Grundtvig, B.S. Ingemann ofl.