Kjeldearkiv:1929-10-04 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1929-10-04 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 4.10.1929
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 173
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleivsætre 4/10 29.

Kjære Kristian!

Nei nå bli døramila forrlang og idag lyt eg “tage pennen fat” – kår lengje det er sea eg skreiv og kår lengje det er sea du gjorde det sama, har eg ingor greie på, men lengje er det frå båe leier, det veit eg.

Eg fekk nå til jul, var det vist, “Ein sommer i Norge” som alle lyt låne og som alle hevja høgt i skjyine og tykjer dei endeleg skulde havt kjøpt, men alder har råd te, sjølsagt – eg veit ikje um eg har sagt deg hjartans takk for boka, hell, har eg ikje gjort det gjer eg det no, takk og takk! Med takken skal eg leggje attåt, at eg har lese ho 2 gongor og det er ikje låkt gjort tå ein 75 åring, det.

Sist på våren eller fyrst på somaren senda eg deg bygdaboka “Ringbu”, men um du har fått ho i hendne veit eg ikje, i siste tidom er det så ofte ugreie med post te og frå Amerika, at det godt kan vera ho er vorte burte. Um så skulde ha bore te får du seja frå straks, for “Ringbu” skal du ha! ikje for di ho er nogor god bygdabok, men ho har mange bra bilæte du kan sjå på når du fær ei ledig stund.

Her i Gudbrandsdala hadde vi ein styggeleg sein, kald og hard vår, somaren, da han endeleg kom, vart ikje verst og det vart eit vanleg medelsår enda heile august dreiv med hundedågåvær og lei høyturk månaden igjønom så åkeren mona seg seint. Det vart grønskur men konne va likevel bra fram-måtå og konnåre var betre ihaust hell det førre åre. Eg var ikje låkare kar i år, hell, enn eg sto med i slåtten i 17 dågå og sjøl tykte eg, at eg tente nogo meir hell maten – kå dei hine tykte brydde eg meg ikje med å spørja um. Ja det var nå det, men du ser såleis at ennå er det ikje å klaga på helsa.

Den 10de juli var det nok meininga det skulde vorte stor støy og opstandelse på Kleivsætra med kjyt og skryt og virak. Slikt har aldri vore etter min hug, for eg har lært meg sjøl såpas vel å kjenne, at eg veit så inderleg væl, at det er mange gamle Gudbrandsdøler som har gjort “dalen over alle daler” likeså store tenestor som eg. Og difor let eg “Gudbrandsdølen” varsle um, at eg etla meg te å helde årmålsdagen min i Nidaros, som eg au gjorde alvor med. Det var mange grunnar for den reisa: ikje hadde eg fare med Dovrebana førr[1] og aldri hadde eg sêt Nidaros, domkjørkja, bispegarden, vitenskapsselskape med dei rike samlingom sine – Kalvskinne, Ilevollane og alle kjente stelle frå soga, Nordenfjelske konstindustrimuseum. No fekk eg sjå alt ihop og hadde 3 framifrå hugnasame, gode dagar i byen, og da vergudane var godt lonsa fekk eg ein overlag forvitneleg tur, som eg ikje vilde ha misst for mykje. Heimattkomen låg det ein diger haug med telegram og brev og nogre dagar seinar kom A. Skrede i huse med ei “adresse” i glas og rame, med teikning av Kr. Holbø, frå styrom i Gudbrdsdlns historielag og Vågå historielag – nogo virak laut det bli, lel, men han stakk ikje så kvasst i nosån på den gjerda det nå vart.

Somaren har ellest vore slitsamd og det har ikje lagst te mange fristunder; fyrst var det eit evigt mas med å sanke samen 72 gode og høvelege bilæte åt “Fronsbygdin’” og eit tjåk seint og tidleg med manuskripte for å ha vyrkje å kaste i kjeften på prenteverke når det endeleg kom i gong – det er nå ennå ikje dundra laust men ber vel te sist i månaden. Og så har det vore den eine “eksperten” etter di andre som er kome hit åt Kleivsætra for “å høre Salomos visdom” og ’n Salomo har hefta mykje tå si nådetid burt på den visen. Fyrst kom det ein stipendiat frå Norges geologiske undersøgelse, Rolf Falck-Muus, heiter han, og er sett te å granske dei gamle jønnblestre frå myrjønnvinna. Da eg er den einaste her i G.dala som har granska desse gamle blestre og ein gong var så olykkeleg og skreiv um dei i “Syn og Segn”,[2] fekk eg både Falck-Muus og den “betre halvdelen” hans[3] over meg og laut følgje honom umkring åt dei blestrom som låg nærast for hånd. Det var ellest ein lugum kar og vi ha gagn og hugna tå å råkast på båe leier.

Kort etter kom direktør Anders Sandvig på staden og skulde få grunn og greie på sæterbruke, sæterliv og sæterkultur i Gdln. frå fyrste upphav og utviklinga te fram mot 1865. Jou Sandvig skal nå te å skrive um sæterbruke i dalen, eit 3dje bind tå “De Sandv. Samlinger”. Sjølsagt laut eg stå te tenest, men da han hadde smått um tid og laut attende åt Vetlhamar åt eit barnsøl hos eine sonen[4] og ein fest på Maihougen, enda det med, at eg laut lova ut å sende honom ei skrivtleg utgreiing av det ’n Salomo vitste um sæterbruke her i verd’n. Og det gjorde eg så godt eg kunde ei tid baketter. – Ikje førr var Sandvig strokje sin veig før ein danske, Hans Ellekilde, tok att rome hass og hadde au den betre halvdelen sin[5] med. Ellekilde er arkivar i “Dansk folkeminnesamling” og arvtakar etter den namnkjende folkloristen og arkeologen Aksel Olrik, som han har gjeve ut ein del grunnlærde skrifter etter og som Olrik dø frå uferdige. Ellekilde er gift med pleiedotter åt Olrik og er vel nå etter burtgangen åt Feilberg og Olrik den fremste i Skandinavien i folkeminnekunnskap. No skulde han studere norsk sæterliv og sæterbruk i samband med norsk natur – han skal gjeva ut eit bindsterkt og veonderleg lærdt verk um Eddadikting og te di bruk fann han det naudsynleg å studere sæterlive og den norske naturen. Ja, da – eg laut i al min ulærde armodsdom vera te tenest, fylgde dei tvo umkring på Bringsætrom ein dag og breidde ut all den visdom eg hadde sanka ihop gjennom tida. Te all ulykke er allt det gamle sæterlive heilt burte, det har skifta så heilt både inna og utta at det ikje er å kjenne att. Nå finnst ikje lenger ei uskjipla sæterstugu, tessmeir. Men Ellekilde skrytte “veondromsleg” tå den vinninga han hadde tå samvære med meg her i huse og på Bringsturen; eg fekk eit brev frå honom her ein dagen med såmykje vællæte, at det halve hadde vore meir hell nokk. Ellest var det tvo sers godvorne og huglege folk – med undatak av at han var ein “erkekjøpenhamner” med heile munnhola så full tå graut, at eg ikje skjøna halvdelen tå di han sa – hadde ikje kjeringa vore med som tolk, hadde vi nok lote brukt pen, “tegn og geberder”.

Omframt slike ekspertar er det mange både læke og lærde som skriv og vil ha upplysningor, serleg um ætter og ætteskyldskap, og da eg sjøl ofte trygla på alle kanter etter hjelp og rettleiding, kan eg ikje vera tver og uviljug, og lyt iminste gje svar, um eg ofte ikje kan gje upplysningor. Slikt er ofte te ikje lite både stræv og burthefte. Men det høyre te dansen, som guten sa han datt ikoll.

Sist du skreiv nemnde du ein Bleken som skulde sanke med seg Amerikabrev; som du veit har eg ein del derimillom nogre frå 40 årom[6] og nyleg vart det senda meg eitt att frå Kvikne frå 1855. Fær eg ikje greie på Bleiken kan eg vel sende breva beinast åt deg.

Eg vonast at det framleies står fast, at du kjem åt heimbygda at[t] tesomars, nogo eg gleder meg storleg på – det vilde bli meg eit stygt vonbrot skulde så gale hende, at det ikje vart meir tå. Og korleis trur du det kjem te å flaske seg med ferda um Island?

Her i huse er det ved sitt gamle lag, men den 20 d.m. fløt hushaldaren min[7] som da har vore her i 10 år; det vil bli sakna etter henne for ho var eit dugeleg kvinnfolk i allt sit stell. Pål driv med å snikre og skjera ut; i haust fiska han på Flatninga i 14 dagar så vi har ståande ei bytte med ekte god råkåfisk i aurbua. I dei siste årom er det kome røye i Flatningen og ho har øykt seg styggeleg fort; ho er helde for ein ringare fisk hell auren men eg kann ikje skjøne ho er ringare te råkåfisk. – Dei 2 seinaste dagane ligg det snjog her uppe, idag er han noko kram så det kan hende, han fær hug te å gå sin veig att. – Ja så gjere du væl å skrive og det lite fort!

Hjarteleg helsing frå ’om Pål og

din

Ivar.

Fotnoter

  1. Banen vart opna 15. september 1921.
  2. Artikkelen «Jønnblaasing og myrmalm» i Syn og Segn 18 (1912), s. 323–30.
  3. Solveig Wangestad.
  4. Anders Uchermann Sandvig døypte sonen Anders i Garmokyrkja på Maihaugen 27. juli 1929. Bestefar Sandvig var fadder.
  5. Ella Christina Ellekilde.
  6. Breva er skrivne av Gulbrand Engebretsen Tullien til familien heime i Ringebu. Han utvandra i 1845. Dei eldste breva er frå 1847.
  7. Kari Bråtå.