Kjeldearkiv:1887-02-20 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-02-20 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 20.2.1887
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 20
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Askov 20-2-87.

Kjære Ivar!

“Graut”, sa guten, som sat på Gausta. Eg har sitet og sagt “graut” alt sidan eg skreiv siste brevet; for eg kjende på meg, at det var berre eit litet møkjalass, eg sendte den gongen. Det var vist riktig av det blaute slaget au, so eg tregar på den greida. Men den gongen var eg ein sjukfisk og, og no er eg sama gamalguten att.

Ja “troessaker” har eg haldet utrulegt tett med, sidan eg kom hit, og ikkje bryr eg meg myket um å prata um det æmnet held. Ikkje har slike ting voret nemt millom meg og Åsmundstad’n. Men eg trur han har ei bra rummeleg hjærnekiste, endå ho er for trong til å hysa Vonheimarnes og andre kristne . . . Dei andre . . .[1] her er so grundtvigske, at det berre gnistrar av deim, so dei er ikkje til å snærta attåt. I kvareins kjæft tyt det: a tror now det er som Grundtvig söw. – a tött now Grundtvigs udtalelse i det stykk klarer det heil udmærket. o. s. b. og soleids bombarderar dei ein med Grundtvig utan sjølve å hava tenkt det minste. Men Grundtvig var for god til å bruka soleids. – Ein av fyrste kveldom eg var her, kom eg likevel i skade for å vitja ein student, som alt var komen, og me gjekk her og tøygde tidi av os. Det barst no burt i religionsgreida, kan du vita, men me var ikkje lenger komne i det, held åt skilnaden millom “kristne” og “hedninger”, da han sa ved meg, at eg brukte stygg kjæft imot “sandheden” og “kristenheden”, og so laut eg segja farvel og takk, eg, og kom ikkje seinar på den galei. – So kjem du i siste nr. med ei ny “troesudlægning”. Ja, der kan no ikkje eg gå med. Trui på eit evigt liv har vortet både fyrste og siste kapitlet for meg. Eg har berre ein troesartikkel, men han er meg nok. Eg bryr meg ein [...] um anten d’er bibelen held vitenskapen held Nautichel almanak, som segjer det. Det er mi eige djupe kjensla, og ho vør’ eg meir held alle uppskrifter. Eg tenkjer meg ikkje eit evigt liv som eit luftigt “nympfeliv”, der me sit i gyldne salar med lange kvite kleder og remjar og lovar herren i all evighed. Nei eg tenkjer meg det nærast som ein forklårad skapnad av det liv me liver i dag, eit liv der alt det store og gode, me her liksom har skimtat gjenom skodda og alt me har tummat og famlat etter; – skal liggja opet for os. Og so i dette få fylgja far og mor og alle dei andre kjære. – Men røra meir um dette er ikkje turvelegt. Å pruta um dette emnet, skulde vera banlyst, og den som vil skriva lovar um det, anten det so er Moses held ein annan skrott, skulde havt ein “møllesten om halsen”[2], fordi eg meinar at i kvar barm er nedlagt eit bilæte av dette livet, som alder kan retta seg etter ein lov på prent. Å kjeftast um dette, blir berre ei “begrebsudvikling”, som surrar rundt i hause på ein straks. – Vitenskapen, meinar eg, har ingen ting her å gjera. Fornuftanalyse reknar eg for snusfornuft. Når vitenskapen ein gong so langt, er det godt, men til den dag, han kan syna meg svart på kvitt for, at eg har tekjet imist, vil eg halda fast på det at, trur ein ikkje på eit forklåra liv, kan ein held ikkje tru på eit høgre styre, eit forsyn, og trur ein ikkje på det, kan ein held ikkje hava tru på det liv me no eingong har fåt. Desse tri kan ikkje eg skilja åt. – At eit evigt liv skulde vera noko so nær det sama som attganga i barnom og ned i gjenom slegti, tykjer no eg, blir for turt å liva på. Men no vil eg bli av med dette emnet. Det eg her har sagt kan vel kallas både teologi og bånsnakk, men det kan eg ikkje for. So er no mi meining idag; um tidi lagar ho um att, er ein annan sak.

Å jau, eg ser nok, måta, at du dreg på jeipen og rengjer augarne og nibannar inne i sjave deg, fordi eg er vortet ein [...] kristeleg gut. Men – eg har sagt det førr at “verden er bedragelig funden”.

Ja eg kan no ikkje lenger hugsa, kvat eg har fortalt deg, og ikkje. Du har vel høyrt litet um Ansnes’n og ferdi hans? – Siste kvelden han var her, kom det netup brev frå deg, og som eg sat las, tenkte han etter, at han kjende namnet dit. Som liten gut hadde han eingong leset i “Hjemmet og skolen” ei liti soga um ei harejagt av ein, heitte Ivar Kleiven.[3] Me vart forlikte um at det var sama kulten, og so skulde eg helsa, sa han.

Jau det er rart kor det skjer til. 8 dagar igår sidan strauk han um Vonheim heim åt Nordmøre. So er me tvoeine eg og skjeggen att. At me tvo halder på lærer gymnastik, har eg vist held ikkje sagt. Me er umlag 30 st. som har privat undervisning av gymnastiklæraren[4], for å øve os i å driva gymnastikken sjølve. Det er morosamt tilgangs, men hunden rugge meg er det so fysent som ein skuld tru Åsmundstad’n held javnvæl på å skal setja hallingdansen – i system og freista putta han inn i hallingen. Det skal gå. – Du est vortet inkonsekvent du no, gamlingen. I siste brevet dit knultrar du på meg, fordi eg råkad til nemne namnet dit attåt hans Per Sivle; men straks baketter forgyller du meg som skulemann og literat. Ha, ha, ha jaggu, sa eg so! Det er den sama støy oc opstandelse, dei gjorde, då eg gjekk i skula heime. Dei kritad i meg, at eg var gjillaste guten på heile skula, og dei laug til des eg trudde sjølv, og kanskje det er det, som har narrat meg på villstrå. Men lat me ikkje heftast lenger ved dette. Lat me freista å gjera nokot i verdi fyrst, og so er det tidsnok baketter å segja, um me duger til det vyrket held ikkje. No fell det seg so, at du har gjort nokot, eg ikkje for tvo skilling. Men her er arbeidsmark nok. Å du skulde berre høyrt eit foredrag av Schrøder um modersmålet. Det var sproket, sa han, som var skuld i den franske uppstusen 1789. Tankarne var igrunn engelske; men frankerne har eit slikt heimemål, at nokre kloke skoltar gjorde um tankarne på fransk, so godt som var dei alet inne i den franske barmen. Det beste eit land har er likvel “eit mål”.

Hadde Schrøder voret med i Kiellandsdebatten, vilde han lagt likso stor vegt på målføret i bøkom hans som innhaldet, sa han. – Og her kan det vel henda, det er eit arbeid, som er værd å taka tak med i. Å kunde berre målet vårt ein gong bliva ein slik åndeleg veg, som det franske for franskmennom.

Nei forsyne meg, er eg ikkje komen burt på andre arket att. Eg trøyngde meg so ihop, eg trudde å sleppa det denne gongen.

Å jau, det var det eg viste at plan var god. Og no skal du klemma på som ein kjæmpekar, so eg er viss på, du står her til haustast. Eg vil ret innerleg ynskje, me skulde få halda slampelag og buskapa ihop att ein vinter. Men med meg kjem det berre an på, kor det vil flaska seg med undervisningspeningom. Eg er alt komen i akedas med ein mann[5] um sumarplass, og det skal vist ikkje vara lengje førr eg fær greid besked um både slagi. So skal eg leige os eit dugelegt godt rom ute hjå lærar J. Knudsen på Blåhatten[6] og so kosten ute hjå Fredrik Hansen, for eg vil helst bu utanfor skulen neste vinter? det er so urolegt her.

Kjem det inn eine dansken etter den andre, med ei pipa som tek minst ei halv skjeppe og set seg til å puffa og røykja huset fult, so det er so stint, ein kan ikkje skimta manns mål.

Men det er no tidsnok å tala um bustaden og maten seinar. Sjå berre til å kom.

Vel møtt til hausta då Ivar!

Helsing åt deg og dine frå ’om

Kristian.

Referansar

  1. Uskjønelege ord to stader.
  2. Bibelsk uttrykk, frå Matt. 18,6, Mark. 9,42 og Luk. 17,2.
  3. Stykket heiter "Efter Haren!" og står i Hjemmet og Skolen, nr. 18, 3. mai 1873.
  4. Jørgen Rasmussen Kirkebjerg.
  5. Nis Nissen i Nordborg på Als.
  6. Bustadhus ved Askov, bygd i 1884 av Knudsens svigerfar som gåve til dottera. Bakgrunnen for namnet er ukjend.