Kjeldearkiv:1887-04-01 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-04-01 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 1.4.1887
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 25
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 1ste april 1887.

Kjære dumrian!

No, var dæ ikkje så du sa, da, at du vart dummar og dummar og ha sama sjuka, som ørgjeita? Ja, dæ er nok ingor rå mæ di og Vorherre har nok gjort eit godt fjaskearbei den gongen da han let deg gå av stabelen. Og du yler dugelegt for di au, dæ skal ingen segja anna; driv du på såleis eit par vendo te, så lyt Vorherre bli undseleg over, at han skul få te berre ei ørgjeit av deg, når dæ vonleg var noko langt anna han etla seg te å få fram. Berre yl du, så kanskje senda han steikte duvor og smågriser og sylta svinlabber og brø mæ smør på attåt og går etter deg og nitrugar deg mæ di! – dæ er ikkje umogelegt. Jau, dæ er ikkje gale å yle – og så er dæ vakkert au, tykkje eg, når ein kan få dæ te å låte rigti kvinande illt, som når ein drep ei gjeit mæ ein hælsyl eller noko slikt. Eg har brukt dæ mykje eg au, førr i tien, og eg har liggjande 4–5 årgange mæ noko som heite “minnebla” frå dæ og dæ herrens år og som ikkje er noko anna, enn øvingor i yling. Men dæ er knapt um eg etter så lang øving har dreve dæ te å gjort dæ så fullpanta, som du no i siste breve ditt. Du tek huva frå meg og bli min lange mester – eg har alder dreve dæ lenger, enn te å yle som ei bikkje eg, men du yler, forsyne meg, sjau gongor verre enn ein russisk ulv og lenger er dæ ikkje godt um å koma, såleis for ein nemming, da.

Ja, du har årsak te å yle [...]! eg veit ikkje, at dæ kan fljuge nokon stymper i eit par sko “udi vore riger og lande”, som dæ står så ille te mæ, som mæ deg. Så gamal, som du alt er og så lite utvikla etter alderen! Herregud for ein ynk! Nei du skulde sjå og høyre desse garmannsgutane her på din alder! dæ er gute, som har vaska seg dæ! – å for ein utvia tankering, for hugmål – for ein arbeidshug! Drag dette te minnes og sæt deg på enden og yl att! Og så livsmåle og maten og salt i maten og drikken og alt dæ andre – stakkars arming, her er du væl umkome att! Vorherre, den tverrbleggen, han har ikkje reidt upp duka bor, sett alle desse rettane fram og kome og bøygt seg og sagt: versgo, hr. Prestgard! enda, så, som pligta hans som go vert borde vera. Morgoversøkta bli forlang for deg – ja du trudde kanhende, at dæ ikkje skulde vera nokor morgonversøkt? Men dine jamnaldringe heruppe dei finn alle desse sakerne færuge mæ sama dei slær augune upp um morgon – berre du, stakkar, lyt sitja og vente, vente så taumane renn utor munnsvikom! Slikt tek på, dæ! dæ gjeld um langt tålmo, men dæ har du au som ein engjel. Er du i tvil um kaslag engjel eg meina, for du veit fulla, at dæ er tvau slag, så fær du finne ut dæ sjøl. – Har dæ no enda vore slutt mæ desse elendugheitom, men dæ er meir enda, måvita, dersom dæ er sannt da. Er dæ ikkje så, at du har tekje på deg slavarbei for 4 skill. ringar enn maten likefrå mai te oktober og einsamt fengsel mæ tamp og vassvelling te komande vinter, kosten undatekje? Så har eg høyrt; og eg har ingor annor trøst, enn denne: sæt deg på storenden og yl av “hjertens grund” så dæ ljoma frå den eine landsby åt den andre over heile Danmark! yl, alt mæ du høyre, dæ kvæser i halsen! […]

Så var dæ dæ andre eg skulde skrive um, da, og som eg ikkje er go te å koma på. Um eg fortel deg, at eg går her så molaus og neklembd i “økonomiske” umstøor at eg gjenne skulde selgja heile skrotten for ei pipe tobak, så er fulla ikkje dæ noko forvitnelegt for deg held. I klomber skal eg leggje te, at eg har verkeleg årsak te å yle, eg. Um kveldskulen min, som enno går, har eg au fortalt deg alt, og meir te, førr så frå honom kan eg ikkje skaffe nokon fyllkalk. Mæ bokbindingen går dæ like friskt enno, men eg venta å få rive frå meg dæ meste no te somarmål og så lyt eg freiste lite mæ å gjenomføre noko av fyrste luten av den grumme plana du la for meg, her i vinter da du klækte ut di eigje. Kunde fyrste delen lykkas så godt for meg, som for deg, så skulde du sluppe fått høyrt nokon yle-konsert frå meg. Dæ fær da stå si von.

Mæ missjonen min er dæ ikkje noko avgjort enda, men eg trur dæ enda mæ di, at Kari Stokkstad kjem te å reise åt Seljord som gjeitbudeie upp i Kivledalen, meinte Botnen sist. Eg fekk brev i førre veka frå honom og han bau meg enda te, å bli mæ i gjeitespekendasen deres. Hadde eg berre havt mynt, så har eg gjeve meg mæ, dæ kunde gått kor pokker dæ ha vilja. Um skulen på Utgaren fortel han eit og anna og eg skal herme orrett noko: “mæ skulen hev det gjenget svært godt ivetter. Det hev voret så framifrå hugsamt. No veit du, han hev ikkje voret så storstilt, sidan Ullmann ikkje hev voret med og Mortenson når naturlegvis ikkje noko nær upp til han. Men fint hev det gjenget. P. Mortenson, broren, – bergmann – hev også voret her mest i heile vetter, og båe dei karar er noko reint sjeldan koselege, endeframme karar. P. Mortenson hev også havt timar på skulen. Me hev ikkje havt noko av slåsting eller slikt som ifjorvetter. Reint merkjeleg einskap innan flokken. Ingi kjærleiksgreider hev eg held hourt til, du veit, den slags kan no likvæl hava voret noko av, då desse ting skal no løynast så væl av. Samlivet hev også voret større. Matstoga hernede hev me reint dana um te folkestoga. Me bur der alle saman. Du veit me sakna den slags ting såmykje ifjor. Det var fyrst tilslut me kom til å talast lite ved. Såmykje leik hev me held ikkje, bert kvar sundagskveld. Eg trur det var væl mykje ifjor. – – – “Frihug” gjeng nok så godt. Han er no ikkje så god som ifjor. Fyrste-sort-stykkje som “forhandlingarne” på overhuset hev me ikkje havt. Men i det jamne hev han voret god – her er flinke gutar imillom. Jenturne hev held ikkje slegjet feil. – – – Jenturne her i krinsen gjeng, som då du var her, og ventar på friarar. Eg høyrer ikkje, at nokon av dei er trulovad. Høie Øverland hev nettupp misst kona si, ho døydde her fyrekveld i barselseng. Det er fælande vondt for Høie, stakkar. Det var også vondt for oss andre, då Tone var ei bra kvinna.”

Nei, så har du von um å treffe att Ragnhild Østmo, du! Dæ møte skulde eg ha sett.

Sist eg skreiv ha vi dæ finaste govær mæ berr mark og isfri elv – no er dæ attkome noko snjoslask og er ikkje på lang lei så godt vær, men elles ser dæ ikkje verst ut mæ være. Vi fær fulla somar eingong no au. Den som kunde fått gjort seg regti godt av honom! Så fær dæ vera att mæ desse. Vøre dæ berre visst, at eg fynge dæ lange breve du lova meg te påskhelgen!

Helsing frå Pål og Iver.

Din

Ivar.