Kjeldearkiv:1887-09-08 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-09-08 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 8.9.1887
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 30
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Bøneslien 8/9. 87.

Kristian!

Er dæ hemn du tek, eller er dæ enno ikkje slutt mæ “dei 3 [...] heite” torvtakings-dagom du gat på sist? Nei dette går nogosånære vidt dæ, eg har spurt etter brev frå Danmark i 6 postdagar i kjør og no har eg heller ikkje nogor von um brev frå deg mæ posta imorgon! Ja, du fær hemne deg, te du bli fornøgd – berre driv på! – eg skal ikkje seja nogo um dæ, for ei “viss” årsak skuld, men “ganske bodferdig” setja meg te, å skrive nogre lino åt deg.

“Så fær eg full nogo slikt [...] gald, som dæ, eg fekk sist, da, er von” sejer du. Å ja, dæ kan nok vera, for utur ein galdpose er dæ ikkje nogor annor vætske å vente må’ta, men dæ var no nærast for å fortelja deg, at eg har vore flittug gut te å skrive på boka mi no, sia sist, at eg fekk dæ så tvert mæ å skrive idag. Dæ tek te å “lakke” lite um senn no, tykkjer eg, og eg er gla for kvart ark eg fær frå meg gjort – ikkje ha dæ vore fritt for anna, enn du har gjeve utur deg eit og anna sløngjeorde for, at eg ikkje klembde har nok på, du held, og så var dæ mest som så trygt no da, å få gjeva upp kor langt ein er kome “til dato”.

Av “kjempe- og skjyttarsagnom” har eg no 125 tetskrivne sio, av “huldersagn” og “imse sagn” har eg væl so 90, væl 200 sio ialt. Av kjempesagnom har eg att berre eit par større i “kaos”[1] sånære er eg færug og av imse sagn har eg au att berre nogo smått og kalle. For eit 14 dagar sia skreiv eg eit avrids av Jo Gjende på 30 sior; eg freista å skjildra han så klårt som mogelegt etter dæ nøye kjennskape eg ha te honom. Men dæ er greit, at dæ vart så “realistisk” at eg lyt pynte dæ upp att nogo hardle, for du veit at dæ går ikkje an, at ein sagnhelt i ei bok bruka “jeven søkkje meg ne” altfor jemnt. – Dæ største arbeie eg no har att er fortællinga um “Storstokstaden” som var ute og var hardt fram-i i 1814 – son hans, ein mann på 60 år[2] har lova meg å fortelja heile greia, han minntes alt! Og så har eg att å skildre ein bygdadiktar frå sama tiden, Iva Knutson, eg har ein del sange etter honom og så teslut ei livsskjildring av Edv. Storm og bygdasangane hans. Um Storm skal stå fyrst i boken og vøre dæ ikkje for di, at dæ vilde sjå ut som nogo bråk av ein slik hundsvot, som eg, så vilde eg teeigne minne åt Storm boka mi. Ja, dæ var sant, fortala har eg att, men ho skal da bli “meget kortfattet”.

Du fær helles ikkje tru, at alle desse 200 sior er færuge te å sleppe inn i “pressa”, nei eg har att å reinskrive dei inn i siste manuskripte; men dæ skal gå frå hånden dæ, berre eg kjem heim att og fær lampa påskot att. Eg har elles tekje te, å brukt ljos um kveldane heruppe au.

No, ka seje du no? Har du nogo å klaga på? Når eg har arbeidt så onnugt dei siste tier så er dæ likesom umstøorne idæheile har klembt og skuva på for eg kjenne mest-som så væl på meg, at dersom eg ikkje no fær boka frå meg te jul, så bli dæ ikkje nogo av meir for eg trur sletikkje, at eg fær fleire somre å offre på ho. Alt dræg seg meir og meir ihop og så må dæ koma “en katastrofe”. Og ho enda fulla mæ, at eg dreg åt Amerika. Hendar dæ ikkje nogo rart, så reiser eg åt Amerika tevårs dersom eg på nogon vis kan få sælt garden så eg kan sleppe laus frå dæ slaverie, som gjælden har halde meg i no i 5–6 år. Men å få sælt no, dæ er mest som å spela i lotteriet. Huga te å reise er eg ikkje, dæ skal gud veta, og eg veit, gudhjelpe meg ikkje korleis eg skal stå ut mæ å skjilja meg ve heimen og alt, som er meg kjært, men når alle mushol er tette, så lyt ein ta åt sylhole au teslut.

Her liver eg millom mine ljosaste og vakraste minner og isomar er eg ofte nødd te å minnast og for ein del leva upp att min vakraste ungdomsdraum og så er dæ tusen småting som minner og manar – stikk og piner! Berre eg tek eit bla i hanna, så skal dæ vera rart, um dæ ikkje inneheld eit eller anna, som stikk og bit og som på ein eller annan måte syner meg klårt kor range livsumstøor eg står i og kor dumt eg har stelt meg. Berre her igjår eg tok “Bonden[3], som eg no held, – der ha han eit [...] stykkje som ha te overskrivt: “pebersvendens livshistori”. Dæ inneheldt nogo, som slog meg, såra meg, reiv og skar – og dæ verste var, at dæ var så forbanna sannt heile greia. Der låg han denna gamle peparsveinen og heldt på skulde døye og når ein held på å døyr, så bli ein både så openhjartug og så gløgg mæ sannheiten. Han prata nogo um eit halvt liv og um å ha svikta sit mål, den stygge kroken, som var akkurat, som um han skulde ha meint på meg.

– Så haustar dæ au, fjellkjørra bli rau, bjørka gul og myrerne bli gråkvite – av og te yler vinden så stygt i veggjerevom. – Å ja, dæ er skjit mæ huglynne ofte og mæ eldhugen, som skal drive værke. Vi fiskar, eg og han Paul um dagarne, strøyper ihel fisken på garn; men dæ går så seint mæ å koma upp igjenom denna store fiskebytte – eg tænkjer vi ryk reint atti mæ di.

Tefjelds har eg ikkje fått kome isomar – længste turen eg har gjort var uppå Gråhøa og den turen gjorde meg så hugsjuk, at eg gjekk heim att som ein flekt fisk.

Ingenting nytt, ikkje dæ mindste! Folk held på kjem att frå Stav der dei ha vore å gjeve Svenskom øykjene sine og skjænkt dei både øl og kaffe atpå – så kjære har dei unionen!

Men no bli ljose klart og eg har ikkje fleir førr eg kjem att frå Lalmsbruen andre natt – trøytt og kjei av vegen og av å ha venta på posten te klokka 10 – gul og grøn av “ærgrelse” fordi eg ikkje fekk nogo brev.

Heil og sæl!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. I romanen Arbeidsfolk (1881) av Alexander Kielland har departementskopist Mortensen ei hylle nedst ved golvet som han kallar kaos, og som han og andre fyller med sakspapir i haugevis på ubestemt tid. Stundom blir bunken omstokka så sakene skal koma enda meir or syne. Kleiven nyttar uttrykket mange gonger i breva.
  2. Ola Olsen Stokstad (Stor-Stokstad'n) hadde sønene Ola (f. 1816) og Iver (f. 1822), men aldersopplysninga høver ikkje på nokon av dei.
  3. Eit venstreblad utgjeve av K. Dieseth.