Kjeldearkiv:1887-12-18 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-12-18 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 18.12.1887
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 35
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Sundagen 18-12-87.

Gleleg jolhelg Ivar!

Ja meinte du å få nokon feit jolekost av meg, so har du rekna stygt imist, vil eg berre segja deg. For du har fått formykje humle dei tvo siste sendingun, so det er berre lettøl att på kagga no, og dertil går det ikkje an å sløse med herrens gaver.

Denne lappen kjem upp i Ottdalen netup som dykk sit gnaglar på purkeføterne og den smellferske rugkako jolkvelden, har eg funne’ ut, netup som døri har fått joleknirken og storstova fått “den hellige juleduft” d. s. v. på norsk – granbarlukti. Jau det kunde vore hugna nok å buskapa heime i joli; men eg har som på tæften, at det blir ikkje so flakk høgti, som i gamle dagar. Det blir so trongt og grått og otokka uppi Heidalen, at eg gruva reint for å koma heim. Alle går og ventar på dagen, dei skal rompe upp, og so sjonnar og turkast dei både unge og gamle og døyr tumme for tumme, so heile bygdi ser ut, som ein utbrunne skyttarvarme. Når skyttaren um morgonen kjem attpå flekken fins det berre nokre halvdaude gneistar i dei svarte brandom, der det førr spraka’ so friskt. – Ja soleids svartnar det for kvar gong, eg høyre heimafrå.

Å nei det dusta ikkje å røra um slikt. Kor eg skulde gjera av skrotten min i joli, ha eg fundert stygt på. Åt Nis Nissen er eg bedt, åt Svane, åt Jens Bek, åt Tyge Hansen, og Kristian Knudsen. Men ikkje ha eg hug til reisa, og ikkje ha eg hug til vera heima, og so tenkte eg, at det går vel som ifjor, då eg gjekk her slong etter gata heile jolekvilde og arga meg både gul og grøn. – So var det i gjårkveld. Eg sat skreiv åt’n mor, og der kom ho Marta Myklebø og ho Anna Sjøvik fjaskande upp på hybeln min og forbannad seg på, eg skulde med åt Fyn “hossen det var og inte var.” Eg sa nok “led os ikke ud i fristelse”, kan [du] vel vita, men dei vilde ikkje høyra noko sligt surmuleri um ve’r og vind og krimsjuke og forlabba engelsk og kva det no var, eg fekk tøygt ut av meg, og so endlyktas’ det med, eg laut segja: “ske din vilje.” Ja so lyt eg vel ukse med då, arme krok, men so skal eg au knipa både K. Knudsen og gamle Tyge i ein ruff. Det er nok ikkje fritt for, eg ottast av, at fynboerne skal fø’a levandes ihel meg i joli men skjit, det er no ingor ku. Det berst avgarde freda’n ved middagsleite, let dei um. Skrivaren vil snart fylgja konun mine – han Ola frå Stevns – åt Sønderjylland, snart vil han åt Vestjylland, so skal han hit og so dit. Rimelegast er det, at han hengjer seg. Det skulde no ikkje undre meg, um han hekk dinglad og stirde i eit reip uti hjå treskomanna, når eg kjem att; for det er eg som har gjet ’om det gudommelege råde’.

– Ja siste breve dit, du, det var no so nær lauken det. Gud velsigne prof. Seippel, so[m] var so glup til å ta seg av dølamålet. Eg vart so glad, eg heldt heilagt og spanderte søteple den kvelden, det breve kom. Sosnart du fær høyra, korleis boki har det inne i hovudsta’e lyt du skriva. Um det berre ikkje skulde dragne lengje førr ho kjem, når “samlaget” blir ved ho, no då dei er forsynte for i år. Men det kan hænde Seippel er gut for å greide det i snøggvenda han.

Det einaste nye eg har å mæla, er, at Bjørnson ha gjesta os ei venda til. Både han og kona var her i tvo dagar. So fortalde han os meir um Gambetta, og siste kvelden var det fest med firstemd song, pianospel, pons og jamvel på sluten dans. Ein grepa kveld var det. Han vart liksom husvand her sist på sjøl kulten, og såg, og fekk grei’e på alt gjorde han, so det kan gjenne hende at turen hans hit, set merkje i arbeidet hans i framti’n. Ja det er altit, han kjem heimåt att no, til å kritle alle kristne politikuser på magen.

– So? Ber han til folka seg til Fedraheimen au no? Me ha tinga’ han i det norske selskap, og tvou nr. kom ti’legt i haust, men sidan har me ikkje fått ein Guds skapte bokstav av han; kor det no kan hengja ihop.

Ja du lyt nøygjast med desse hakkemate no til jul, men kjem eg heilskinda frå denne fynsferdi, so fær du ein bita att straks i di nye åre. Og når eg kjem att, ventar eg eit brev frå deg på ei halv mårk.

Kjærleg helsing åt deg og dine frå

Kristian