Kjeldearkiv:1888-01-04 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1888-01-04 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 4.1.1888
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 36
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 4. 1. 88.

Kjære Kristian!

Gledelegt og godt nytår!!

Så har du vore ute på gjesting i julen livt feitt og godt, gjort kur og havt det huglegt, du da, Kristian. Dæ er nogo anna såleis, som du har havt dæ, enn eg, [...] som har legje heime heile tia, toggje tobak, vore krimsjuk og havt illt i hugue, kjeia meg og vore misnøgd både mæ meg sjøl og alt um meg. Og så slik ustyggjeleg kalde som vi ha over høgste juldagarne! 27º! Ja eg kan ikkje skryte av, at eg har havt dæ morosamt i julen, men dæ bryr eg meg ikkje såmykje um hell, dæ er ikkje for di. Eg trivs best millom omnkjinn og omnjønne og der har eg halde meg og ergo: har eg havt dæ som eg ha vilja. Stillt har dæ vist vore mest alle staer i julen, tierne er slike, at dei døyver og kjøver ne all glæe, all ungdomshug som kan hengje att i folk og dersom vi fekk sjå på prent dei imse jul- og nytårs-”betragtningo” imillom folk dennegongen vilde os ha ein “Jeremia begrædelse”[1], som vilde få håre te å reise seg. Førre jul rauk dæ tvo garbrukare på Sell og den treja var på nippen; no frå den 9de til den 27de er dæ auksjoner over rub og stub hjå alle tri. Og annankvar heng og sløng mæ båe føt utover avgrunnen.

Såleis byrjar dæ nye år heruppe i heimbygden! Kor dæ vil stane veit ingen; vi kan segja, at dæ er berre såvidt styggheita er begjyndt enno, før dæ sluttar – – – nei, læt os ikkje tenkje på dæ, dæ er urå!

Du venta å finne ein dugleg epistel frå meg når du kom att åt Askov, såg eg. Dæ glatt no dæ, da, og under alminnelege umstendugheiter ha du sagte kasta laust mæ banning og styggheit og fordøming ne i svartaste hole så eldmørja har sprennt. Men no leit eg på, at du ve attkomsta var så mild i hugen at du tok alt i den beste meining og både tala og tenkte væl um din næste. For dæ er så rart når ein har vore i slikt fint følgje og livt så godt; dæ er mest som ikkje eiteren og di “onde vædsker” som Holberg tala um, fær nogo leva av og så senar dei burt. Eg har kome ihug deg ofte og tenkt i mit “stille sind som følger”: sjå no du, um ikkje denna [...] brand “erobra” denna kauranakkjen[2], fær ein [...] bråte mæ skjeling mæ henna og kjøper seg ein liten gar ne-i Dannemark, blæs etter heile litaniet og skulmestergrillom og lærdoma og set på, å leva lykkelegt! Kven veit, slike julferer er eit farlegt spel og djevelen var ikkje “vel befestet i sindets stadighed” enno. Men er ulykka skeed, så er alle “fromme betragtninger” av meg te fånytte og da fær du buskape som du kan. Dæ einaste eg be um er, at du fortel meg inderleg væl um den fera og korleis Knutsen har dæ. Eg har vore så uvøren te å svara på breva hans stødt, eg; han har vist halde venskapen mæ meg høgt han, men eg har alder vore go-te å kome i nogo endeframt og upriktogt forholl åt honom, eg veit ikkje korleis dæ kan ha seg. Dæ må vera mi skull.

Frå Seippel har eg enno ingenting høyrt men eg har tekje te, å venta mæ kvar post. Elles har eg som på kjenslom, at dæ går inderleg skjit; du skal sjå, at eg antel lyt te å skrive antel beine, strake Vågemåle eller landsmål. Næste gong du fær brev frå meg lyt fulla knuten vera løyst.

Te dagleg er arbeie mit bokbinding; eg har havt stadugt arbei heile desember og vil ha heile januar og truleg februar au.

Nogo nyt har eg ikkje anna, enn at han “Tåmås”[3] og Bruun og Skard skal koma upover her og gjera “Oftedøler” no i næste vika. Ja er dei slissege nok, som eg tenkjer dei er, så kan dæ nok hende imse, for dæ stik ein bakstrævardjevel og ein klassedjevel i mesteloten av garbrukarom. “Fedraheimen” kjem seg, gut, han er vorte republikaner, kjem ut frå Tynnset og bli reint bonde no på nyåre. Vi bli mange som held han her no, berre for å trasse Oftedølane, som har tenkt seg te, å drepe han. Jau dei er nasjonale dei! – Godt nytår eingong te!

Din

Ivar.

Men fær du brev frå Åsmundstaden nogongong. Kvar er han?

Fotnoter

  1. Jeremiæ Begrædelse, eldre namn på Klagesongane i Det gamle testamentet.
  2. Marta Myklebø.
  3. Thomas Jørstad.