Kjeldearkiv:1888-06-14 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1888-06-14 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 14.6.1888
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 42
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 14. 6. 88.

Kristian!

Såvidt eg minnes har eg alder førr kome på, å vore takksamd imot “forsynê” for di, at det har late det vorte eit lettvinnt samkvem mannamillom gjenom “postvæsenet”, eg har mest som alder kjendt meg uppmanna til di. Men no idag fekk eg augune upp og no er eg full av takk. Kor lettvinnt er det ikkje no for meg, i desse brevê, å få sagt deg, at du er det største kryter og svin og naut og æsel som går i eit par sko, få det i henderne på deg i Seljord til andre helg og så få deg til å skrive under på det og sende meg svare til ei onnor helg. Du skriv ikkje under? Jau, du fær nok “lade dig det gefalde”, skal eg segja deg, for det breve du senda meg nest førre desse siste var skrive i Askov den 19de febr.! Fy!

Så barst det åt Seljord med deg att; ja, det var fulla ikkje det verste som kunde hendt deg, vil eg tru. Det kan vera von til, at du kjem til å rødja deg upp eit “Sveltihel” for framtiden der og kven veit, dei har såmange jentor gåandes reint krokote av gjivtesjuke der i bygden og med pening i haugetal – jagu kunde du snart få rykkt ei av stabelen, du. Å ja, det går alder væl med deg no, det veit eg. No fær du helse alle du treffer frå meg – gløym ikkje å helse på Midtbøen – eg lova dei eit bilæte av meg og det skal dei au få um eg liver ein hunds alder. Margit er fulla vaksen no, seg meg, er ho vorte så væn, som vi sume tier meinte ho skulde bli. Ja, du må for alting ikkje gløyme alt bygdanyt, du kan få tak i, sjøl um det ikkje er ein lort væl.

Her har vi no seint um sia fått somar no eingong au; igjår og idag har vi havt 20º i skuggen og åkeren og grase veks og bjørka og oldren lauvar så ein kan høyre det med øyrom, sevja husera i gronn og furu så det smell som børsskot i borka, elva går stor og stri og bekkjene kjem utover så sveitten renn – dei fær ingor kvild førr dei har partera sjogen i høgden, dei, måta. Kasta ikkje være um no att, så har vi full somar med eingong; sæterreisune har begjynda og på væl ei vikes tid dreg sagte eg upp i Bøneslia au; når du kjem og skal trekkje lod, så finner du meg der, vil eg tru. Kva eg skal gjera isomar? Veit ikkje, kanhende skreppo og kufferte.

“Boka” ja, du spør etter henna. Å dei har no tekje ho til utgjeving no da, men dei er ikkje visse på antel ho kjem iår eller ikkje. Flatklembd bli ho, det kan du forbanne deg på og det er mangeingong eg bli så innvortes full av eiter, når eg tenkjer meg kordanne gamelkarane mine kjem til å sjå ut, at eg er sprikkferug. Prisen for trykkarke ha dei ikkje fastsett i di styresmøte, dei gokjende boka til utgjeving, men Seippel lova meg, at eg skulde sleppe krupe nedum 20 kr. Men kjem eg seinar til å skrive nogo bygdemålsarbeid skal dei ha takk for lage der i garen. Kjem eg sålangt i somar, at eg fær feruge dei “avritsi” eg har gåt “kjedeger” med lengje, så vil eg freiste han Mons Litlere.

Nogo nytt veit eg ikkje anna, enn at Frits Hansen og fruge[1] førre veka var så langt som åt Bjølstad. Det eittes no, at det var for moro skuld han foor, og det kunde hende var sannt. Men så kunde det snart vera for å “skåe” etter kaninøyro au – dei har det vist andsamt dessa skjitkalvane i Gausdal no. “Udi andre måder” er det “status qvo” – alle som har råd med di reiser åt Amerika og dei fleste garbrukare syng på siste verset.

Hels så endeleg Botnen og Hansen og sia alle, som du vonast kan bry seg um det. Og hels deg sjøl, um du idest.

Så set du deg beint ned på enden og skriv svar, og så var det ikkje meir.

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Ingeborg Marie Heftye.