Kjeldearkiv:1888-06-19 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1888-06-19 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 19.6.1888
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 43
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Utgaren 19de juni 1888.

Kjære Iva!

Ja du høyrde sist kor hugustup eg kom på heimvegen. Eg som ha stikka ut ruta på karte: gjenom Jylland, Tyskland, Sverig og Norland, og gud veit, kor mange framande land og tilslut laut snøygast åt Kolding og kjøpe dæksplassbillet åt Kjøpenhamn. Ja so låg vi der og rugga og rulla da eit heilt døgr norafor Fyn og Sjælland i storm og uvær sa’t – – gud bevare deg, kor låk eg va. Då eg høyrde dei sa, vi bøygde n’i Øresund låg eg i ein krok på berre golve – som ei ’an fyllbytte – fram med ein hop saukrytyr, og då tenkte eg som så, at Vorherre vilde nok pymse det til so, at eg ikkje fekk sjå Noreg meir. Men det er so sant, som du so jamt har sagt, at okrut forgå’st ikkje so ratt: eg kom åt Kjøpenhamn og rakna ved meg att vonoms.

Å fortelja alt eg såg i Kjøpenhamn det er no utur botvon det no i ein ruff. (Det er so kokande, steikjande varmt her i dag au, at eg sit her so heit og sveitt og tung, at både tankje og minne ber til svikte meg) Eg veit berre, at so snart eg ha rakna ved meg, so eg kunde gå på di tvo føtom mine, sjingla eg avsta og løyste billet, og “svåbuin” – halvsjuk og halvdansk som eg va – kom eg inn i den norske gjølmingen[1]. Og du, og du, og du! Fuldt av kjendte heimslege greio rundt ikring: bilæte, grautspann, ei haringgjente i voks, knivambo, fjellhytta, styrslea, skji, midnatsoli og framafor alt saman eit skjip med stort kvitt segel og der sto med gullbokstava “ Velkommen til Norge”. Ja gud hjelpe kjende eg ikkje ein tåre i kvar augkrok, det gjorde eg, då eg sto der glåmde; for det gjekk meg liksom Vinje, då han gjekk gjenom æresporten norpå Doverfjelle:[2] eg tenkte, at det var for min skuld alt saman, at det var berre meg og meg einsleg ho galt det innskrifti på segle. Jaggu gjekk vi der og stirde og stirde eg og han Ola Jensen, . . .[3] vi var uppå Thorvaldsens musæum for målbyte skuld, gjekk eg og fjåma meir på snaue veggen held på bilæte, so mæt var eg. – Men som sagt: eg vil ikkje våse mykje um dette “ebne” idag.

Og so den 5te juni du. Du skulde berre set på socialdemokratene då dei stegla seg upp på “Nørre boulevard”. 60 held det va 80 tusen dreiv dei i procession ut av byn med 13 musikkorps og ein hær av faner. Over ein time sto eg eg i sama føtom og såg på, dei gjekk forbi. Seinar va eg i Frederiksberg-hagen der dei liberale tura grundlovsdagen. Der tala Hostrup, Pingel, Harald Holm og Bing. Men i Rosenborg-hagen framfor slottet tura høgre og i ein ’an hage Berg med sine. Det går i Danmark som hjå os, at det veks ut eit parti for kvart år. Ifjor den 5te j. ha dei berre tri.

– Og ein dag gjorde vi ein utanlandstur eg og han Ola: ind i Skåne over Malmö og Lund. Vi ha det grovt løglegt den dagen, men os ha vorte utskjemde på utstillingen, so vi ga os ivi, da vi ha set domkyrkja. –

Så vakker segeltur som det lagdest til åt os uppover Kattegat denne gongen fær eg sagte alder meir. Eg gruva for sama greia att som millom Kolding og Kjøpenh.; men nei det bar ikkje dit åv. Klårver og heilande stilt. Og tett fr[a]m med di svenske kyste segla os kav frå Øresund og heile vegen uppover og var inne i Gøteborg som snøggast.

I Kristiania gjekk os rauka i 3 daga og såg og høyrde på folk slost – for dei gjer ikkje anna i Norges hovedstad no um dagen –. Anten va vi på Kutorgje held i stortingje. Kutorggutane brukte næven, so eg alder ha set maken; men stortingsgutane brukte kjeften so eg held alder ha høyrt maken. Men dei fyrste ha “pultie” over seg på timen, dei siste peiste på og sat like peikne – Jabbe var det reint utokka å stå uppå treve’ der og høyra på, kor goe gamle bussare smurde på einan’. Og forlabba må det vera i politikkje, når statsministrane ber til skjota ihel seg[4] for di skuld. –

Han Pålmo’bro og han Ola kjørde so norover, og eg vestover. I Kongsberg gjekk eg i tvo daga; men lauken var no den dagen eg sleiva umkring uppå åsane der og va ni’ gruvom. Den Saggrendgruva va forsett til arbei det. Det var no vel ikkje langt att til jordens skjød der, veit eg.

– Au, nei det er ret heite djæven til øl dette (ja eg meinte ikkje på drikkande øl; det skal vera tjukk l.) – Ja du lyt setja deg til å gjera noko tjukke r og l du; for det klara seg ikkje Vågemåle med dei bokstavom vi har.

II. 20de

So sleiva eg uppover Mehei’i. Ja da var det fyrst, det kom for meg, at eg var i Noreg att. Å, jøss! det var no eit lite himerik der måta: sætre, gjætare med næverlu’e, fiskevaten, bjøllkjyr, kvite fjellpiggar langt nordi og mangt anna ruskeri som høyre med til mine himerik. – Uppigjenom Hitterdal og Hjartdal var det likso vakkert land, som det var stygt folk. So mange stygge, oskegråe, skrukkute gamle gjento på 20 år ha eg alder set. Og det kjem seg no vel tå di skrøplege ofanslege dragten. Slik klæbuna skuld vera banlyst både blandt kristne og jøder og – – kanskje hedninger med. Men – la os berre vare kjæften vår; for det er “nasjonalt” si’ han Jørund Telnes. Men klæ’in og tobaken har brennande dø skulde. Eg såg mange smellferske, unge kjeringo sat og ga veslun pappe og røykte sterk skråtobak ’tå eit stutt pipe.

Langt norum kyrkja gjekk eg fyrste dagen, og fekk tilsist husvære i ein kvitmåla bygna; men brennande dø for ei natsto! Det såg no au so hymsje ut, at eg kjende, det krakte og beit, berre eg tenkte på å liggje. Sengje torde eg ikkje fåstast ved for nokon pris; eg tok sko og hat av meg, sette ihop tri stole, og soleis hangla eg notte over. – Å det er au eit slabbelugumt folkefær i desse strøkom. So hymsje offentleg stasjon som uppi Sauland, ha eg alder set. Det var då sovidt eg torde halla meg på sengje der; men då eg kjøpte meg mat og ungkjeringe skulde renna ne’ ei kolle, stakk ho gud forsyne meg neven nedmed breiddi for å bægja rjummen og mea’ sto ho smatta på ei tobakpipe so oska gauv neover mjølkje.

No kjem eg frampå rese’ ogo Flatdal – og so er eg kjendtmann med ein ruff. Sjå der står Skorve, og der er Lifjelle’ – ja det ser mykje liklegar ut no held den gongen du veit –. Der nedpå sletten ligg kyrkja og der den raumåla gar’en, der vi var inne for tri år sia og kjøpte stor middag (gysa, gysa) – jamen gjekk eg maula på ei avråe bøn au då eg gjekk forbi der. Og som eg so for over brui nedved Seljorskyrkja, so låg ein abrikjeleg stor “gvit” bygna burti bakka. Det skuld nok vera der, det var stor gallaforestilling her eit åre’. Ja han rann so klårt for meg den kvelden, at eg tyktest sjå og høyre skjelegt alt saman.

No var eg i Seljor; og so bar det til med å helsa på gamle kjenningar. Ja det var laurdan det, eg kom hit. Bur på Utgaren bak Sundbø. Men sundan va eg på Midtbøn. Det var slet ikkje likt seg der, når ikkje flattake huska upp og ne’ held eg og Berre dansa springar i finsko; men best kom han for meg, den morgon eg og Svane kjørde ut av garen. Gamla[5] låg låk, ho Gunhild[6] var reist, han Jørn banna og balerte like morskt burti skåla, men ho Margit va “sluppe fram” og va vorte ei gjente so stor og vakker, at eg – – å ja det dusta ikkje å segja meir måta.

So kan eg setja attåt, at Kristian Hansen har kjøpt heile kråmkista hans vesle Sørensen og svelta no mest livandes ihel dei tri andre storkræmarne. […] – Og so veit eg ikkje meir å fortelja herfrå.

– Meiningje mi førr var å bli her berre ein liten måna til 20de juli, då det er loddtrekkjing[7] heime, men månda’n var det sessjon her og eg dreiv med å trekte, so no er eg frikar og då er det over, eg blir heile turen ut. – Å det blir no sagte ikkje so feite greio so lengje Ullmann blir burte frå skula. Det er berre Botnen og ein vestlenning Lars Eskeland. Um Sundbø skal segja noko, veit eg ikkje. –

Korleis står det til med “Gamle daga” no – du skal skrive din brande! – Botnen trur, at det likaste var å freiste han Mons Litleré i Bergen, han; – so kunde du no då sleppe vele meir på ho, held du sjøl fann rimelegt. – Jau han er grovt hækje på målbøk han Mons. – Ja det er berre ein liten munnsmak av reisene mine dette, skulde lestso vera; men det vart eit lunkje brev, ligervis som eg sjøl er, – å når det er så disperat heitt at tankjin bråna og fordampa på vegje millom skolte og penne so er det ikkje likare vente, – ja for hybelen min er ende uppover kjøkne og midt imot middagssolen, ser du, – men når flokken ha samlast og skulen er vel igang so skriv eg att. –

Tusen helsingo åt deg og dine frå ’om

Kristian.

Fær eg ikkje brev frå deg inna tri solmerkje så jaggu velta eg ne’ bedehuse’. Og so blir den hellig-ånd husvild berre for dine skuld.

Ka trur du, det vil flaske seg med valgje heime?

X.

Fotnoter

  1. Den Nordiske Industri-, Landbrugs- og Kunst-Udstilling i Kjøbenhavn 1888, oftast omtala som Den (store) nordiske Udstilling.
  2. Skildra i Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Æresporten var reist for kong Karl 15. på veg til kroning i Trondheim. Porten stod på grensa mellom Oppland og Sør-Trøndelag og hadde teksten "Velkommen til Thrøndelagen". Vinje meinte han sjølv var den første som passerte der.
  3. To eller tre uleselege ord.
  4. Den norske statsministeren i Stockholm, Ole Richter, skaut seg 15. juni. Mange meinte at Bjørnson hadde skuld i ulukka.
  5. Gunhild Midtbøen.
  6. Feil for Guro.
  7. Verneplikta gjaldt menn frå landsbygda, men kven som skulle inn, vart avgjort ved loddtrekking sidan ikkje heile kullet trong å møte.