Kjeldearkiv:1886-03-18 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1886-03-18 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 18.3.1886
Stad: Kristiania
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 6
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet Vågå
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kristiania 18-3. 86.

Min kjære ven!

I dag er det 6te dagen eg og Knudsen er i Kristiania og da me reiser med trænet imorgon tidleg lyt eg skriva nokre ord og gjeva deg eit ørlite utdrag av det, som eg har upplivt den seinste veka. Me reiste frå Seljord den 10 i strålande solskin og klårkalde; bygdi låg so ljos, fager og smilande, at me kjende oss hugsjuke ved å ta avsked med hennar. Bjønn Midbøen var med som skjydskar og me hadde ei overlag hugleg reise gjenom Flatdal, Hjartdal, Hitterdal og Sauland – strålande solskin heile vegen! Kl. 2 den 11te kom me til Kongsberg og sama dagen var me stad og såg på våbenfabrikka. Eg gjekk att og fram millom Herodes og Pilatus for å få lov til å sjå på arbeidet: fyrst var eg hjå rustmesteren, så hjå løitnanten, så til direktøren,[1] og, då han ikkje var tilsteds, så til løitnanten att og då fekk me endeleg atgang. Ja, her var nok å sjå! Tvo avråe store bygninger, med tvo høgder og alle rum fulle av maskinur og folk – kvar stod ved si maskine og arbeidde på kvar sin ting, for her var arbeidet sund-delt, kan du tru! Hjul og reimskivor, reimer og toghjul, surr og sus, slag og dask i kvar ei krå og kvar du snudde deg av, so du kunde bli reint hovudtullot! – Det fyrste hovudinntrykket du fækk var det, at det er gruelegt korlangt kunsti er komen! Det andre var, at det lyt vera lett å arbeide, når ein har slike reidskaper, som gjerer all ting so sikkert, som um det var sætt på med fingeren; det var maskinor som skar, karva, høvla bora jarn så fint og lett som um det hadde voret oldre. Ei maskine dreia geværkolvarne ein og ein framum kroken på skjæftet; når det var gjort lagde dei ihop tvo og dreiad dei færug heilt fram! Det 3dja hovudinntrykket som trøngde seg inn på deg var: Gud fri oss! kva kan alle desse stålmaskinona koste?! Heile greia går med vatten og dei har drivet det til å arbeide i fullfærug stand, av råemne, ei Jarmanns rifle[2] på 15 timer! 300 stykkjer for månaden! Men so er dei 150 arbeidarar som no fortidi ikkje gjerer annat, enn å arbeider Jarmanns gevær.

Me var over på Kongsberg den 12 og gjorde ein tur til sylvverket. Ved “Armens Grube”, som er den djupaste, fekk me oss ein førar, ei dragt til å ha uttanpå vor eigjen og med føraren føre med ei bergmannslampe i handi barst det då fyrst umlag ein halv fjorung ende inn gjenom berge. Solengje det gjekk beint inn var gangen golvat og “skinnelagd” og me møtte alt som jamnan hester med vogner fyldte av malm. So bar det nedetter: den eine stigen på 20 lange steg etter den andre! Føraren var vann ved dette han, og me laut vera snarpe for å fylgje. Endeleg hadde me gått 23 stegalængder ned, gjenom store og småe kvølvar av alle moglege skap, etter som sylvåri hadde sløngt seg og for dei “skuelystne” skuld hadde dei ein stad sett att nokre gedigne sylvklumpar i botnen på ein “stoll” som gjekk inn frå hovudgangen; det blenkte so på det, du! Då me gjekk ned i gruva viste ein av arbeidsformænnom oss noko rikholdig sylverts som nettup var utbroten; sylvet låg som fine tråder i steinen, blankt og reint og greinot som nervor i kjøt; nokre større gedigne klumpar, dei nettup hadde funnet, synte han oss ogso. Ja, me var altso komne 23 stegalængder ned og me var heite i skallen. “Vil dykk lenger ned?” spurde føraren. “Kor langt er det att til botnen?” spurde eg. “39 stegalængder, for denne gruva er 72 stegalængder til botnen; det kvittar meg um eg er med ned, men det er ikkje annat å sjå, enn det dykk alt har sett”. 39! Nei, me venda! So bar det upp atter, men då laut me kvile på halvvegen elles hadde me sprukkje levandes sund, eg og Knutsen. Turen var forvitnelegt men det låg som ein utokkje over alt her, noko jutullugumt, eller dverglugumt, kva eg skal kalle det, og eg fækk det inntrykket, at det laut vera eit tungt, uhuglegt, stuslegt arbeid å vera bergmann!

Kl. 7 den 13de rullad me avstad med banen og kom til Kristiania kl 1. fækk oss husrom hjå Knudsson[3] og sidan har me gjenget her og slongjet att og fram, att og fram. Sama kvellen me kom var me i teatret og såg eit stykkje; (tvo småstykkje var det) “På Knæ”[4] og “Når Damer føre Krig”[5], det fyrste norsk det andre fransk. Stykkje var morosamde, men det var igrunnen berre moro, det var ikkje noko djupare i dei som gav noko utbytte. Ein kvell var me på cirkus “Schuman”[6] som no ligg her og dreg heile Kristiania åt seg. Å ja, det var mykje rart å sjå alle dei upptamde heste, og dei akrobatiske konststykkjer med dans på hesteryggen, på line og Gud veit kvat det var alt, somt såg no ut til å vera over menneskjeleg evne au! – men det ligg no mest som noko tokut, noko kaldt, noko unyttugt over den slags konst og eg har ikkje havt hug vidar til å gått dit fleire gongor. Ein kvell var me i Tivoli og der upstod det sangerindor m.m. Ei “lav”, “slet” kunst! Eg kunde havt hug til, å spytta på heile greia og på publikum og dermed meg sjøl, med! Den 16de spelte Kristiania teater “Det nye system” av Bjørnson og då veit du eg var der! Å nei, for eit ypperlegt stykkje og kor ypperlegt godt dei spellte. Frk. Bruun som spilte Karens rolle skal eg alder gløyme – ho hugtok meg – so sann, so rein so ædel! Det gjekk klårt upp for meg då kor stort det er, å vera skuespellar; Joh. Bruun spelte Kampe den ældres rolle – utifrå morosamt! Gundersen likeso utmerkt generaldirektøren og likeso Reimers koldirektøren. Den, som eg likte mindst var hr. Hammer, som spelte Hans Kampe; han var vist naturleg og gjorde sit godt, men han var so kald. Å slik strålande dekoration – eit sjølandskap so ypperleg vakkert! Bjørnson er framleides seneinstruktør[7] her og reiser ikkje frå teatret. Ikvell spelas det tvo småstykkjer (morskapst.) og då veit du me lyt vera der til avsked. På stortingsgalleriet har eg voret 4 gongor, men det har hittil ikkje voret nokor stor sak uppe; likevæl har eg no fåt høirt Sverdrup, Astrup, Stang, Sørensen og dei dygtugaste bonderepræsentanter – det er godt å sjå desse stærke mænner nede i salen, det er som du såg blodårerne i det norske samfundslivet. På nationalgalleriet, det etnografiske, sologiske og arkæologiske museum har me og voret; 2 gongor har eg voret upp i universitetsbibl. og lånt bøker og no har eg ei heil bok med notater! Jægers bok har eg ikkje voret godtil å fått fatt i; heller ikkje Rydbergs; men du kan, um du vil, få lånt mi. – På grunn av isgreia, som ei tid stoppad postgangen med Danmark har eg no ikkje havt brev frå deg på over 1 månad – truleg treffer eg nokre heime når eg kjem der. Reiser um Gausdal som snarast. Ja, no fær du ikkje meir – fær rekne dette, som notat – skal ut og upp i Velhavens gate 13 og ta avsked med Blekastad, gjera upp ved Knudsen, pakke ned, gå i teatret! Er det noko, eg har voret inne på, du vil ha meg til, å skriva meir um skal eg gjera det med hugnad når eg kjem heim. Fotograferte meg igjår! Mange hundre helsingor frå meg og Knutsen både åt deg og Svane! Tusen frå meg åt deg da, tilslut!

Din

Ivar Kleiven

I firsprang!

Fotnoter

  1. Rustmeister Anton Rasmussen, kontrolloffiser Max Theodor Lund og direktør Ole Krag. Dei utgjorde leiargruppa på våpenfabrikken. Krag var son til presten Hans Peter Schnitler Krag i Vågå.
  2. Rifla har namn etter konstruktøren Jacob Jarmann.
  3. Iver Knudsen, frå Kvam.
  4. Dramatisk spøk av Didrik Grønvold.
  5. Lystspel (1851) av Eugène Scribe og Ernest Legouvé, omsett til dansk (1852) av Poul Chievitz.
  6. Etablert av tyskaren Albert Schumann.
  7. Bjørn Bjørnson, son til diktaren Bjørnstjerne Bjørnson.