Kjeldearkiv:1890-03-02 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1890-03-02 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 2.3.1890
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 66
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 2/3. 90.

Skule!

Da eg imorgo har von um, å treffe morbror din, lyt eg, med det sama eg sendar “Otdølen” no. 2, sende deg nokre ord og segja deg og Øystein stor takk for hjelpa, eg fekk frå døkk, åt dette siste nomre! [...]

Innlagt følgjer eit sagabrot frå Åsmundstaden, som eg fekk i jultiom, men som eg har gløymt til no; held han ikkje på å kjem seg tru?

Um fjellteen har enno ikkje videnskapen sagt nogo og Frølich er ikkje huga til, å skunde på slike kare som Schübeler, Smelch og kva dei heiter. Som “nydelsesmiddel” trur han ikkje teen vil gjera lykke derinne, mindre eg kan finne upp andre fjellplantor å blande han upp med. Bed meg elles um ikkje å gjeva upp spekendasen. Men no held eg elles på å “skå” gjera [...] til varp med næverrandselen min! Han vekkte grovt til uppsikt inne i bystugun; Frølich har med eingong meldt han inn åt husflitsutstillinga dei skal ha isomar[1] og byd meg til, at han vil skaffe meg 100 kronor til å setja igang ein næverindustri. Så held eg og Iver på å arbeier på ein randsel (næver) “in miniatur”, som vi vil sende som prøve åt Borgen – og såleis går alt ut på næver og bork med oss no.

Og um eit par dagar, veit du, reiser eg og Pål som dei fyrste lagrettemenn frå bygden – gud veit kormange hundre år sia bygda senda nogon! Skulde endeleg treffe oss au, som korkje er “velsindede, intelligente” eller har nogo i pungen!

Let eg så sjå, at det ligg eit brev frå deg heime, når eg kjem att og eit langt inserat åt “Otdølen” både frå deg og Øystein! Så fær du helse i Hovda og leva væl!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Foreininga Norsk Husflids Venner arrangerte ei stor husflidsutstilling i Tivoli i Kristiania frå søndag 1. juni til tysdag 15. juli 1890.