Kjeldearkiv:1890-03-22 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1890-03-22 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 22.3.1890
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 67
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

22/3. 90.

Vælvørde umsetjar!

Det er da som [...] kor flittug du er – eg, som ingenting fær gjort, kan få reint svartsjuka av å høyre, kor mykje du har klembt åt med! Ja berre driv på!! Alt, som kan syne verda, at austlande er til og har eit mål som er både rikt og vakkert, er kjærkome og vælkome og vil lite um senn få målhugen upp her au. Og desse sagorne, du held på med, skal eg våge er nogo av det lugumaste ein kunde ta til med. – Boka mi kan eg no, etter det svare eg eindagen fekk truga utur Seippel, vente kjem åt meg til den siste retting av rettskrivinga, med det fyrste. Dei hadde i haust etla seg til å fått ho ferug til prentings til jul – men det går i snigelgong alt med deim derinne.

Du bed meg koma uppi Heiddalen du, likesom det skulde vera nogo eg rådde for, men neiggu um eg veit, antel eg fær råd med å koma dit førr på berr mark! Sia eg kom att frå Gjøvik har eg vore med i overligningskommisjon i 2 utlange dagar – laurdag skal eg som komitemedlem vera med å arbeie ut innstilling åt skulestyre um kredsreguleringa – så bli det møte i skulestyre att og likeså i herredsstyre føre våronna. Bokbinding har eg att ein heil [...] bråte av, så lyt eg “avendeslut” få iverk ein “næverindustri” som eg har god von um, at eg kan få ut nogo av. Men verre enn alt bli det med denne [...] “Otdølen”, som ingen vil vørde, ser det ut til; no skulde det vore færugt eit numer um det så hadde vore i denne dag og eg har ikkje ein einaste bokstav skriven.

Kom med kva du vil av det du reiknar upp! Lat eg få: ei fjellfærd frå Kongsberg åt Seljord åt aprilnumret! Sikkert!

Ja no er det ein heil haug eg skulde skrive um, men eg er så forrgådd av krim, at eg har ingor råd med det – fær eg ein time tilovers skal du få lite meir med det fyrste.

Helsing og hels i huse!

Ivar.